Skikkeleg nerdejulegåve

Eg er så heldig å vere gift med ein mann som forstår at noko kan vere kjekt for meg sjølv om han ikkje forstår heilt kva det er og kvifor eg ønskjer meg det – i alle fall når det er strikking involvert.

Til jul fekk eg altså medlemskap i Ysolda sin sjalklubb. Det er ei julegåve som kjem til å vare minst eit år. Annakvar månad kjem det eksklusivt sjalmønster og tilhøyrande garn. No er det berre eit par veker til fyrste mønster og garnpakke kjem. Eg veit det er strikkenerdete, men dette gler eg meg villt til. 

Ysolda har plukka garn frå sine favorittprodusentar og designa sjal (og sjalliknande saker) ekslusivt for medlemmane. Eg har alltid lært mykje når eg har strikka mønster frå Ysolda, of har 3-4 av sjala blant favorittane, Det er når eg tenkjer meg om stortsett Ysolda-sjal eg har strikka når eg ikkje strikkar rillesjal. Satsar på at 2015 vert eit sjal år. Reknar ikje med at eg får strikka alle like fort som dei kjem, men skal gjere mitt beste.

I ventetida boltrar eg meg med ein annan nerdeting frå Ysolda. "Follow your Arrow 2"-mysteriesjalstrikk i 5 delar. Det kjem to alternativ kvar veke, og kan ende opp med 32 ulike variantar. Sjekk ut på Ravery. I spoiler-tråden finn du mange fine sjal…og nokon som ikkje er like fine… Eg var med på "Follow your arrow" i fjor òg, og det tjukke, oransje sjalet har vore mykje brukt. I år vert det grønt sjal på meg, og det er kjekt å følgje med på alle dei andre sjala som vert strikka over heile verda

 

0
0

Ut av dvalen

Blogginga fekk seg ein knekk i alt julekaoset, men no er det på tide å plukke opp att maskene. Veit ikkje heilt kva som skjedde, men kjenner meg ikkje heilt heime i det nye bloggverktøyet til Woolspire, men det kjem seg sikkert.

det betyr jo ikkje at eg ikkje har strikka. Noko av det som vart strikka kunne eg jo ikkje vise fram sidan det skulle pakkast inn. Det eg rakk å ta bilete av dukkar kanskje opp her etter kvart, Fyrst ut er den gule genseren, betre kjent som Owlets av Kate Davies. Dessverre vart den for liten til ho som hadde bestilt den, men det gjer ingenting når den passar perfekt til veslesystra. Ho som ikkje fekk har ønskt seg ein annan, så det blir nok bra. Ugle-genseren er strikka i trippelt Daletta frå garnlageret.

Av anna strikkenytt har det dukka opp ei strikkemaskin i huset. Eg har lånt ein Knitmaster 210 fordi eg skal på kurs, og alltid har hatt lyst til å lære å strkke med strikkemaskin. Eg har høyrt mykje om den maskina farmor hadde, og har bunkevis med mønster, så det her skal bli spennande å prøve.

Førebels har det berre vore vase, men etter nokre timar med maskina, bruksanvisning frå internett og You tube fann eg ut kva som (truleg ) er problemet. Svampstaven som held nålene på plass er morkna etter mange år i ein kjellar. Ein ny er på veg i posten, så nården kjem satsar eg på at det fungerer betre. …også skal eg jo på kurs. 

0
0

Endeleg ein mjuk nok genser

Midt i julegåvestrikkinga oppdaga Iver at det nøstet ag hadde var mjukt nok. Ei lue i Puno-garn kunne ligge på magen utan å klø, og då var ikkje spørsmålet langt unna:

Kan du strikke ein grønnissegenser til meg før nissefesten? 

Han vil jo aldri ha noko heimestrikka, så her var det om å gjere å snu seg rundt litt. Vi gjekk i garnbutikken og fann rette fargen – skikkeleg skoggrøn. Mamma fann fram tjukke pinnar og la alt anna til side. Og etter ei veke var genseren klar. Det er ei veke til nissefest i lada, så vi gjekk til Bestemor sitt nissehjørne for å ta biletei rett miljø.

Det er ikkje brukt mønster, men strikka etter nissekroppen. Det vart raglanfelling med ein vri på skuldrane, og litt høg hals med opning framme. Armane kunne ha vore litt vidare, men passar kjempefint med tynn genser eller t-skjorte under. Garnet er ein tråd Puno Melange og ein tråd Puno Petit, strikka på pinne 10. Godt garn, for det fyller ut maskene og blir veldig fint. Det gjekk ikkje med så mykje garn heller. 3 nøster Puno og  1,5 Puno Petit. 

