Back-tack 3 – #3

Back-tack-kosedyret mitt er klart. Eg vil ikkje avsløyre for mykje før ho er kome fram, så dette er alt de får sjå. Kosedyret har ikkje pakka endå, men eg reknar med at ho reiser til England i løpet av nokre dagar.

Det dukkar opp fleire og fleire back-tack-sniktittar no når det nærmar seg slutten. Det er så kjekt å sjå all variasjonen. Eg er sjølvsagt veldig spent på denne dama, som reiste frå Australia for nokre dagar sidan.

My back-tack softie is ready to go. She has not packed her bags yet, but will be traveling to England soon.

There are lots of sneak peeks now when Back-tack III approaches the end. The variation is hhuge, and I’m looking forward to the gallery. This lady left Australia a few days ago. She is traveling half the world, but I guess we can expect her soon.

0
0

Pingvinane kjem/ Penguins are coming

Då har eg endeleg funne ein god modell til alle pingvinane eg skal lage før eit visst arrangement i sommar. Desse skal vere bordkort og får namn på magen.

Modellen er Wee Wonderfuls sitt Wee mønster. Du kan sjå fleire variantar her. Mine pingvinar er sjølvsagt inspirert av desse.

The place cards for our wedding this summer are finally in production. There are some work left…

The pattern is Wee Wonderfuls Wee pattern. More Wees here. I got my inspiration here.

0
0

Garn/ Yarn

Eg har kjøpt ei ny bok:One skein av Leigh Radford. 30 oppskrifter på ting laga av eitt nøste. Ho har nok strekt lengda på eit nøste litt, men den har mange fine prosjekt. Ei kjekk bok med mykje inspirasjon, så derifrå skal eg lage litt…

I samme slengen melde eg meg på «One skein secret pal exchange» der eg skal sende eitt nøste til nokon i juni og juli og noko eg har laga av eitt nøste i august. …og min hemmelege ven skal sende til meg. Spennande! I det høvet skal eg svare på nokre spørsmål om mine garnvanar. Eg svarar på engelsk slik at min hemmelege ven i Holland skal kunne lese det.

I bought a new book:One skein by Leigh Radford. An inspiring book with patterns intended for one skein. A good way to use some leftovers and prepare for the gift season.

Of course I also joined «One skein secret pal exchange» and will secretly send one skein for my partner in June and July, and make something for her in August. Some dutch secret pal is sending to me and wants me to answer some questions about my yarn habits.

One skein secret pal questionare:

1. Which yarn is most like your personality (you can be specific or general with your answer- brand, type, color, fiber, whatever)?

Wool, wool and wool – soft wool!

2. What is your favorite color yarn to knit/crochet with?

Reds, green and black. Who could guess that…

3. Have you ever used variegated, or magic, yarns?

Yes, but I’m not to happy about the result. Often to messy, but OK for socks.

4. Do you tend to favor certain fibers when choosing yarns?

Yes, alpaca…

5. Do you prefer to work with center-pull or traditionally wound balls of yarn?

I really don’t care.

6. Have you ever worked with organic yarns or are you interested in trying them?

What is organic yarn? Never tried, but always ready to try something new.

7. How many and what projects have you made in the last year?

Can’t remember, but more than 20… Small creatures, bags, socks, hats, scarfs and mittens.

8. Will you be knitting any gifts this year?

Yes!

9. What is your favorite one skein project?

This and this.

10. How much yarn do you have in your stash and how do you store it?

A lot… Stored in my magic sofa with storage.

11. Do you have a yarn in your stash that you love so much you can never use it or part with it?

Yes! this skein.

12. Do you knit less or differently in the summer?

No!

13. Do you belong to any knitting groups (online or offline)?

Often found at Hobbyboden (in Norwegian).

0
0

Sommarkjole/ Summer dress

Eg trong nokre bursdagsgåver og hadde lyst å lage noko anna enn vesker, så inspirert av sola vart det sommarkjolar. Skikkeleg Magfly-design i lysgrønt med marihøner. Stoffet var litt batikk-aktig i lin og viskose. Trur det skal vere godt å ha på.

Eg kjøpte eit enkelt mønster der saum-monn var inkludert, men eg var ikkje heilt fornøgd med erm-utringinga. Heldigvis hadde eg ein modell i rett storleik og fekk trylla litt. Eh har litt stoff til liggande, så det vert nok fleire av desse.

This summer dress was inspired by the sun – and the MagFly-design. I had to change the pattern a bit, but I hope this will be a nice dress for hot summer days.

0
0

Whiplash – Garnsmykke/ Yarn necklace

Whiplash-konkurransen på Whip up er inne i si fjerde veke. Denne gongen er temaet: Garn! Eg har eit nøste liggande som eg aldri får brukt; Rett og slett fordi det er for fint. Det er kjøpt i Sverige hos ei dame som hadde spunne det sjølv. Eg har sjølvsagt berre dette eine nøstet og passar på det som ein skatt. Det vert berre brukt til dekor innimellom. …også tek eg det fram og kikar på det…fargen, teksturen – fantastisk flott garn!

