Strikkekrise!

Ein kjapp tur til Oslo, med fleire møter og litt dautid, krev planlegging av veskeinnhaldet. Datamaskin, dei rette papira, kablar, lommebok og ikkje minst strikketøy.

Denne gongen ser det ut for at eg har tabba meg ut. Eg skulle strikka 12 cm hals, men før flytoget kom fram til Oslo S var det minst 10 cm. Kva gjer eg no? Sparar resten til flyet heim? Strikkar noko anna frå andre enden av nøstet? Kjøper nytt?

Halsen er starten på ein rundstrikka ullkjole til Ingebjørg. Garn og pinnar til mønster i tre fargar var for mykje i veska i dag, så svaret gir seg vel sjølv.

– blogga på farten.

0
0

Rosevottar – godt for sjela

Det har vore stilt på bloggen ei stund, og eg har eigentleg kjent meg litt stille innvendig sidan 22. juli.

Sjølv om eg ikkje er direkte råka av hendingane i Oslo og på Utøya traff han litt av meg òg. I Oslo var det litt av mine gater, dei eg gjekk i kvar dag då vi budde der, som vart sprengt, og på Utøya råka han noko av de viktigaste eg veit. Ungdom som engasjerer seg, lærer å delta i samfunnet vårt, blir kjent med andre og har det kjekt med noko dei brenn for. Mange har hatt det verre dei siste vekene, og eg er litt overraska over kor djupt det stakk hos meg òg.

Når det er litt stilt på innsida passar det godt å strikke kvite vottar. Rosene var sjølvsagte.

Vottane skulle berre vere med på fjelltur for å bli fotografert i flotte omgjevnader. Det var likevel godt å ha dei når det bles og regna på toppen. Sola kika ut mellom skyene fram akkurat dei minutta etter at vi kom på toppen og kameraet var framme.

0
0

Voff, voff 2

Sist eg sydde hund var eg så fornøgd at eg ikkje har tort å prøve på nytt…før no. Det gjekk sånn passe bra, så no har eg ein ide om korleis eg skal forbetre modellen, og kanskje utvide til fleire artar.

Augene er sikkereheitsauge bestilt på Etsy og fungerer godt i både sydde, strikka og hekla kosedyr.

Her her han i lag med stoebroren frå 2006. Han har vore med på mykje og kan sikkert fortelje litt av kvart om kosedyrlivet på rommet til Iver.

0
0

Nissen på lasset

Dei som har fulgt med her ei stund veit at eg likar å strikke bittesmå ting, og Mochimochi Land er ein av stadane eg sveipar innom på nettet når eg treng litt inspirasjon og glede i kvardagen. I går hadde Anna lagt ut eit lite tips eg ikkje kunne oversjå: Strikka gnom-ring. Utruleg søt og veldig enkel å få til.

Etter å ha brukt den på jobb ein heil dag er erfaringa at nissen sit heilt i ro på fingeren og kikar på at eg jobbar.

Gnom-nissen passa spesielt godt til den nye kjolen min. Mjuk og god sommarkjole å svinse rundt i og late som at det er varmare enn det er. Denne gongen prøvde eg eit nytt mønster, og kjolen vart alt for vid oppe på fyrste forsøk. Etter ombygginga passar den sånn omtrent og er ein ny favoritt. Det er utruleg kjekt med overlock-maskin sånn at eg kan sy i mjuke stretch-stoff.

0
0

Sjølv Harry Potter brukar støvlar

Det handlar i stor grad om Harry Potter for Iver om dagen. Dersom han ikkje leikar, les bøkene eller ser film tenkjer han på trollmannsverda. Det er mykje å lure på når ein ikkje har kome lenger enn til bok tre. Mykje meir enn det mamma og pappa kan svare på sjølv om dei har lese alle bøkene. Heldigvis har vi Harry Potter-wiki. Han kan t.d lure på: «Viss professor McSnurp får barn mens hun er ein animagus? Blir det kattungar då?»

