Du skal ikkje fryse/ You will not be cold


Vi kjenner ein del magar med smågutar inni for tida. Ein av dei får mi utgåve av Garnstudio si heklajakke i Eskimo. Eg gjorde litt om på fargane slit at den fekk eit heilt anna uttrykk og vart litt meir gutete. Oppskrifta var artig og gjekk kjapt unna, så eg har nok lyst å prøve meg på litt fleire fargevariantar i haust.

We have a few friends expecting small boys for the next months. One of them will not freeze during the winter… This thick crocheted wool jacket in Eskimo from Garnstudio was an easy and fast project. I used my own colours to get a less cute look.

0
0

Hemmeleg overraskingar/ Secret surprises

Denne sommaren har eg vore med i «One skein secret pal». Med utgangspunkt i boka «One Skein» av Leigh Radford skulle vi sende eitt nøste i juni, eitt nøste i juli og noko heimelaga av eitt nøste.

I joined «One skein secret pal» in May. Inspired by the book «One Skein» by Leigh Radford should we send one skein in June, one skein in July and finally a homemade item made from one skein i August.

Min siste pakke kom i postkassa i dag, og for ein flott pakke!!! Det visar seg at min hemmelege nøsteven er Yvonnep frå Amsterdam. Ikkje berre har ho sendt meg fantastisk mjuke Frog Tree-garnet tidlegare, men no kom ein kjempepakke; eit par sokkar i Opal Petticoat, hekla skjerf i lysegrønt Rowan kid classic, mange perler og eit veldig hyggeleg brev. Eg vart så glad!! Eg hadde ikkje heilt tenkt over at eg skulle få noko heimelaga til slutt. Det varmar verkeleg at nokon har laga noko spesielt til meg.

My August package came in the mail today, and what a great package!!! It turns out that my secret pal is Yvonnep from Amsterdam in The Netherlands. She sendt me this soft, soft alpacka Frog Tree-yarn earlier, but this last bit was a really spoiler. I got one pair Opal Petticoat socks, a crocheted scarf in Rowan kid classic, beads and a very nice letter. I felt so lucky!!! I really hadn’t thought through that someone was making something special for me. It’s warming!

Sokkane er det andre paret Yvonne har laga nokon sinne. Det skulle ein ikkje tru, og det er jo heilt utruleg at ho gjer dei til meg som fryse så mykje på føtene. Ein skulle også tru at min hemmelege ven er synsk, for min forkjøla hals trong eit lite fint skjerf akkurat no. Mønsteret er frå Debbie Stoller si bok Happy Hooker.

The socks are the second pair Yvonne has ever knitted. They does not look like that, and it is amazing that she would give them to me and my frosty feet. I’ve had a very sore throat the last couple of days and needed a small scarf. The pattern is from Happy Hooker by Debbie Stoller.

Også har Yvonne oppdaga at eg er eit perlande vesen. Det var nokre spennande nye variantar som ekstra overrasking. Eg har ikkje ord… Garnet er restar frå nøstet ho brukte til skjerfet. Trur der er nok til minst ei hekla brosje.

And I got beads!!! I’m always looking for beads and these were new to me. I’m out of words…

Garnet eg fekk tidlegare i sommar skal bli haustluer til begge småtrolla. Eg har berre ikkje funne ei passande oppskrift. Det er vel potensielle prosjekt dei komande vekene. Tusen takk, Yvonne! Du har vore ein fantastisk nøsteven og eg kjem til å tenke på deg kvar gong skjerfet varmar halsen min.

The yarn I got earlier is waiting while I’m looking for the perfect pattern. I want to make autumn hats for both kids from the skeins.

Thank you very much, Yvonne! You have rally been a great secret pal. I’ll be thinking of you while my scart is warming my throath.

0
0

Seks år og skulejente/ Six years and schoolgirl

Ingebjørg har fylt seks år og byrja på skulen. Dei som ser godt etter høgre øyreflipp kan skimte den vikigaste bursdagsgåva – hol i øyrene. Ho gret sine modige tårer mellom hol ein og to, men det var verdt det!

På hovudet har ho den nye lua si; Hope frå Kim Hargreaves.
Eg fall for denne lua då eg såg den nye kolleksjonen og måtte berre bestille til meg sjølv. Den gjekk kjapt unna og då annonserte Snuppa at ho og ville ha. Eg forminska den og brukte Eskimo frå Garnstudio i favorittfargen. Den vart kjempefin og populær, så dette vert nok bursdagsgåver til småveninnene i haust.

Ingebjørg was six this saturday and started school monday. Take a good look at her ear lobe and spot one of the birthday presents. She cried between the right and the left piercing, but she is so proud of the little «diamonds».

The beret is Hope from Kim Hargreaves. I made a red one for me, and had to make another for her. She loved it, and I have to make more for her friends birthdays…

0
0

Seinsommar…

…eller skal vi seie tidleg haust?

Eg likar meg så godt i skogen om hausten og vi hadde vår fyrste «hausttur» no i helga. Ingebjørg lagde eit skikkeleg bærsmykke og vi fann ganske mykje bringebær. Alle fire fekk smake på ganske mykje anna skogsgodt òg, så frå den urbane ungen eg har kom følgjande kommentar:

– Det er nesten akkurat som å være på kafe, men så trenger vi ikke betale!

Det var påfallande mange marihøner ute på tur, men eg hadde ikkje tålmod til å få eit skikkeleg bilete. Denne marihøna syntest vi var veldig skumle og kravla i full fart for å finne ein trygg plass. Til slutt klatra ho opp i Ingebjørg sitt hår og flaug sin veg.

