Valkyss

I morgon er valdagen her, og i år er det litt spesielt her i heimen. Alfred står på valg, og må nok rekne med å kome inn i kommunestyret. Eg kunne ha sagt mykje om at alle bør stemme på han og slikt, men det greier han heilt fint sjølv.

Mitt valkampbidrag har vore å lære ordførarkandidaten å bake marengs. Ser veldig imponerande ut, men det einaste du treng er eggekvite, sukker og tolmod. Oppskrifta ligg her.

 Uansett kor mykje marengs, muffins, roser og valflesk politikarane sleng kring seg før valdagen er det ikkje det som tel. Det som tel er det engasjementet alle desse politikarane legg ned fordi dei bryr seg om det samfunnet vi lever i. Det er ingen av dei som ventar å få betalt i kroner og ører for alle dei timane dei legg ned, men dei har alle eit brennande ønskje om å gjere ein skilnad og gjere ting betre for oss andre.

Politikk handlar ikkje berre om å krangle, kutte, kreve eller klage. I alle kommunar og alle lokalsamfunn handlar politikk om å bli einige om dei beste løysingane. Og ofte handlar det om prioritering, og dei prioriteringane kan vere svært vanskelege når ressursane ikkje er like store som ønskjelista. Politikarane arbeider med sakene i fleire ledd, diskuterer og tenkjer før demokratiet let fleirtalet bestemme. Eit kommunestyre har mange medlemar, skal spegle kommunen dei bur i, og er like viktige alle saman. Sjølv om nokre tilhøyrer store og andre små parti, er dei ein del av den politiske prosessen.

Eg er imponert og takksam over dei som gjer denne jobben for oss andre i årevis. Iver Nordseth på Smøla har t.d. vore ordførar i 20 år før han gir seg i morgon, det står det respekt av. Og i heimkommunen min Vågsøy trur eg dei kjem til å sakne Geir Oldeide på kommunestyremøte, trass alt!

Landet er fullt av flinke folk på val i morgon, men det er ikkje plass til alle. I kveld skal eg ta meg tid til å kike på alle listene i kommunen. Alle dei som står der skal ha honnør for å ønskjer å vere med å gjere ein skilnad. Kommunen er ikkje større enn at eg vil vite kven dei er. Eg veit også at eit par namn frå andre lister vert med over på mi liste i morgon. Det er folk eg har tru på og tillit til, og gjerne vil skal få vere med å styre kommunen vår.

God val (og heia Alfred)!

0
0

Oslo 2. september 2011

Både Ingebjørg og eg har vore i Oslo i helga. Ho på veninnebesøk og eg på kurs.

Fredag hadde vi nokre timar i lag, så då måtte vi bruke litt tid rundt Regjeringskvartalet. Det er berre fem minutt frå der vi bodde i for nokre år sidan, så det er våre gater og vår del av byen. Det var i desse gatene vi gjekk til og frå biblioteket, t-banen og jobb.

Vi fekk sjå at det framleis er våre gater som ligg der, sjølv om det er stengt og sprengt i Grubbegata. Ingebjørg kjente seg att og brukte kameraet flitting. Mange vindauge er knust og stengt, og nokre ser vi at er heilt nye, så kontrastane er store.

Byen lever vidare med eit stort sår, men det var godt å sjå at kvardagen rundt er på veg tilbake. Det vert aldri heilt som før men vi kjenner det att.

Biletet har Ingebjørg tatt av klokka på Møllergata 19.

0
0

Resirkulert

 I dag måtte Ingebjørg og eg berre prøve å lage kartong-lommebok. Ho skal jo til Oslo i morgon, og då er det kjekt å ha med noko og ha pengane i. Vi hadde nesten rette knappen, så det gjekk fint. Lommeboka er sjølvsagt inspirert av Ingrid Riddervoll, og oppskrifta fann vi her. Vi skal nok prøve oss på litt fleire seinare, men no har vi akkurat levert papirboss så det var nesten tomt for kartongar. Denne er appelsjinjus frå Lerum (sjølvsagt på nynorsk).

