Misjonsoppdrag i Aasen-tunet

Av og til kjenner eg meg som ein strikkemisjonær. Å få lov til å snakke om strikking, garn, oppskrifter, teknikkar og historie er uruleg kjekt. Vanlegvis er det mine vener som vert utsett for misjoneringa, men av og til får eg verkeleg snakke for menigheita. Onsdag var der strikkeføredrag om Islandsk strikk-bokaIvar Aasen-tunet, med veldig mykje kjekt publikum. Dei strikka, og det var opp til fleire islandske strikkeplagg. Kjekt å sjå dokke!

Det vart tomt for bøker, så no gler eg meg til å sjå kva som vert strikka. Ingrid frå Volda Mode hadde med seg garn og tok opp bestillingane heile kvelden. Sjølv brukar eg emneknaggen #islandskstrikk på Instagram, og der dukkar det opp spennande modellar heile tida. Kjekt å sjå på variasjon og framdrift.

 

 

 

 

0
1

Strikkedesign – kva programvare finst eigentleg?

Kryss, kryss, kryss, Eg er ho som drodlar strikkemønster – om og om igjen…. Blyant og viskelær har vore det viktigaste verktøyet (i tillegg til garn og pinnar) og ganske mykje har blitt til vottar og gensrar i løpet av åra. Difor ligg det både ferdige, nesten ferdige og så vidt starta skisser til ein haug strikkeoppskrifter i skrivebordsskuffa mi, og planen er å få nokre av desse opp og ut i lyset ein gong. 

Fordi eg vil gjere dette skikkeleg og presentere det godt eg er på jakt etter gode strikkedeignprogram for mac. Kva finnst eigentleg og kva er det beste. Er det nokon som har erfaring eller tips?

0
0

Ullungen …og han andre

Eg har ein ullunge…og ein til.

Ullungen Ingebjørg får omtrent aldri nok ull. Som toåring var den gjevaste julegåva sitt eige ullteppe, og det er framleis noko av det kjæraste ho har. 

I dag har ullungen vore så heldig å utvide garderoben med to plagg. Bestemor har strikka haustvottar i alpakka og mamma har kjøpt (!) ny Kari Traa-genser. Kari Traa-ulla er litt dyrare enn anna, men dersom ein skal rekne på brukstid veit vi at denne kjem til å bli brukt. Den ho fekk til jul har også holdt seg veldig godt. Så no kan hausten berre kome.

 

Også har vi han andre. Han som ikkje kan sjå ein ullstilongs utan å få frysningar. 

Heldigvis er det nokre få ting som går an å strikke til han òg. Luer i mjuk alpakka vert godkjent, og denne vart ein suksess. Det er ikkje så lett å vite på førehand. Lua er strikka i patentstrikk i Hexa frå Du store alpakka. Dusken er også alpakka, og så mjuke ting vert godkjente av Iver.

…men vottar frå Bestemor har han takka høfleg nei til.  

0
0

Den gule genseren #1

– Går det an at du kan strikke ein gul genser til meg, Tante Magni?

Spørsmålet kjem frå niese #1 på nesten 5 år, og tantehjertet smeltar. Sjølvsagt kan eg det. Etter mange spørsmål, teikning og kiking på bilete er kravspesifikasjonane framleis eintydige: den må vere gul. 

Heime i garnarkivet veit eg at det ligg ein del gule Daletta-nøster. og om nokre få veker har niese #1 5 bursdag.

Vel heime dukkar eg inn i garnarkivet og finn mjuke, fine, haustgule nøster som ropar at dei vil bli gul genser. Dei er kjøpt på eit opphøyrssal ein gong, og har venta på ein god ide (eller påske), Kanskje litt mykje oransj i den, men eg trur det blir godkjent.

Neste steg er mønsteret. Lage sjølv etter mål, monstergenser, islandskinspirert, fletter? Alternativa er mange, og er strikkar ein prøvelapp med litt ulike variantar. Kan tigergenser vere noko?

Til slutt måtte eg inn på Ravelry for å finne inspirasjon, og der dukka det sjølvsagte valet opp. Owlets av Kate Davies har vore langt oppe i strikkekøen heilt sidan det kom, kjøpt det og har lese gjennom oppskrifta mange gongar, så det må bli den. Prøvelapp nr to viste att tredobbelt Daletta vart heilt perfekt, så då er eg i gong. Det blir ugleungar!

 

 

0
0

Om Islandsk strikk-boka

Hausten 2013 fekk eg tak i nokre islandske strikkeoppskrifter og forsto at dette mangla vi på norsk. Vegen var kort til strikkebokredaktøren i Samlaget, og resultatet vart ei omsetting av den flotte boka «Prjónað úr íslenskri ull«. Den finnst frå før både på engelsk og dansk. Boka er forkorta litt og tilpassa norske strikkarar. Tilbakemeldingane er gode og mange har kjøpt denne boka i haust. Folk har generelt kjøpt mange strikkebøker denne hausten. NRK har til og med laga sak om det.

Det har vore utruleg kjekt å omsette akkurat denne boka. Mange ulike designarar har skrive oppskriftene gjennom dei siste 50-60-åra, så den inneheld både klassikarar og nokre nye modellar. Sjølv om må ha lese denne boka og oppskriftene minst tusen gongar er eg ikkje lei, og får lyst til å strikke kvar gong eg opnar boka. Denne strikkegleda er det kjekt å få dele med fleire. Boka har blitt ein suksess og det er solgt tusenvis, så då er det kjekt å følgje med på kva andre har strikka. Eg følgjer t.d. emneknaggen #islandskstrikk og #alafoss nøye på Instagram, og der dukkar det opp mange variantar. 

