Hemmeleg perlevenn

Det var perler i posten frå min hemmelige februarvenn i dag. Eg vart skikkeleg inspirert og kom i vårstemning av heile pakken. Min hemmelege venn har forstått at eg aldri kan få nok perler…

Det vart kjapt eit halsgropsmykke til (kanskje eg bør ønske meg fleire smykkeskrin til bursdagen?). I måra må eg ha grøn jakke på meg!

Ingebjørg og ei veninne fekk også boltre seg litt i mamma sine perler. Eg var streng og insisterte på nokre små perler mellom dei store. Begge vart kjempefornøgde og skal vel gå å glitre i barnehagen i måra.

0
0

Nettsveip #2

Frå sofaen (med kroppen full av noko som gjer meg svimmel viss eg reiser meg…) reiser eg ut på eit nytt nettsveip. Denne gongen er det morsomme mønster eg har lyst å prøve som er tema.

Sjekk ut desse dinosaurane hos Jennifer på Xtreme-Knitting. Ein dinosaur til her. Nimbus-jakka Jennifer har laga for MagKnits ser også supergod ut.

MagKnits har mykje fint i arkivet sitt; Swing-Thing, bil-lue, kid silk-topp…finn dine favorittar i arkivet!

For dei som har noko gult pelsgarn til overs er denne lille anda artig å prøve seg på.

Ellers er strikkebloggverda ganske stor. Det er umogeleg å få oversikt, og eg finn stadig nye favorittar:

Marie Flyfly strikkar alltid store og imponerande ting på tynne pinnar.
Strikker har mykje sokkeinspirasjon til det nye Opal-garnet mitt.
Helene har alltid mykje inspirerande på pinnane.

…også må dokke kike på marihøne-tøflene til Minna!

0
0

Karnevalsutfordringa er løyst

Her er ungane mine klare for karneval i barnehagen. Ingebjørg ville vere ein «My little ponny» som ho trur heiter Starcatcher, og Iver fekk litt hjelp med å velge høne. Valet var nok rett, for han har hoppa rundt og sagt «klukk-klukk» i snart eit døgn.

Eg har brukt fleece som utgangspunkt for begge kostyma fordi det ikkje trengs så mykje sikk-sakk. I tillegg er det ganske tøyeleg, og med mine symaskinkunnskapar passar det ganske bra.

Til høna tok eg utgangspunkt i ein hettegenser eg fann blant Iver sine kle og la den oppå stoffet mens eg klipte. Fyrst klipte eg ut hettedelane og dobbel hønekam. Kammen var sydd, vrengt og lagt inn mellom saumen på toppen av hetta. Foran på hetta bretta eg inn og sydde fin kant.

Hetta er det viktigaste, så då tok eg eit stort stykke fleece og sikta til eit hol som passa midt på. Når hetta var sydd i kunne eg prøve på Iver og sette merker til sidesaumane. Tilslutt klipte eg til rett fasong og hakkete venger. Den vesle høna raste avgårde og sa fornøgd: «Mamma stlikka hønedenser».

Hesten er laga etter samme hettegenser-mal. Her måtte eg lage manen fyrst. Nesten alt garnet vart surra rundt ei passande bok før eg klipte på eine sida. Garnet vart sydd fast til ei smal stripe stoff før eg la det mellom hettedelane. Då er det ikkje så lett å dra ut håret etterpå.

Ingebjørg fekk prøve hesten mens eg fann ut kvar alle detaljane skulle festast. Øyrer og venger er klipt ut på frihand, lagt dobbelt, sydd, vrengt og festa på rett plass. Også måtte vi klippe luggen litt :-). Treng eg fortelle at denne hesten har vore mykje ute og galoppert i dag?

1
0

Raud halsgrop-blomst

Dette er eit skikkeleg MagFly-smykke. Eg likar godt å blande glasperler med ull i ulike variantar. At raudt er favorittfargen er vel ikkje hemmeleg heller.