0
0

Fleire luer med dusk

Duskluene vart populære, så no har Iver fått han òg. Lua er sjølvsagt grøn og med mjuk svart dusk. I dag var det heldigvis for varmt for lue, men i år er eg redd for at hausten kjem fort.

Garnet er Abuelita tjukk og tynn og veldig godt og mjukt.

0
0

Middag under eit tre

Det regna litt, men det gjorde ingenting. Iver og eg var åleine heime, så vi ville ete middagen vår ute i dag, Turen vart litt kortare enn planlagt, for vi måtte finn eit tre å sitte under. Der åt vi wraps med ost, skinke og salat og kika på regnet. Regndråpane lagde fine ringar i vatnet.
 

0
0

Hausten kan berre kome

Når det ikkje kan vere sommarveir kan hausten like godt kome. Duskelua til Ingebjørg er i alle fall klar.

Haust beyr at eg med godt samvet kan strikke nye huer, kle på meg ullgenser utan at folk ser rart på meg, krype under ullteppet, fyre i omnen go gå ute i kald, klar haustluft. Kanskje eg til og med kan sy ein ny ullkjole.

Duskelua er i Pickles garn (Abuelita tjukk og tynn). Mjukt og godt å strikke med, men loar litt sidan det er laust spunne. Eg skal legge ut oppskrift dersom det vert interesse for det…også må eg skaffe fleire duskar. Det er fleire som ønskjer seg duskelue.

– blogga på farten.

0
0

Lilla feiring og for lita lilla lue

«2011, ja det var det året mamma hadde fått tak i lilla konditorfarge til bursdagen min!» Viss ikkje det vert lillabursdag dei neste ti åra òg. Det er ganske mykje att i boksen.

 Eg skulle altså overraske Ingebjørg med lilla glasur på muffinsen til bursdagen hennar, også tok det litt av… Lilla glasur, lilla marsipankake og ikkje minst lilla rullekake – både inni og utanpå.Veldig gøy! Det smakte godt, men eg må innrømme at det ser ganske feil ut. Burdagsbarnet var heldigvis godt nøgd med feiringa – og lillafargen!

Det som ikkje var like vellukka var den lilla gåva. Haustlue med fuskepelsdusk, men den vart for lita. Sånn går det når mamma finn opp oppskrifta undervegs. Heldigvis har vi eit litt mindre søskenbarn som skal få ny lue i staden, og på rundpinnen er det allereie ei halv lue i str 11 år.

Denne lua var kjekk å strikke, så den kjem det oppskrift på etter kvart dersom nokon vil ha.

0
0

Vi har planta avokadostein

Over frukost kom diskusjonen om det går an å plante avokadosteinen opp att. Vi konsulterte sjølvaste internettet og fann ut at dette er måten å gjere det.

Vask steinen og heng den halvvegs ned i vatn ved hjelp av tre tannpirkarar.

Vi trur den heng rett veg, men det vil vise seg. Vatnet skal skiftast annakvar dag.

Rapport følgjer.

– blogga på farten.

0
0

Ekte ull og falsk pels

Det kom eit par pakkar i posten i dag. Mjuk merinoull frå Pickles og eit par fuskepelsduskar.

Eg har minst ein plan eller to med desse. Ein av dei bør vere klar til bursdag på fredag, så det er berre å legge opp.

– blogga på farten.

0
0

Vott som ventar

At nokon har mista ein så fin vott gjer vondt langt inn i strikkehjertet mitt. Heldigvis har ei venleg sjel funne den og hengt den lett synleg på næraste port. Eg har sjølv fått att vottar på denne måten.

Og kvar gong nokon kjem forbi tenkjer dei at det er synd på dei som har mista den gode varme votten sin, men den er lett og sjå så kanskje nokon kjenner den att snart. Det ser likevel ut for at akkurat denne votten kjem til å bli verande åleine.

Vi hadde ein fin ettermiddagstur på Skårhaug-setra i kveld med middag, muffins og utsikt før vi gjekk nedatt.

 

 Også fann vi kantarellbarn. Dei fekk stå i fred.

0
0