Mitt Whiplash-bidrag denne helga vart rett og slett eit garnsmykke. Eg fann nokre perler som passa, kappa i rett lengde og sette på ein lås. Det enkle er ofte det beste!

Theme of the weekend on Whiplash is: Yarn! This yarn treasure is from Sweden and to precious to be used… It is handspun by a woman in Sweden and the only skein she made. I only look at it and use it for decorations.

This weekend I used some of this yarn to make a necklace. Some glas beads and a lock made it.

Why not do it simple?

0
0

Nytt stæsj/ New stash

Teakperler kunne eg ikkje gå i frå. Berre det å holde på dei får ideane til å boble. Eg har sikkert ikkje nok av dei. I lag med desse grøne glassperlene har eg i alle fall eit godt utgangspunkt før sommersmykke-alongen startar i morgon.

I had to buy these teak beads. Just holding them gets my creativity going, and I can’t wait to start beading. The green ones was a bargain and perfect for summer jewlery.

I København fann eg endeleg lause knepplåsar. Det har eg leita etter lenge. Mellom anna har eg lyst å lage denne her. Har sjølvsagt nokre litt røffare idear òg. Eg gler meg! (…ja, eg handla litt andre ting òg.)

I finally got my hands on some metal purse locks (right english word?), but I had to go to Copenhagen to find them. This purse from Knitty is an option for one of the locks, but I have some other plans involving felted wool and glass beads to. Let’s get started!

Eg fekk hemmeleg ven pakke i går. Maskemarkørar!! Det har eg aldri brukt, så det vert kjekt å prøve. Kanskje spesielt når eg heklar. Då rotar eg veldig med starten på omgangane.

Garnet er eitt nøste TOVE og eitt med sportsgarn. Skal noko finne på noko med dei òg. Tusen takk! Det einaste eg veit om denne hemmelege venen er at ho skriv nynorsk…

0
0

Nye smykker/ New jewlery

No er det lenge sidan eg har laga meg smykker, så det var på tide. Inspirert av min nye kvite og svarte singlet lagde eg eit langt lintråd-smykke med stort tungt prisme på. Prismet bryt lyset i sola og kan lage litt diskokjensle. Elles er der ei blanding av heimelaga ullperler, svarte glasperler og sølvfarga blomar. Låsen er laga av to magnetperler.

Til ære for den våren som kom så brått vart det nok eit grønt halsgropsmykke. Det store grøne har eg fått i hemmeleg ven-pakke i vinter. Dei raude perlene er swarowski-perler.

It’s time for new spring jewlery. The first is inspired by my new black spoted white top. I am pleased with the way the felted beads turned out. The green one says «spring – spring – spring!». This is still my favourite colour.

0
0

«Blåveistid»

Eg fekk dette kortet frå Ragnhild B. i Quiltepostkort-alongen. Det heiter «Blåveistid». Slike små kunstverk er skikkeleg artig å få i postkassa. Eg ser at eg litt å lære på quiltefronten… Alle korta vert sett inn i eit galleri, så dei som vil sjå fleire små kunstverk kan kike her.

This piece of art came to my mail box today. This is a part of the postcard swap I’m in. More postcards here. I made the penguin postcard sendt to Bente NM.

0
0

Mjau-veske

Denne katteveska skal snart reise til Bergen til ei jente som vert tre år. Eg har tenkt mykje på korleis eg skal kombinere kosedyr og veske, så dette er eit forsøk. Hovudet er litt tungt, men eg har prøvd å rette det litt opp med eit sting her og der. Resultatet vart greit og eg må nok prøve fleire variantar.

No håper eg mottakaren passar godt på kattepusen. Eg trur det er plass til mykje moro oppi den veska der.

This is a cat who also is a bag. I´m not really sure of the «bag-purse-tote-terminology» in English. When is a bag a tote and not a purse or both? And are there more words for this?

You could hang this cat on your shoulder, put things in his tummy and zip lock his back. Witch makes him (og her?) a…? To tired to write in English… Good night!

0
0

Voff voff

Denne hunden vart til med Iver som assistent. Han ville sjølvsagt at eg skulle lage ein hund, men ville helst at den skulle vere oransj. Eg ville bruke ullfilt, så då vart den brun i staden. Det syntest han heldigvis at var greit. Det stoffet er akkurat så fleksibelt at eg kan forme dyret litt mens eg fyller det.

Modellen er eg fornøgd med. Hunden vart passe livaktig og leiken, med hale som nesten ser ut som den lograr. No spørs det om eg greier å lage ein til som er like fin?

Another softie… A dog this time, and I’m very pleased with the way he turned out. The fabric is wool felt and good to work with. It’s fun to shape the softie and make it come alive.

The pattern is my own, but I’m not sure if I can make another dog this cute…

0
0