Grønnissar, spør du kanskje? Det får vere til eit anna innlegg, men dei finst. Eg lovar.

0
0

Julehjerter av snorer

No i desember snik juestemninga seg gradvis innover oss, og eg likar at det kjem fram litt og litt meir pynt før den store pyntinga lisjejulafta. I år har eg tatt inn eit lite furutre og hengt opp eit enkelt julehjerte. 

Dette er rett og slett ei strikka snor, eller hestetaumar som nokon kallar det. Andre kjenner det best som i-cord. Du kan lett lage slike snorer med ei strikkelise eller strikke dei på to pinnar. Drops har ein god forklaringsvideo her

Strikk 25 cm snor og kutt av trådenden. La den vere litt lang, for denne skal du sy saman med. Stikk blomstertråd/streng inn i snora sli at du kan forme det til eit hjerte. Eg brukar å bøye til ei lita løkke i kvar ende av strengen. Då stikke den seg ikkje så lett ut att, og du kan feste litt i den.

Når du har foma hjertet festar du trådane og syr saman i spissen. Heng opp! Det er fint å variere hjerta i storleik, garntype og farge. Også kan du sjølvsagt lage andre former en hjerter. 

Sjølv har eg juksa litt og kjøpt meg maskin. Den vert mellom anna kalla strikkemølle, og lar deg sveive fram snorer. Det vart litt rot i starten, men med grundig lesing av bruksanvisning fekk vi det til. Det er viktig å følgje med og sveive jamt slik at den ikkje hoppar over masker. Med eit slikt verktøy opnar det seg mykje nye mogelegheiter og kanskje litt for mange nye planar..

Dette innlegget er ein del av Woolspire sin julekalenderbloggstafett der du kan få juleinspirasjon kvar dag i heile desember. Sjekk ut luka til Sine i går. Ho har lagt ut mønster til kjekke luer. Fine dersom du treng nokre raske gåver. Kvilekaos i går med oppskrift på ein hekla stjerneklut.  I morgon kan du besøke Woolspire for litt meir inspirajon og luke sju. Det går dessutan rykter om ein konkurranse.

God helg!

0
0

Mosevottar frå Island

 

Det har vore mykje islandsk strikk i det siste, men for det meste med garn frå Istex. Då eg oppdaga at den islandske designaren Helene Magnusson har lansert eige garn med tilhøyrande vottekolleksjon måtte eg bestille ein liten garnpakke for å prøve anna garn. Gryla er et tynt 2-trådsgarn av islandsk ull, men spunne i italia. Magnusson har laga mønster basert på gamle islanske møntster, men dette er heilt klart moderne modellar. Eg har også lese boka ho har skrive Icelandic Handknits: 25 Heirloom Techniques and Projects. For dei som er interessert i islandske strikketradisjonar er den ei god innføring, der designaren har laga moderne prosjekt.

Frå Gryla-kolleksjonen valgte eg Mosi, mest på grunn av fargane. Vi hadde ein lite hyttetur i helga (sjå kor godt strikket står til bordet), og då fekk eg starta den fyrste votten. For meg er dette eit av dei mest spennande strikketøya eg har strikka på ei stund. Må berre strikke ein omgang til…og ein til…og ein til. Berre for å sjå korleis det blir.  

Så no må eg berre strikke litt til.

 

0
0

Vi ventar på skiføre

I fjor ver det ikkjemykje skiføre å snakke om og førebels ser det dårleg ut denne vinteren år. Dei siste dagane har gradestokken krope ned rundt null. Her langselva betyr det at elvedisen legg seg som eit rimlag på alt. Markane vert lyse og lette,ogdet hjelper på når sola har gøymt seg bak fjella for vinteren.

Og skiturvottane min er klare. Eg hadde både lyst å strikke Monstermønster sine Nøkken-vottar og mønsterstrikk i Lettlopi, så då vart det begge deler. Orginalmønsteret er i tynn ull, men med mange storleikar, så eg plukka den storleiken med så mange masker per omgang som eg trudde passa. Og det stemte. Str 2-4 år strikka med Lettlopi vart akkurat passe til ei medium damehand. Mansjettane vart litt lange sidan eg gløymte å strikke færre omg i starten, men det gjer ikkje noko for meg som ikkje vil fryse.

