Ugler på hendene

Lilla betyr vanlegvis at eg strikkar til Ingebjørg. Ho syklar til skulen kvar dag, så varme vottar eller hanskar må til. Desse uglevottane fann eg mønster til i nettmagasinet Twist collective. Det er eit heilt nettbasert strikkemagasin som kjem ut med jamne mellomrom og har både oppskrifter og artiklar ++. 
Eg synest dette er ein spennande måte å publisere og ta betalt for innhald på internett, så dette prosjektet har eg fulgt ei stund. Sjekk det ut her. Du finn også gamle nummer der, og alle oppskriftene ligg sjølvsagt på Ravelry. Mykje god design og veldig fine bilete. Eg har kjøpt fleire oppskrifter herifrå enn eg har strikka, men så er eg veldig glad i å lese oppskrifter…

0
0

Sommarlett og varm nok for hausten

Sommargenseren til Ingebjørg vart ferdig i tide til ferien og har vore mykje brukt. Pickles-jentene greidde å spore opp eit nøste i rett farge, så då vart den faktisk strikka etter mønsteret (Lett genser). Garnet er dobbelt tynn merino og kidsilk og vert lett, mjuk og pusete.

No når hausten er her hadde det sikkert vore kjekt med litt lenger armar, men det var jo ein sommargenser. Haustbruk er berre bonus, og så mykje som Ingebjørg har brukt denne genseren trur eg ho er nøgd.

Garnrestane vart akkurat ein liten kjole i str minste tantejente. Kanskje den passar til advent?

0
0

…og i Ravelry-butikken

Ravelry er eit internettsamfunn for dei som strikkar og heklar, og mi viktigaste kjelde til nye oppskrifter. Her er det lett å sjå korleis dei ulike mønstra vert med ulike strikkarar, og det er lett å tilpasse søket til akkurat det du har lyst å lage.

Audbjørn-lua er endeleg også på Ravelry. Eg har omsett mønsteret til engelsk og opna butikken. Norsk versjon kjem etter kvart.

Og når eg har vore gjennom mølla og blitt ein Ravelry-designar kjem det nok fleire mønster etter kvart. Mest luer, kanskje?

Inntil vidare finn du det eine mønsteret i butikken her.

0
0

Tantegleder

Gleda med å bli tante er at ein får strikke bittesmå kle – kle som berre skal passe nokre få veker. 

Gleda av å finne mønster som kan passe, garn til årstida og fine fargar. Gleda av tenke på det vesle menneske du skal få bli kjent med medan du strikkar. Gleda over å kome på at ungen treng eit kosedyr og at den kaninen sjølvsagt må ha genser.
Og ikkje minst gleda over å sjå at det faktisk passar. Det såg jo så bittelite ut at eg neste strikke eit sett til i litt større storleik.
Isolde kom ut akkurat når tante, onkel og søskenbarn skulle på ferie, så no har vi har fått helse på ho og resten av familien. Så fin, og så ny. Vi gler oss til å bli endå betre kjent med deg.

Jakka er Gift Wrap Sweater frå Carina Spencer strikka i økologisk bomull frå Pickles. Mjukt og godt til ein sommarbaby. Kaninen berre fann seg sjølv mellom pinnane.

0
0

Strikkekrise


Lita strikkekrise her. Eg er nesten ferdig med genser til Ingebjørg. Ein lett og mjuk sommargenser i merinoull og silkemohair. Dessverre er det ikkje meir merinoull att, no rett før eg er ferdig. Hmmm… Ser ut som Pickles er utsolgt for den rette fargen, så dette er litt krise. Den er fekk er mykje mørkare. Nokon som har ein rest Ojlilla i tretrådsmerino liggande?

0
0

Mønsteret på Kong Audbjørn-lua er klart

I morgon er det premiere på gatespelet om Kong Audbjørn av Fjordane i Eidsgata. Begge karane i familien skal vere med denne helga og i Episode 2 neste helg vert også Ingebjørg med. 
Eg held meg til lisensprodukta. Logoen til spelet er laga av Vegar Heimseter i Veir Media, og den flotte logoen berre ropte at eg skulle lage lue. Iver og Glahn har testa luene på skule og i barnehage. Desse har blitt gode favorittar og sit godt på hovudet. Forma på lua er inspirert av vikinghjelmen, og mønsteret på sidene peikar litt mot flammar.
Mønsterert vert selt i pakkar med garn, og inntektene går til spelet, så desse er det mogeleg å få kjøpt i Eidsgata dei neste laurdagane og på Det gylne snitt elles. Garnet er Falk frå Dale, maskinvaskbart og godt til luer. No spørs det om folk orkar å tenkje på luestrikk no midt på sommaren.
Kong Audbjørn (ca 840-870) var ein småkonge som mest truleg holdt til på storgarden Myklebust. Han var konge over Firdafylket og du kan lese litt meir om han her.
Ein trur det er Audbjørn som ligg gravlagd i Rundehogjen på Nordfjordeid. Filmen Det brente skipet fortel meir om denne historia. Den kan du sjå i NRK Nett-tv her.

Luebileta er tatt av Kristin Rødven Eide/ Fotografen Eide.

0
0

God påske


Heldig meg har fått påskefrukost på senga. Påskeroen har senka seg og kanskje kjem det nokre blogginnlegg til før påska er over. God påske!

0
0

Magi

Nokre gonger må mødre ta fram tryllestaven. T.d. når ein skal arrangere Harry Potter-selskap og 8-åringen ventar at stearinlysa flyg i lufta. Magien her er elektriske telys og sytråd. Enkelt og effektfullt.


Vi har visst fått drageegg i hus.


…og litt av utvalet frå Honningslurp.

0
0

Plass til kreativitet?


Det har vore stilt her ei stund. Sjølv om eg har laga nokre småsaker har ikkje kapasiteten rukke til både strikking, flytting og blogging. No er vi på plass i nytt hus og i går kom symaskina (den eine) opp på veggen. Draumen har vore kortare veg frå ide til gjennomføring utan å måtte okkupere middagsbordet. Det kan sjå ut som det nærmar seg.

0
0

God idé…eller ikkje?


Eg har sett mange koppeholdarar rundt omkring. Både strikka, sydde, hekla og i papir, så det var på tide å prøve sjølv. Fargen er fin og det ser pent ut, men elles er eg ikkje heilt nøgd. Halve gleda med å drikke ein varm kopp te er jo å holde rundt den varme koppen. For tida likar eg tekrus utan hank best, så dette vart litt feil. Tjukt, klumpete og litt i vegen.


Ser likevel ut som dette er ein farsott, så nokon må vel like konseptet. Dette er frå det siste Bolig pluss-bladet.

0
0