Mi eiga Shetlands-jakke

DSC_0056

Sjølv når ein strikkar bol og ermer på strikkemaskin er det mykje arbeid på ei tynn jakke i Shetlandsull, men denne jakka var verdt å vente på. Modellen er Cockatoo Brae av Kate Davies og strikka i 2ply Jumper Weight frå Jamieson og Smith. Ull frå ekte shetlandsull. Garnet er litt tynnare enn finull frå Rauma, men vert strikka på omtrent same strikkefastheit.

Cockatoo brae-jakke

På Shetland er det vanleg å strikke bol og ermer på strikkemaskin fyrst og så fullføre for hand, men det har eg aldri prøvd før. Det var eit eksperiment, og det store spørsmålet vart difor om overgangen mellom maskin- og handstrikk vart synleg. Ser du noko?

Coockatoo Brae-mønsteret frå boka Yokes er skrive med instruksar for kombinert maskin- og handstrikk, og eg kjøpte orginalgarnet slik at eg slapp å gjere tilpassingar. På mirakuløst vis har eg fiksa overgangen utan at den er synleg. Spørs om det var flaks.

Sjølv med store delar maskinstrikk tok det tid å strikke ferdig jakka, men eg er supernøgd og har brukt den kontinuerleg dei siste dagane. Den tynne shetlandsulla er god å ha på og varmar akkurat passe. Det blir nok eit maskinstrikka prosjekt til, men utan mønster slik at det meste kan strikkast på maskin.

DSC_0049

Eg plukka mine eigne fargar til jakka. Mørk grå jakke med sterke fargar med litt haust i. Eg bestilte rikeleg med fargar for å ha litt å velge i, men forkasta alt det gule og blå ganske raskt.

Knappar synest eg alltid er vanskeleg. PÅ denne jakka ville eg ha noko diskret som ikkje tok merksemd frå mønsteret. I eg øskje kjøpt på opphøyrsal ein gong fann eg akkurat det eg ville ha. Enkle svarte.

DSC_0260

0
7

Meir sjal-garn

IMG_4536

Sjalklubb-abonnement er framleis ei fantastisk julegåve. Sjølv om eg berre er ferdig med eitt av sjala hittil…

I dag kom garnpakke nummer fire og på fredag kjem mønsteret. Eg er spent. Dette vert eit skikkeleg haustsjal, ser det ut for. Denne veka er eg i full gang etter ferien og det kjennest bra ut. Hausten kan berre kome med lange klare kveldar, bær og sopp i skogen og fine fargar. Eg gler meg og håper dette kan bli varmt og godt i haust – om eg rekk å strikke det.

Garnet er Titus – ei blanding av 30 % britisk alpakka, 20 % bluefaced leicester og 50 % wensleydale longwool. Garnet vert produsert i Yorkshire av baa ram ewe. Eg har ikkje prøvd garn herifrå eller frå dei til langhåra rasene før, så det vert spennande.

Fargane er sjølvsagt også spesielle. Ein tredel av det gule garnet vart levert til farging hos Eden cottage yarns, som farga oransj over det gule. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men du ser det gule gjennom. No gler eg meg til å sjå korleis Ysolda har blanda desse to fargane i mønsteret.

…må berre strikke ferdig den der jakka fyrst…

1
1

Hybridstrikking

IMG_4495

Ny strikkemaskintest – denne gongen med skikkeleg garn frå Shetland.

På Shetland har det vore strikka lassevis med strikkajakker der bol og ermer vart strikka einsfarga på maskin og berestykket med mønster. Kate Davies har laga eit mønster som er strikka slik i Yokes-boka, så no har eg samla mot til å prøve denne forlokkande måten å lage seg ei ny jakke.

Kan de gå raskare? Eg må innrømme at einsfarga glattstrikk er noko av det kjedelegaste eg veit å strikke. Dersom dette går bra kan eg sjå for meg mange spennande prosjekt.

Eg strikkar Cockatoo Brae. Har laga alle maskindelane og samla dei på felles rundpinne. Allereie no ser eg at det vert litt meir montering enn vanleg, men det skal gå bra. Sjølve maskinstrikkinga gjekk veldig fint. Eg var svært spent på kor godt overgangen mellom maksinstrikk og handstrikk ville vise, men det ser førebels veldig bra ut. Neste spenningspunkt er om strikkefastheita stemmer eller om jakka vert alt for stor eller lita.

Følg med…

3
0