Pysjpingvin

Eg har lenge tenkt på kosedyr som også er ei «pysjpute». Denne pingvinen er fyrste forsøk. Om dagen kan pingvinen passe på pysjen og den er fin å ta med på tur. Då kan ein putte inn ein genser og bruke pingvinen som pute (…eller kosepingvin).

No er pingvinen fyllt med ein ny pysj, pakka inn og ligg klar til å vere med i 4-årsdag i morgon. Eg er ganske fornøgd med resultatet, så det vert sikkert fleire variantar. Har ein hund og ein frosk på skisseblokka.

Pingvinen er (stortsett) laga i fleece og har glidlås på ryggen.

0
0

Klar for montering

No er det klart for montering av Temptation jakka eg fekk til jul. Det skal bli kjekt og endeleg få sjå om jakka passar. Må berre finne ut eksakt kva type sting som er brukt i monteringsanvinsninga fyrst.

To be continued

0
0

Kunstverk i posten

Eg har vore med på ein Quiltepostkortalong på Hobbyboden. Artig å lage eit lite bilde og sende avgårde. No er eg spent på om det kom fram.

Det var så kjekt å få det postkortet Laura sendte til meg. Det står framleis å viser seg fram i bokhylla, og der skal det få stå ei stund. Kortet vart handstempla og har kanskje spreidd litt glede på veg til meg òg.

0
0

Fleire kosedyr

Eg driv å testar den nye symaskina mi. Det er så mykje lettare å ta fram ei maskin som ikkje fuskar, som ikkje er så tung, som taklar «mjuke» stoff… Super bursdagspresang! Resten av familien skulle nok ynskje at eg hadde eit eige symaskinrom, for eg tek opp heile kjøkenet med symaskin, stoff, tråd, strykejern m.m.

Når eg fyrst skal sy kan det like gjerne vere kosedyr. Eg driv å prøver meg fram for å finne ut kva «mjukisar» som er mine. Kva er mogeleg å få til av alle dei ideane eg har i hovudet?

Denne kaninen er heilt sikkert inspirert av noko eg har sett ein plass, men den er litt min likevel. Skikkeleg mjuk og god og babytilpassa. …og eg hadde aldri greidd det på den gamle symaskina!

Sjekk ut merkelappen min:

Ingebjørg har også fått designe sin eigen figur. Ho har teikna og klipt, men mamma har sydd det meste. Auge og munn har ho brodert på sjølv. Eg er imponert over kva ho får til.

0
0

Ny katt

Det er sett i gong kosedyr-along på Hobbyboden. Midt i blinken for meg. Eg har alltid strikka mykje kosedyr og andre vesen, men på symaskina treng eg trening. Det er mogeleg at det vert fleire kosedyr på meg før påske. Hels på den fyrste katten eg har tenkt ut sjølv.

Då eg satt og sydde på Mari-katten i går fann eg ut at den sikkert ikkje passa som mjuk kosekatt for veldig små ungar. Eg har noko veldig mjuk bomullsvelur liggande i mange fargar. Den er veldig fin og passar godt til slike 2D-kosedyr. Eg teikna rett og slett ein katt, teikna den på stoffet og sydde rundt.

Sidan dette er ein prototyp ser eg mange forbetringspunkt, så det vert fleire slike. Kanskje eg skal lage nokon med lyd inni òg.

0
0

Møt Mari Pointykitty

[

Ny symaskin (skrytebilde nederst…) måtte prøvast. Eg har sikla lenge på Wee wonderful sitt fine katte-mønster, så det passa veldig fint som testprosjekt.

Eg hadde akkurat nok restar frå Marimekko-gardinene på soverommet og fekk ein raud variant som sjølvsagt heter Mari. Mønsteret var veldig greit å følge, men det gjekk mykje fyll for å få den stødig nok. Iver var heime med øyrebetennelse og var flink assistent med ansvar for knappenålene. Han vart svært fornøgd med resultatet og meiner at han har laga den sjølv.

Det er mange som har laga Hillary Lang sin «Pointy Kitty» sidan ho la den ut i byrjinga av februar.
Spesielt interesserte kan sjå mange variantar av Pointy kitty her.

0
0

Hemmelig marsvenn

Min hemmelege ven var raskt ute og tarff akkurat på bursdagen min, så då var det stas med pakke i posten. Sokkegarn, alpakka frå Drops, perler og sjokolade. Det her skal eg nok få brukt. Iver har allereie lagt sin elsk på det eine nøstet og har hatt det med seg i senga :-).

Tusen takk, hemmelige venn!

0
0

Anouk-along – oppstart

Vi er nokre Hobbybodarar som skal strikke Anouk frå Knitty. Denne søte forklekjolen er designa av Kate Gilbert i Paris. Ho har laga mange fine og fargesterke mønster. Nokon hugsar kanskje Clapotis.

Sidan eg skal reise ein del med buss i helga passar Anouk veldig bra som reisestrikketøy. Temptation er blitt for stort. Eg har kjøpt Cotton Lux frå Idena i fargar som stemmer bra med mønsterbiletet. Det er den fargemiksen eg har forelska meg i, så då er det like greit å ikkje eksprimentere. Strikkefastheiten stemmer ikkje heilt, men det ser greit ut på det tjukkaste pinnealternativet. Ny rapport over helga!

0
0

Strikkelisetider

Eg hugsar då eg fekk ei «Strikkelise» til seksårsdagen min; Det var kjekt, men den snora som kom ut (den var gul) kunne eg ikkje bruke til noko som helst. Det fulgte med nokre bilder der dei hadde sydd sammen remsene til luer og vestar, men då måtte ein lage laaaange snorer fyrst. Eg trur ikkje heilt eg skjønte poenget.

Likevel har eg no kjøpt ei strikkelise til Ingebjørg. Ho har så lyst å strikke, men greier det ikkje utan ganske mykje hjelp. Eg tenkte difor at ho kan få øve seg litt med ein pinne og lage snorer. Ho får det til og synest at det er gøy Eg har gitt ho opal-garn slik at det endrar farge av seg sjølv og det er kjempespennande å sjå kva som kjem ut.

…og kva skal det bli til slutt? Smykke, sjølvsagt! Det fann ho på sjølv, og dersom nokon treng inspirsjon finn de det her.

0
0

Temptation oppdatering

Den fantastiske julegåva Temptation nærmar seg montering. Eg har berre ein arm att. Reknar med at eg kan starte samansying etter nokre få strikkeøkter til.

Kim Hargreaves har laga eit supert design. Det er så artig at alle delane passar godt saman akkurat som eitt puslespel. Det vert spennande å sjå korleis den vert å ha på. Eg treng ei slik varm jakke på jobb.

0
0