1. oktober 2015
In
Strikking, Ymse

I dag er dagen. Det er ti år sidan eg på impuls kl 22.12 starta opp ein strikkeblogg (med ein hekla frosk). Det tok tre minutt, og var eit innfall for å teste ut eit nytt medium. Det alle fyrste innlegget ligg framleis her.
Internettet var annleis då. Det var før blogg.no, det var før Facebook, det var før Ravelry og Instagram. Mobilen min var ein fancy smarttelefon (Nokia 6630) på superraskt 3G-nett, og eg hadde akkurat oppdaga ei ny verd. Ei verd full av strikke- og handarbeidsbloggar. Inspirasjon, oppskrifter, nytt garn og kjekke alongar og swapar. Spennande for nokon som stortsett hadde lese garnprodusentane sine katalogar og farmor sine vekeblad.
Mykje har skjedd i medieverda desse ti åra, men bloggen min har fått vere med. Livet har også endra seg. Frå å ha ein femåring og ein på nesten to har eg no to store ungar. Vi har flytta frå Oslo-sentrum til eit gardsbruk i Nordfjord. Blogginga har vore litt av og på, og bloggen mange gongar nesten nedlagt, men den skal få bli med vidare. Den dokumenterer strikkelivet mitt, og når eg ser bakover er det utruleg kjekt å ha alle desse innlegga.

Bursdagsgåva til bloggen er eige domene og eige design. Med god hjelp frå Hjartesmil-Mariell der nesten alt det gamle innhaldet flytta over på www.magfly.no. Tusen takk, Mariell, det var godt å kome i eige hus.
Bursdagsgåva til lesarane er ti innlegg med klipp frå arkivet og anna moro. Kva har eg laga? Korleis har strikkeverda utvikla seg? Nye og gamle favorittbloggar. Favorittoppskrifter og andre ting.
Også vert det i god, gamal blogglandtradisjon gåver. Eg gir bort nokre strikkebokpremiar eg har fått frå Samlaget, litt garn og noko eg har laga heil sjølv. Premiane vert trekt mellom dei som har kommentert på bloggen fram til siste blogginnlegg 15. oktober. Det er kjekt om de blir med på denne reisa.
Fyrste klipp er frå oktober 2005 (trykk på lenka for å lese innlegget). Løven er veslebroren til Ingebjørg sin løve, og kom til ein god heim hos Håvard i Bergen. Den er laga av garnrestar og etter eige mønster.