Nei, sei det…

Det er heldigvis fleire som deler Harry-interessa, så i dag har eg sydd kapper til nabogutane òg. Dei måtte prøvast både ute og inne. Eg synest det er litt morosamt at det fyrste dei to som overnatta hos oss gjorde i dag tidleg var å be om hjelp til å knyte slipset.

Kappene er klipt i svart fleece og sydd saman etter mal frå ein hettegenser. Griffing-merka er faktisk bestilt heilt frå Harry Potter-verda i Orlando, og Iver måtte ofre vekeløna nokre veker for å få det. Han har også fått seg Griffing-veske og ein slags Hedvig. Stor stas!

Hedvig er ikkje heilt vellukka i mine auge, men gutane eg godt nøgde og ho har allereie levert mykje post.

0
0

Vår i beina

Det var opphold mellom regnbygene i dag, og heile familien fekk seg ein sykkeltur på begge sider av elva.

Det er ekstra kjekt å vere sju år, ha vår i beina og sykle fremst gjennom bestefar sin skog.

Ha ei fin veke alle samen!

0
0

Kakeblogger?

Ingen planar om utstrakt kakeblogging, men akkurat denne var eg godt nøgd med – og ikkje minst fekk eg ein ide det er verdt å dele.

Kaka i seg sjølv er ikkje hokus pokus. Mørk amerikansk sjokoladekake, fluffy sjokoladesmørkrem (smør, melis, eggeplomme og sjokolade), kjøkenmaskin og sprøytepose.

Den morosame ideen er mini-roseoppsatsen. Eg tok ein liten telysestake i glas, vaska den og fylte den med oasis og roser. For å få plass til rosene på kaka grov eg ut litt kake med ei skei og trukte telysestaken oppi. Det ser mykje meir imponerand ut enn det er, og det er litt artig å levere kake med ekte roser til ein konfirmasjon.

0
0

Gratulerer med dagen før dagen!

17. mai-innlegget er klart, så kan eg i alle fall late som at vi har kontroll i heimen.

To uniformer, ein heil bunad, ein halv bunad og ein dress i reserve skal nok pynte oss bra på grunnlovsdagen.

Den halve bunaden er vesten til Iver, som held i år òg. Det er ganske inponerande sidan han fekk den då vi gifta oss for fem år sidan. Då var han 2 og eit halvt år. Han får svart dressbukse til og var godt nøgd med det.

No skal vi berre fikse resten, også vert det 17. mai uansett. Ha ein strålande dag alle saman!

0
0

Trollmann i familien

Sidan eg har ein son som lever omtrent halve livet i trollmannsverda måtte eg berre stille opp og ordne garderoben. Eg har ikkje tilgang til Diagonallmenningen, så vi måtte greie oss med det vi hadde i heimen.

  • Svart bukse
  • Kvit skjorte
  • Burgunder slips (skulle hatt gule striper, men godtatt under tvil)
  • Grå v-genser (skulle også hatt striper i Griffing-fargar…)
  • Pappa sitt Harry Potter-skjerf
  • Ny kappe sydd av nokre meter svart fleece
  • Tryllestav som er spikka av nøye utvald pinne og lakka svart.
  • Ein sopelime som låg att frå Haloween

Det vart ganske bra. Nokon som har eit par briller liggande?

Eg trur til og med eg kan få han med meg til frisøren om eg lokkar med Harry Potter-sveis.

«Det blir vel for mye å farge håret mitt svart, mamma?»

0
0

Hels på Basse

Basse var eigentleg ein 2-3 år gamal UFO, men fekk vere med på påskeferie. Der kom armar og bein på plass og etter nokre forsøk fann eg eit hyggeleg ansikt òg. Bamsen er hekla i økologisk ull frå Marks & Kattens. Eit garn i fine fargar og god hold, så det passar godt til å hekle figurar med.

Den finaste niesa var også på påskeferie, så bamsen lurte veldig på om ho ville bli ven med han. Det ville ho, og tur i lag med Basse og ein stor og trygg fetter var kjempekjekt.

0
0