And the winner is…

…Halaisa!

Eg har trekt blogiversary-konkurransen og vinnaren vart Halaisa! Tusen takk til alle som har vore innom det siste året.

The winner of the blogiversary-draw is Halaisa! Thanks to everyone for all the visits during my first blog year!

0
0

Ohelene a la Iver



Hundetøflene
til Iver er utslitt og for små. Dei var spesialbestilt frå ohelene.net i fjor haust og ein stor suksess. Då eg skulle bestille eit nytt par viste det seg at produsenten har ei lita bestillingspause. Heldigvis har ho vore så grei å legge ut mønsteret på nett slik at alle som vil kan lage sine eigne tøfler.

Litt skeptisk var eg nok til om eg greide dette. Ikkje hadde eg mykje skinn liggande heller… Løysinga vart ullfleece! Sålen er dobbel med tynt skinn frå ei gamal semska skinnjakke og ullfleecen. Det vert spennande å sjå korleis det oppfører seg i bruk. Varme og sklisikre er dei i alle fall.

Dette paret var eigentleg meint som ein test for å finne ut av mogelege modifikasjonar og dekor, men mottakaren er kjempefornøgd og stolt. Han har gløymt at han bestilte «krokodilletøfler med store tenner», og tøflene måtte vere med i veska då vi var ute.

Tusen takk Ohelene. Dette var gøy!

Iver got his «dog shoes» a year ago, but needed a new pair now. I ordered them from ohelene.net last october, but she gave herself a «leather shoe-break» for a few months this fall. Luckily she is not only a very good sewer, she is very kind one to. Ohelene has made a pattern for soft leather shoes, and gives it away for others to make their own.

I was not sure if I could do this, and a bit afraid of the leather. This morning I found some wool fleece and thin leather for the sole. Iver was a good assistant and an hour later he had a new pair. The sole is both wool and leather – hot and comfy!

This first pair was a test to check the pattern, but Iver does not want to take them of. He has completly forgotten the order of «crocodile shoes with big theet».

Thank you, Ohelene. This was fun!

0
0

Blogiversary

1. oktober er det eitt år sidan eg brått hadde ein blogg. Eg var svært nysgjerrig på dette nye mediet og måtte finne ut av det. På dette året har eg flytta, men mitt fyrste innlegg finn de her.

Temaet gav seg sjølv sidan eg har ein konstant trong for å lage ting, og ikkje minst hentar eg kvar dag påfyll og inspirasjon frå andre hobbybloggar. Det er faktisk ikkje alt eg har laga dette året som er dokumentert, men mykje. Bloggen hjelper meg å holde den raude tråden og gjere ferdig ting. Innimellom har eg nok laga ting for å blogge dei, men no er det heldigvis omvendt. Det er eg som styrer bloggen, ikkje bloggen som styrer meg. Har eg ikkje lyst å blogge vert det rett og slett ikkje gjort.

Det aller beste og mest fascinerande er alle kommentarane eg får og alle dei eg veit er innom utan å skrive noko. De er mange det ute og eg håper at de kjem att. Eg vert veldig inspirert på mine bloggrundar og veldig glad for alle dei nye folka eg har «møtt» det siste året. Takk! Eg veit eg skulle svart alle, men tida strekk ikkje alltid til og Blogger-teknologien er ikkje alltid til hjelp.

For å feire dagen vert det i god Bloggland-tradisjon utloddning. MagFly-vesenet på bildet får ein ny heim hos ein av dei som kommenterer i denne meldinga i løpet av 1. oktober. Lykke til og takk for all motivasjon og inspirasjon.

1th of October marks the date of my very improvised blog start. You find my first post here (in norwegian).

I have a constant urge to make things, and the blog is a great way to get some of it out. I also got to try this new media. I have not blogged everything made, but the blogging helps me keeping track of what I do and why. Blogging has to be for fun and I try to keep it that way; not blogging for the blog, but because I want to share.

The best about blogging is all the readers and all the comments. I love you, and wish I could reply to everyone, but there is not always enough hours. I know there are quite a few readers out there, and I hope you will keep on returning. All you fellow bloggers give me a lot of inspiration and I’m so glad to get to «know» you.

The blogiversary will be celebrated with a draw (in a typical blogland-way). The MagFly-softie at the picture will get a new home with one of the commenters during the 1th of October.

0
0

The war is on

Krigen er i gang, og kaoset er allereie ganske stort ute i strikkebloggverda. Det vart ikkje betre av at ein orkan råka arrangøren ved oppstart og kutta nettilgongen. Vi får sjå korleis folk finn måla sine etter kvart :-).