0
0

Barnebarnsokkar/ Grandaughter socks

Eg fall for Karen Bauer sitt gratis mønster hos Interweave Crochet i vår ein gong, og kom godt i gong då. No har sokkane lege halvferdige sidan påske (eit av problema mine er at det er kjedeleg å strikke to like ting…upraktisk når det gjeld sokkar…), før eg endeleg gjorde dei heilt ferdige denne veka.

Granddaughter socks har tre hekla bestemorsruter i skaftet. Desse syr ein saman og plukker opp masker frå før ein strikkar helen. Det ser litt avansert ut, men gjekk veldig greit. Eg har strikka i Ugle frå Opal og er kjempefornøgd. Dei sit veldig godt på og er passeleg tjukke. Mine sokkar er sjølvsagt ikkje så lekre som orginalane, men så fin merino hadde eg ikkje i garnkassa…

My Granddaughter socks from Interweave Crochet are finnished. I love the pattern and the idea of crocheted cuffs.

My socks are knitted in owl from Opal and perfect for my cold feet!

0
0

Helg/ Weekend

Gjett kva som venta på meg då eg kom heim i dag. Nytt Rowan blad. Det ser lovande ut, men er har spart det til ungane var i seng og omgivelsane ganske ryddige. No skal eg ha meg eit glas vin og skikkeleg drøyme meg vekk.

The kids are sleeping, the apartment is almost clean, I have some wine in the fridge and a brand new Rowan magazine. This is a perfect way to start this weekend. Dreaming about stiches, yarn, soft wool…

0
0

Tilbake/ Returning

Fyrst av alt: Tusen takk for alle hyggelege helsingar i sommar. Det var veldig kjekt å gifte seg, og eg var skikkeleg heldig med val av ektemann (og veiret…). Det vart ein lang bloggferie på meg òg, men eg har gjort litt likevel. Noko av det vil nok dukke opp her etter kvart. Det vil også all den artige posten eg fekk i sommar (sniktitt her og her og her og her).

Mummiferien var heilt strålande for små og store. Vi fekk møte alle dei kjente figurane og leike i mummihuset. Det kjekkast var å møte dei heilt på skikkeleg og få kose med dei. Iver fekk ikkje nok og raste lukkeleg rundt i to heile dagar. På veg heim fekk mammaen ein time for seg sjølv i Stockholm. Der kom eg over dette fantastiske lingarnet. Eg har aldri sett så fint garn før, men eg veit ikkje heilt om eg tør bruke det. Det må litt prøvestrikking til, trur eg… Det naturfarga skal bli lue til prinsen min.

Thanks for all the nice coments og gratulations on our wedding. We had a great summer, but my blog has been neglected. I have done some crafting thoug and some of it will turn up here during the next weeks. I also got a lot of great mail. You can have a peek here and here and here and here.

Moominworld was great and moomin hugs are great for two-year-olds…

I also found some linen yarn I just had to buy. I’ve never knitted with linen before, and have to do some swatching.

0
0

Bloggferie, bryllaup og veske/ Blog break, wedding and bag

Det har vore litt stilt her siste vekene. Eg har fått mykje moro i posten, men eg er ikkje heime og skikkeleg rapport med bilete kjem etter ferien. Tusen takk til alle som har sendt pakke til meg siste vekene! Bryllupsførebuing og feriering tek det meste av energien akkurat no. Eg lovar å kome sterkare tilbake om nokre veker.

Denne bloggferien betyr ikkje at eg ikkje har laga noko… Kransekaketopp må til når vi skal gifte oss, men standardbrurepar er ikkje heilt oss. Den siste kreasjonen er difor kransekakepingvinar på isflak. Det er eindel ting som må ordnast når ein skal gifte seg, men no er det stortsett berre lakking av neglar att (nesten…).

Sjølve giftinga føregår utandørs i bunad, men eg har sjølvsagt fleire antrekk. Faste lesarar vert nok ikkje overraska over fargen på korkje kjolen eller veska.

Veska er inspirert av Evokes Loop-veske. Strikka i to nøster raudt Mor Åse-garn (hemmeleg ven-pakke), tova og perledekorert. Den vart akkurat som eg hadde tenkt meg og vil passe fint til fleire festar.

Wedding preperations and vacation with children resulted in a blog break (not intended) and I will not use much time here in the next weeks either. I got a lot of great presents in the mail the last weeks, and someone has really spoiled me. You know who you are; Thank you! I’ll give the rest of you pictures in a few weeks.

I don’t have craft break though. The wedding top penguins are for the «kransekake». A typical Norwegian festive cake. It is shaped like a to mountain (or tower) and decorated with bon-bons and flags.

We are getting married outside in the Norwegian national coutume «bunad» (read more at Norway needles), but I got another dress. I guess the colours are familiar for some of my regular readers.

The bag is inspired by the Evokes loop bag, but knitted, felted and beaded. It turned out like I imagined and will be great for more than one party.


0
0

Lukkeleg hund/ Happy dog

Whipup ber oss melde inn kva vi er mest nøgd med av det vi har laga i det siste.

Denne kosehunden må vere min favoritt av det eg har laga etter påske. Kosedyr er supergøy, og mest av alt dersom eg får til å lage mønsteret sjølv. Her fekk eg også hjelp og inspirasjon av Iver. Han ville at mamma skulle lage hund, og hund blei det.

Meir om hunden her.

Whipup asks for your resent favourite handcrafted item in WHiplash this month.

This happy dog is my own pattern and I love the way he turned out. Iver wanted mum to make a dog, and the dog wanted to be made.

More about the dog here.

0
0