Eg har brukt tynn kid-mohair og tynn heklekrok for å få ein liten blomst. Når den ligg så tett opp i halsgropa treng den ikkje vere større. Desse smykka kan varierast i alle variantar med fargar, perletypar, blomestorleik… Det vert nok ikkje det siste av denne typen i år.

0
0

Miniswap – Snikktitt

Vi har planlagt det vi skal sende avgårde til Ohio i Miniswapen til Mommycoddle. Her held Ingebjørg på med dei fyrste førebuingane til eit Oslo-spel (vi tør å skrive det her sidan dei sikkert ikkje forstår norsk…) der ein må innom dei viktige tinga; Holmenkollen, St.hanshaugen, 37-bussen, Akerselva…

For Ingebjørg er det veldig kjekt å finne på sitt eige spel, og ho har bestemte meinigar om kva som skal skje undervegs. Kanskje kan dei to mottakarane i USA lære litt om Oslo i tillegg?

Vi har litt andre planar for pakken også, men det er hemmelig!

0
0

OL-utstyret er i orden

I staden for OL-strikk har eg hatt før-OL-strikk, så no har begge ungane OL-genser!

Det er bestemor som har strikka den største til Ingebjørg. Den var ferdig på mandag, og etter det har den sportsgale døtra vår berre tatt den av om natta. Det er kjekt å sjå at noko vert så godt mottatt når bestemor har lagt ned mykje arbeid i ein ny genser. Trur nesten eg må vaske den snart. Spørs kor godt mottatt det vert?

Iver sin genser har eg laga sjølv, men det vart ikkje ferdig før etter at Norge hadde tatt FIRE OL-medaljar. Han er storfornøgd («Mamma stlikka denser») og måtte ha den på litt før den var heilt ferdig òg. Han forstår ikkje så mykje av OL, men genser med stjerne sånn som Ingebjørg er veldig fint.

0
0

Amigurumi-vinnaren er…

Anita79 sin veldig fine kanin. Premie kjem i posten.

Det her har vore ein veldig morosam along. Eg har funne mykje fine nettsider med inspirasjon, mange har laga småttisar og vi fekk til eit lite galleri med sjølvkomponerte amigurumiar tilslutt. Du kan sjå galleriet her.

Sjølv har eg prøvd meg litt med heklekroken, men konkludert med at eg likar mykje betre å strikke små vesen. Det har sikkert med trening å gjere. Med strikkepinnar kjennest det ut som eg har meir kontroll på fasongen, og det er lettare å planlegge mine eigne variantar. Eg har ikkje funne like mykje fine nettsider med strikka småvesen, men eg er framleis ikkje heilt stø på japansk. Det kan jo vere eg finn meir ein dag. Amigurumiar er det i alle fall mykje av.

Her er forresten amigurumien min:

0
0

Miniswap – vi er med

Molly på Mommycoddle arrangerer ein miniswap. Det betyr at ungane til dei som er med skal bytte hobbysaker og sende ein morosam pakke i posten. Temaet er «To brighten the winter(rainy day) Blues» – dvs noko morosamt å finne på i dårleg veir…

Vi har fått utdelt byttefamilie. Candace har to ungar; Sophie på fem og Christopher på ni og bur i Cinncinatti, Ohio. Ingebjørg synest sjølvsagt dette er kjempemorsomt, og vi har lagt nokre planar…

Dette er min fyrste «swap» utanom Hemmelig venn på Hobbyboden, og den fyrste til utlandet. Eg håpar eg gjer det «rett» og at vi får til å lage ein koseleg pakke. Nokon som har ide om kor lang tid pakken brukar til Ohio, forresten?

0
0

Blir eg ferdig?

Målet er å bli ferdig med genseren til Iver før OL startar neste fredag.

Dette er starten på arm nummer to, så det er eit håp. …men det vert ikkje gjort så mykje anna. Eg har nemlig lyst å gjere ferdig Temptation-jakka mi. Det får bli under OL, så eg har bestem meg for at eg ventar fire år med Strikke-OL. Eg orkar ikkje meir strikkestress. Eg skal kose meg med strikking under OL – og det gler eg meg til!

0
0