Eg har i alle fall gjort ferdig mine sokkar og sendt dei til USA. Mitt offer har allereie sendt eit par sokkar og rekk nok sikkert å felle endå ein krigar før eg tar ho.

I mi postkasse har eg ikkje sett dei fellande sokkane, men det er vel nokon der ute som jaktar på meg òg.

I finnished my first pair of socks, and they are on their way to my target. She lives in the US, has sent of a pair of socks and will probably be able to «knit down» another target before she is killed.

I have not seen any sock in my post box yet, but I guess someone is haunting me out there.

0
0

Måtte berre prøve/ Had to try it on

Iver har fått ny lue, og eg måtte prøve om den passa…

Modellen har eg sett hos Virtuella og Felisi og ser ut til å passe fint under sykkelhjelmen i haust. Symfoni frå HP-garn er eit nytt garn eg fann hos Bogerud. Veldig mjuk merino ull og godt å strikke med. Skulle gjerne hatt tilsvarande i einsfarga.

I just had to try the new hat on…

Soft merino and Iver is ready for the october storms.

0
0

Rogue-prøvelappar/ Swatching for Rogue

Den keltisk inspirerte hettegensaren Rogue har freista meg ei stund, Eris/ Rogue-alongen på Hobbyboden sparka meg i gong. Flettestrikk er ikkje mi sterke side, men denne er veldig fin og har passe menge fletter. Når eg kjem til hetta har eg sikkert fått meir trening.

Dette er faktisk mine to fyrste prøvelappar…nokonsinne… Eg VEIT at ein alltid skal strikke prøvcelapp, men så lenge eg brukar samme pinnenummer og garn som anbefalt stemmer det. Eg brukar å dobbeltsjekke når eg har strikka nokre cm, men kan ikkje hugse at eg har rekt opp. Denne gongen måtte eg finne garnalternativ sjølv og hadde veldig lyst på alpakkagarn. Eg torde ikkje anna enn å strikke prøvelapp.

Den raude er Misti frå Du store Alpakka. Det er den fargen eg eigentleg vil ha, men det vart for tjukt. Den grøne prøvelappen er dobbel Alpaca frå Garnstudio. Strikkefastheten vart akkurat som bestilt, men eg fann ikkje rett raudfarge. Det vart den mosegrøne akkurat som prøvelappen. Fin den òg.

Oppskrifta er laga av the girl from auntie og mange har allereie strikka den. Sjekk berre her og her og her…og mange held på: t.d. her og her. Dei som har lyst å sjå fleire variantar av Rogue kan sjå her.

I’ve been tempted by Rogue for a while and the Eris/ Rogue-along at Hobbyboden made me start. Cables are not my favourite knitting, but it’s so pretty and I have to try. When i get to the hood I will have a lot of practice.

This is actually my two first swatches…ever… I KNOW you should always knit a swatch, but my gauge is spot on when I use yarn and needles as adviced. (I do check after a while…).

For Rouge I had to find yarn myself, and then it is useful… The red one is my prefered colour, but Misti was to thick. The green swatch was perfect; Alpaca frå Garnstudio. I didn’t find the right red, but I like green too :-).

The pattern is made by
the girl from auntie and has gone through the blogworld more than once. Still a great pattern. You can see finished Rogues here and here and here…and some in progress: here and here. Even more here.

0
0

Sokkekrigen/ Sock Wars

Eg har meldt meg på sokkekrigen. At bloggverda byr på mykje moro visste eg, men dette er eit nytt eksperiment. Frå Yarn Monkey denne gongen. Reglane er som følgjer:

1. The first rule of Sock Wars is, you must talk about Sock Wars
2. The second rule of Sock Wars is, you MUST talk about Sock Wars.
(no really, for this to be a success we need as many combatants as possible)
3. Two socks to a fight
4. One fight at a time
5. No shirts, no shoes, just socks
6. Fights will go on as long as they have to
7. If this is your first time in Sock Wars, you have to fight

Eh…for dei som ikkje vart noko klokare trur er det fungerer slik: 22. september får eg tildelt mitt mål: ein krigar som eg skal drepe. Det gjer eg ved å strikke sokkar (etter det utdelte mønsteret som førebels er hemmeleg) så fort eg kan og sende dei til mitt mål. Denne krigaren er då ute av leiken (død) og må sende sine uferdige sokkar til meg i lag med info om hennar/ hans mål. Eg strikkar vidare på desse sokkane…

Mens dette skjer har sjølvsagt nokon fått utdelt meg som mål. Det sekundet eg har eit par ferdige sokkar i postkassa er det slutt og eg må sende dei sokkane eg held på med tilbake.

