Mamma testar symaskin

Ein mamma med ny symaskin betyr til dømes nye vesker til Ingebjørg og Iver. Vi skal reise på påskeferie i morgon, og då passar det fint med nye vesker. Kanskje ligg det noko spanande oppi også?

Høneveska til Iver er ikkje heilt ferdig, men vert det vel i løpet av kvelden. Den har hønefor og glidlås. Eg støtta meg på denne bruksanvisninga undervegs. Snora er ganske lang, men kan knytast i rett lengde.

Ingebjørg har fått ein litt større variant med trykk-knapp. Den har god plass og er god å bære sjølv. Eg brukte denne bruksanvisninga til å lage lommebok som passa til.

Syerfaringa mi er ikkje så mykje å skryte av, men det kjem seg for kvar dag. Symaskina fungerar etter forventningane og det er supergøy!

0
0

Kari og Beate

Grunnmønsteret mitt kan varierast til ulike kosevesen. Denne gongen vart det katten Kari og bjørnen Beate. Med desse to har eg testa alle dei ulike ullfilt-stoffa mine. Ullfilt er eit fantastisk materiale. Kosedyra vert stødige og gode (…og holdbare, trur eg…) av skikkeleg stoff. Det er framleis litt meir stoff igjen, så det vert kanskje fleire. Eg har i alle fall fleire idear.

BACKTACK III vart offentleggjort idag. Eg har hatt stor glede av å sjå alle veskene som vart laga i BT2, og var veldig spent på om BT3 var noko for meg. Det var det definitivt. I BT3 skal ein lage kosedyr. Riktignok etter spesielle reglar, men det er det som gjer det spennande. Eg reknar med at variasjonen vert stor sjølv med så strenge retningslinjer, og har allereie fått mange idear.

Påmeldinga startar ikkje før «9.00am Australian EST on April 11th». Problemet er at berre 100 bloggarar får vere med, så eg må nok finne ut at tidssonene og sitte klar. Dette vil eg vere med på!

0
0

Elefanten Elsa

Elefanten Elsa er nysgjerrig, og lurer på om ikkje det snart vert vår ute. Ho er laga i ull og lin etter eige mønster. Elsa får fleire nye vener snart.

0
0

Kva skal eg lage av desse pingvinane?

Eg kom over denne biten pingvin-fleece her om dagen. Veldig fine pingvinar, men eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke det til. Førebels har ungane anektert stoffet som koseteppe.

Gode forslag?

0
0

Strikkebokglede

Ein vert glad av å kike i boka «Designstrikk til barn» av Lucinda Guy. Lucindsa Guy er strikkedesigner og har arbeidd tett med mellom anna Rowan. Dei siste åra har ho konsentrert seg om design for born under sitt eige merke. Mannen hennar Francois Hall, er illustratør og grafisk designar. Det er han som står for dei «påkledde» figurane i boka. Det er kombinasjonen av nydelege strikkemodellar og fantastiske teikningar som gjer dette til ei skikkeleg glad-bok. Eg har lånt den på biblioteket og veit at det står andre i kø etter meg, så eg får nyte den nokre dagar til.

Denne fine ullgenseren med hund (og lue og skjerf) skulle Iver hatt til hausten.

Vinterkofta har eg lyst å lage til skulejente-Ingebjørg, men oppskrifta går berre til fem år. Kanskje eg greier å trylle det til? Det ser greit ut få til.

Aller mest ynskjer Ingebjørg seg denne fine sommarkjolen:

Den nye boka And so to bed… er ikkje lansert endå, men kåpa på framsida var månadens mønster i Rowan-klubben i februar. Mykje å gle seg til her òg.

…sa eg at Lucinda lagar kosedyr òg?

0
0

Årets høneflokk

Ungane har valt seg ut ein påskepakke frå Panduro, så i dag vart det klipping og liming. Mamma måtte klippe ut hovuddelane mens Ingebjørg klipte nebb. Iver fekk telle perler og passe hønebeina.

Ingebjørg greidde stort sett å konstruere hønene sine sjølv.

Iver fekk plassere venger og bein, men fekk litt hjelp med liminga. Han plasserte det meste på rett plass, så hønene vart riktig fine.

0
0

Nålekylling

Dette er den nye nåleputa mi. Det er så mykje fine nåleputer å sjå rundt omkring. Sjekk her og her til dømes. Eg har laga mi av ullfilt godt stappa med vatt og litt ris i botn for å få tyngde til å ligg pent i ro. Kyllingen ser kanskje litt påskeaktig ut, men her i huset er det nok greit med kyllingar heile året. Eg har ikkje hatt hjerte til å stikke nåler gjennom sjølve kyllingen, med det han får venne seg gradvis til det.

I eit anfall av overskot starta eg eit nåleputebytte på Hobbyboden. Opplegget er som følger:

Meld deg på på PM til meg innan 1. april.
Eg deler ut namn og adresser til alle veka etter.
Vi tar påskeferie og lagar nåleputer i alle variantar.
Frist for å sende er 23. april.
Bilder vert fortløpande lagt ut i eigen bildetråd.

Eg håper at andre også vert like inspirert som meg, og lagar sine variantar i løpet av den neste måneden. Det skal bli spennande! Rapport følger og litt nåleputeinspirasjon skal det nok bli i bloggen min etter kvart.

0
0

…og ein påskehare!

Hovudet mitt er så fullt av kosedyridear at eg vaknar om natta, så eg må vel berre krype til korset. Eg treng ikkje alle dei kosedyra her sjølv. Ikkje treng ungane mine dei heller. Kanskje eg rett og slett må selje nokon? …eg har delar til sju andre variantar på kjøkenet…

Eg kunne sjølvsagt brukt tida på å rydde, bake brød, lese meir bøker, strikke, sove eller noko anna fornuftig, men ideane må ut for tida. Lenge leve kreativiteten! Så får eg håpe det dukkar opp nokre ungar som treng nye kosedyr.

0
0

Påskekaninene har dukka fram

Mine Wee wonderfuls-kaniner er ferdige. Tenkte dei måtte vere skikkeleg gull-gule sidan det snart er påske. Kombinasjonen fløyel og glatt kinastoff var litt krøkkete å sy, men eg er framleis på opplæringsstadiet når det gjeld symaskin. Neste steg er ei lita veske med glidlås og for. Har funne nokre bruksanvisningar så eg finne vel ut av det.

I går lasta eg påskekaninene mine opp på Flickr og la dei til i Wee bunnies-samlinga. Må innrømme at eg var ganske stolt då eg oppdaga at sjølvaste Wee Bunny-mora Hillary Lang har kommentert bildet. *litt stolt*

0
0

Ny yndlingsjakke

Temptation jakka eg fekk til jul er endeleg ferdig. Dette har vore eit skikkeleg kosestrikketøy; Det går fort, krever litt tenking, har godt garn og skal ikkje gjevast vekk. Kjekt med noko til seg sjølv innimellom.

Eg var svært nysgjerrig på fasongen og om den passa til meg. Det gjer den! Eg kunne hatt den ørlitegran mindre, men ikkje ein heil størrelse. Fasongen er super, jakka er lett og mjuk og ikkje minst er fargen heilt meg.

Takk for julegåva!

0
0