Nøkken er eitt av mønstra i samlinga Votter fra eventyrskogen. Du kan lese meir om Nøkken her.

0
0

Strikk i mellom – helgerapport

 

Helga starta med Kulturnatt i Nordfjord med mykje på programmet for heile familen. Tett i tett med speleoppdrag og kulturopplevingar, men fyrst fekk eg presentere Islandsk strikk-boka på bokkafe på Frivilligsentralen. Observante lesarar kansjå at eg nesten har strikka ein Nøkken-vott. Eg blir dratt mellom isladsk strikk, hemmeleg strikk, nissestrikk og gåvestrikk for tida, så då strikka ag like godt nokre vottar innimellom. Fordi eg villle ha vottar i Lett-lopi la eg opp str 2-4 år, og dei passar perfekt til meg.  

Så det har vore ei innhaldsrik helg med kulturnatt (bassisten i heimestrikka nisselue er min 14-åring), følbesøk, novembbertre i stova og til slutt fakkeltog mot mobbing.

 

0
0

Hittegods – ein redningsaksjon

Den nye favorittlua har vore borte i nesten to veker. Dusken av alpakka (den mjukaste vi har funne) har knapp og fordi det regna låg den trygt i ein lomme, og på mystisk vis kom ikkje lua heim…før i dag.

Kliss blaut etter typiske vestlandshaustdagar, full av rusk og rask og med lukt av sur ull. Akkurat no ligg favorittlua i vaskemaskina, og vi kryssar fingrane. Kan det går bra?

Oppdatering: Det gjekk bra. Favoritthua ligg til tørk. Ser berre litt meir velbrukt ut.

0
0

Å falle for ei revebjelle

 

I lag med store delar av stikkeverda ventar eg på boka Yokes av Kate Davies. Den er på veg frå trykkeriet og vert sendt ut til oss som har bestilt på førehand på måndag. I ventetida presenterer Kate Davies design etter design på bloggen sin – og i dag kom det ein favoritt for meg. Foxglove, eller revebjelle, og den har revebjeller på bærestykket.

Revebjelle er Sogn og Fjordane sin fylkesblomst, og ein av dei vinaste eg veit, Då eg voks opp var den litt magisk sidan den er giftig OG medisin. Kjekt å oppdage at revebjellene er like fine på andre sida av havet. Les meir om revebjelle her.  

Biletet er lånt frå Kate Davies, og klikkar du på det kjem du rett til bloggen hennar. I den nye boka skriv ho om historia til det runde bærestykket. Kvar kom designet fro og kvifor har det blitt så populært. I tillegg får du sjølvsagt ei rekke nye møntster strikka med rundfelling. Det er mange fine, så eg gler til boka dukkar opp i postkassa. 

0
1

Kan vi starte no…?

Så fort vi bikkar 1. november startar det å krible bakerst i haudet. Det ringe bjøller og min indre julzilla  startar å lage lister. Julegåvelister, julekaoslister, kakelister…og ikkje minst lagelister. Kva får eg laga i år? Til kven. Det er så mykje eg har lyst til, vottar, gensrar, vinflaskenissar, bokhyllenissar, tøfler og julekuler. 

I år har eg lagt alt for mange strikkeplanar og har eit rom med islandsk ull. Tenk om alt kunne blitt julegåver. Det er sjølvsagt plan A, men så dukkar det opp andre planar og andre garnlyster. Og skulle ikkje eg gje den boka? Kvar er plan B? Det brukar å ende opp med ein eller to strikka julegåver, men kanskje er det i år eg får strikka litt meir? 

Og innerst inne veit eg at når eg skal bake meir enn 20 peppekakehus siste veka i november vert det vel ikkje ti vottepar i år heller. Heldigvis kjem det jul kvart år, så trua på det eg får tid til neste år lever godt. Det er å tenke, planlegge og kjenne på førjulstida er det kjekkaste. No har skumnissane dukka opp, så då er det lov til å glede seg. Også skal eg lage noko med bjøller i år…eller neste år. 

 

I tillegg held eg på med noko hemmeleg strikk som ikkje kan avslørast heilt endå. Strikka i det gamle favorittgarnet mitt, Rauma 3-trådsgarn. Eg hadde heilt gløymtat det er så godt. Godt å strikke med, fine fargar og plagg som held seg godt. 

0
0