Det heile verkar ein smule kaotisk og 784 strikkarar over heile verda er påmeldt. Mange av dei har aldri strikka sokkar… Eg greidde ikkje holde meg unna, så det får gå som det går.

Arsenalet som trengs er 170 meter garn med strikkefasthet 22 m per 10 cm på pinne 3,75. Eg har noko Østlandsgarn eg trur passar, så då er det berre å lene seg tilbake og vente på informasjon om målet.

I signed up for Sock Wars. This is 784 knitters trying to kill each other with socks. Totally crazy, but I had to do it…

The battle starts at 22th og September. My arsenal is ready for a good fight.

0
0

Klar for hausten/ Ready for fall

Eg er inne i ein strikkebølge og heldigvis vert noko av det er gjer som eg hadde tenkt. Det raude sjalet er er ein modifisert variant av dette sjalet frå Garnstudio. Det vert strikka i bjørnebærmønster frå spissen og opp sånn at du kan slutte når sjalet er stort nok, eller det er tomt for garn. Det eg hadde tenkt meg var eit lite trekantsjal til å bruke i halsen på dei jakkene som ikkje kan knappast heilt opp. Dersom det vert kaldt på kontoret passar det dessutan fint til å legge over skuldrane utan å vere i vegen.

Garnet er Misti frå Du store alpakka. Eg brukte pinne nr. 10 for å få den luftige kjensla. Sidan garnet er så lett tvunne vart det akuurap som planlagt. Eg er ikkje så glad i langhåra mohair, så dette vart eit godt alternativ.

Lua er Hope frå Kim Hargreaves. Kjapt hekla i Rowan Big Wool. Det garnet er så mjukt, og eg har vel ein rest på ca 80 gram igjen. Litt lite til vottar?

Så no kan hausten kome!

Some of the knitting turn out the way I plan… This scarf is knitted from the narrow end and you could st Det vert strikka i bjørnebærmønster frå spissen op whenever you want. I need a scart to warm my chest when my jacket is open. It even heat my shoulders in a cold office whitout beiing to big to work in.

The yarn is Misti from Du store alpakka.

The hat is Hope from Kim Hargreaves. Rowan Big Wool is so soft, and I have about 80 grams left. Probably not enough for mittens…

Hello, fall! I’m ready…

0
0

Ikkje heilt fornøgd/ Not very satisfied

Alt har ikkje blitt heilt som planlagt i det siste…

Den lilla veska skulle vere til Rosa Sløyfe-hobbyaksjonen, men vart feil propsjonert og ser idiotisk ut så fort du puttar noko oppi. Handtaka var eg forsåvidt fornøgd med, så den ideen var god. Eg kjem til å lage ei heilt ny med fleire fletter. …og den mislykka skal eg finne på noko anna med.

Lua vart heller ikkje som planlagt. Eg håpte nøsteven-nøstene min skulle holde til ei lue, men det vart ikkje nok. Iver er 2,5 år og denne lua har vi prøvd på ei snuppe på 7 mnd. Den var for lita til ho òg. Nei, det strikket der må nok rekkast opp.

Garnet derimot var fantasisk godt og mjukt å strikke med. Skal tru om eg kan kombinere det med dobbel alpakka?

My knitting didn’t go as planed lately…

The purple bag should be donated for a Pink Ribbon-auction (raising money for breast cancer research), but the propotions are all wrong and does not look good. I’m happy with the handles, and will make a new bag with more cables. I have to find a new use for this misshaped one.

But the hat has to be frogged. I intended to use my One skein-skeins for hats for both the kids, but this was not enough yarn. My son is 2,5 years, but this hat was not big enough for a 7 month old baby.

I have not given up the hat idea, but need a new pattern or som yarn that can be used together with the Frog Tree skeins.

0
0

Nettsveip #3


På tide med eit nytt nettsveip. Eg har vor utan nett i nokre dagar og kjensla av 200 uleste postar på Bloglines er ikkje så verst. Her er nokre høgdepunkt:

Strikkelise har fått «special mention» på Whip up.


Utlandet har oppdaga at Skrik er heime att og markere det på sitt vis.


Min hemmelege nøsteven har fått sin pakke.


Nytt MagKnits.

…og ikkje minst; ei bruksanvisning på korleis du kan få det ferdige strikketøyet til å lyse. Eg ser for meg ganske mange gode veskeidear!

0
0