Det lette luftige garnet frå islandske sauer og rundfelling med mønster kjenneteiknar dei islandske genserane Lopapeysa. Med dette programmet kan du designe din eigen variant.

Du kan kjøpe boka her. Og garn får du hos Gunn Birgirsdottir på birgirsdottir.no

   

Det vart litt lite strikketid då eg holdt på med omsettinga, men det har eg tatt att etterpå. Alafoss er det fyrste Álafoss ullvarefabrikk publiserte på 60-talet, med ei klassisk åttebladrose. Det har blitt ein klassikar, så den måtte eg strikke til meg sjølv. God og varm for ein frostpinn som meg – og allereie ein favoritt. Må lage ei lue som passar til, trur eg.

0
0

Islandsk strikk på God Morgen Norge

Eg hadde tenkt å skrive eit lenger innlegg om Islandsk strikk-boka er har omsett, og det kjem. No kikar eg innom med eit lite skryteinnlegg. Dei kjekke folka i Samlaget starta dagen med å vise Islandsk strikk på God Morgen Norge. Eg jobba litt heimafrå for å få med meg dette. Sjølv strikkar eg dei fine Nøkken-vottane til frå Vottelauget og Monstermønster – men min eigen variant i islandsk Lettlopi

0
0

Nytt bloggeliv

 

MagFly-bloggen har levd eit fint bloggeliv sidan eg starta å blogge i 2005, men dei siste åra har de blittlitt neglisjert til fordel for Instagram og andre medier. Eg har delt ting via internettet sidan tidleg på 90-talet, så det kjem eg til å helde fram med. 

I vår oppdaga eg woolspire og med den inspirasjonen vart bloggelysta vekt att, For det er akkurat det det handlar om. Inspirasjon – å bli inspirert og inspirere andre. Etter ein del spekulering om eg verkeleg vil blogge meir om strikking har eg bestemt meg. Det vil eg, og eg vil blike litt meir tid enn eg her brukt dei siste åra. Då var vegen kort over til ein woolspire-blogg: magfly.woolspire.no Men den gamle er heldigvis med i arkivet (korleis eg finn fram der må eg finne ut av…)

Eg har nokre sider i den gamle bloggen som er mykje besøkt. Tonje Glimmerdal-lua skal t.d.få ein fin plass i sidemenyen, men eg kjem til å bruke litt tid på å finne ut av korleis den nye bloggen fungere. Vær tålmodige, så blir det bra etter kvart.

0
0

Skappel på Magni-vis

Skappelgenser-feberen herja som verst i fjor haust fekk eg lyst på ein mjuk og varm genser og krype inn i. Men utan skappelkropp ville eg ha noko mindre firkanta med litt meir fasong. Då måtte eg tenke litt sjølv. Det tok tid med både strikking og tenking, men genseren vart ferdig i tide til denne hausten og vinteren. Og i dag kjennest det litt ut som om hausten er på besøk. 
Eg fall for dobbel tråd med fluffy mohair (Påfugl frå Dale) og alpakka – litt sånn moderne 80-tals. Genseren er av blir til medan du strikkar, så eg måtte prøve meg litt fram. Dei to fyrste forsøka vart for vide, og halsen spekulerte eg mykje på. Raglan er enkelt og greit, med denne mohairskya av ein genser gjorde at eg måtta ha litt opning i halsen.
Knappane er frå smykkeskrinet. Dei kjem frå Hartzgården sølvsmie og er kopiar av gamle knappar. Eg har fått desse av farmor for mange år sidan og har spart det til noko til meg sjølv. Då passar det godt at genseren er perfekt til farmor-ringen min – den ho fekk av farfar då dei forlova seg.

0
0

Mia på operasjonsbordet

 Iver er gjestebloggar i dag:

MIN BAMSE  MIA MISTA ALT INNHOLDET I FOTEN.MAMMA MÅTTE SY EIN NY FOT.

Det er ikkje uvanleg at pensjonistar må på operasjonsbordet og få sett inn reservedelar. Kosehundpensjonisten Mia er i i full aktivitet, men dei mest utsette kroppsdelane har blitt litt slitte. No held dei ikkje lenger å bøte dei bitte små hola. Denne gongen måtte Mia få ny labbsåle på venstre bakfot.

Mamma fann noko mjukt stoff som likna i konsistens, men var litt mørkare. Foten vart rydda litt på innsida og fekk litt ekstra fyll før den nye sålen kom på plass med kirurgiske sting. Og så fekk pasienten kvie ut i armane til Iver.

0
0

Samvet til å strikke?

Skal eg bake brød eller strikke. Skal eg plukke opp alt familien har slegt frå seg. Har eg samvittuugheut til å setje meg ned med spøtet?

Konklusjonen er alltid at dei dagane eg har strikka bittelitt har vore dagar utan for mykje stress og kav. Det kjennest i alle fall sånn ut. Berre fem minutt med maske for maske gjev ein ro.

Dessverre er eg ikkje flink nok til å høyre på mine eigne råd i kvardgaen. Den siste månaden har eg ikkje strikka nok, men no er det på tide. Berre fem minutt no.

0
0