Haustsøndag

IMG_4990

Draumesøndagar har god tid til alt mogeleg frå å lese på senga, tur ut, litt strikking, god mat og kjekke ting. I dag vart det plass til mykje av det. Mellom anna fekk vi lufta oss litt og plukka sopp. Sjå korleis kantarellane passar til dagens strikketøy.

Sjalet er nummer fire frå sjalklubben. Det går sakte men sikkert framover. Patentstrikk med to fargar, felling og auking er noko heilt nytt, så eg må tenke meg litt om for kvar rad. Patentstrikk har eg eigentleg aldri heilt funne ut av, men etter dette sjalet trur eg eg har skjønt poenget. Må prøve noko enklare etterpå.

sondagskaffiOgså eit haustboktips på slutten. Synnøve Macody Lund si debutbok Personar du kanskje kjenner er heilt ny og har fått mykje mediemerksemd denne helga. Når eg hadde lest meg gjennom dei fyrste sidene og fått med meg alle karakterane vart eg sugd inn i historiene…og er der framleis. Eg vert dratt litt mellom å lese alt fort og å spare leseopplevinga litt.

0
0

Meir sjal-garn

IMG_4536

Sjalklubb-abonnement er framleis ei fantastisk julegåve. Sjølv om eg berre er ferdig med eitt av sjala hittil…

I dag kom garnpakke nummer fire og på fredag kjem mønsteret. Eg er spent. Dette vert eit skikkeleg haustsjal, ser det ut for. Denne veka er eg i full gang etter ferien og det kjennest bra ut. Hausten kan berre kome med lange klare kveldar, bær og sopp i skogen og fine fargar. Eg gler meg og håper dette kan bli varmt og godt i haust – om eg rekk å strikke det.

Garnet er Titus – ei blanding av 30 % britisk alpakka, 20 % bluefaced leicester og 50 % wensleydale longwool. Garnet vert produsert i Yorkshire av baa ram ewe. Eg har ikkje prøvd garn herifrå eller frå dei til langhåra rasene før, så det vert spennande.

Fargane er sjølvsagt også spesielle. Ein tredel av det gule garnet vart levert til farging hos Eden cottage yarns, som farga oransj over det gule. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men du ser det gule gjennom. No gler eg meg til å sjå korleis Ysolda har blanda desse to fargane i mønsteret.

…må berre strikke ferdig den der jakka fyrst…

1
1