The Beaufort Tea Party

Manne har invitert på teselskap, så eg nyttar høvet til å vise fram den ny lua mi og favorittkoppen.

Koppen min er Höganes porselen. Akkurat denne modellen har desverre gått ut, og eg får ikkje tak i fleire. Den har akkurat passe bøy i kanten og god, matt overflate å drikke av.

Lua er Beaufort av Angela Hahn, som eg fann hos Bente B. Lua er inspirert av Beaufort skalaen, og mønsteret minner om skumskavlane som oppstår på sjøen berre det bles nok. Det er vel ikkje rart at eg som har vokst opp på ein av dei mest vindfulle plassane i landet fall pladask for dette mønsteret.

Eg brukte dobbel alpakka på pinne nr 4,5 og er godt fornøgd med resultatet. Lua er god og varm og sit godt på. Det gjer ingenting å ha den på inne.

Manne invited to a virtual tea party this friday.

I am showing of my favourite tea cup, and my new hat.

The hat is Beaufort by Angela Hahn. I found it first on Bente B, and used some left over alpaca. It keeps my head warm without boiling it.

0
0

Egg på tur/ Traveling eggs

Vi kjenner nokre flinke høner. Dei legg mykje egg og kvar gong vi er i Nordfjord får vi med oss gode egg heim. Desse er spesielt gode til å lage pannekaker av.

Vi har ikkje vore hos desse hønene sidan jul, men i dag har alle skia våre reist med buss over Strynefjellet. Dei fekk med selskap av ein del egg. Egga var som de ser pakka godt og kom heilskinna fram alle 51.

We know some really nice chickens, and they lay perfect eggs for pancakes. Sadly they live a 10 hour bus ride away, but when we visit we always get a big batch.

We did not take this bus today, but these eggs did! They made it to Oslo all 51 of them.

0
0

Teppe med eigar/ Blanket and owner

Eg har ikkje laga denne vesle luringen, men teppet står eg for. Anton er tre veker og en hyggeleg liten fyr. Mora passar sjølvsagt på at han har smokk som passar til teppet, og etter det eg har høyrt varmar det den vesle kroppen passe mykje.

Teppet er strikka i nøstebarnull (2 trådet merino) på pinne nummer 8. Eg likte fargen veldig godt, og er imponert over utvalet i fargar hos Nøstebarn for tida. Det er mykje eg kunne tenkt meg å lage av den ulla.

Etter teppestrikkinga har eg starta på ein tjukk svart ullgenser i Hubro til meg sjølv. Den eignar seg ikkje til blitsfotografering, så dokke får vente til den er ferdig. På pinne 9 burde det går ganske fort.

I did not make this little boy, but I’ve knitted him a blanket. Anton is three weeks old and a nice little fellow. Even though we have a warm winter this year it looks comforting to have a merino blanket.

After the blanket I started a thick, black, warm sweater for me, but lack of daylight makes it look like a black hole on pictures. You will have to look forward to an outdoor finished version instead. It knits up quite fast on needles #9.

0
0

Måtte berre sjekke/ Had to find out

What kind of yarn are you?


You are Mohair.You are a warm and fuzzy type who works well with others, doing your share without being too weighty. You can be stubborn and absolutely refuse to change your position once it is set, but that’s okay since you are good at covering up your mistakes.
Take this quiz!

Mohair er ikkje min favoritt, men artig test likevel. Tjukk merino er det eg ynskjer å vere, men kva type person er det?

Kva garntype er du? Sjekk sjølv og legg att ein kommentar.

Mohair is not my favourite, but this test was fun. Merino is more me…or…

What kind of yarn are you? Take the quiz and leave a comment.

0
0

Besøk på kjøkenet/ Kitchen visitor

Denne gjesten hadde forsynt seg av druene då eg kom inn på kjøkenet i går. Då eg sto opp i dag var alle druene borte…

This little fellow helped himself to a treat yesterday. When I got up this morning all the grapes were gone…

0
0

Rare ting om meg/ Weird things about me

Det er mange som har avslørt rare saker om seg sjølv i det siste. Berre sjå her og her og her og her

Reglane er som følgjer:

Skriv seks rare ting om deg sjølv og be seks andre gjere det same.

Så her kjem det du kanskje ikkje visste om meg:

  1. Eg likar å ligge på ryggen og kjenne lukta av litt vått gras og sjø mens eg ser på skyene. Trur eg gjorde det mykje då eg var så liten at eg vart jaga ut for å leike.
  2. Den beste julegåva eg har fått er ei Kenwood kjøkenmaskin – og ja, eg brukar den ofte…
  3. Eg har strikka ein mygg…og nokre Daphniaer
  4. Eg elskar å rekne…helst i haudet!
  5. Mannen min les høgt til meg på senga kvar kveld. Det har han gjort i meir enn ti år, og akkurat no held vi på med denne boka. Spennande!
  6. Eg kan ganske mykje om fisk.

Dei fleste er nok tagga av denne, så eg lar utfordringa gå vidare til alle som har lyst å avsløre seg sjølv litt. Ikkje farleg, berre moro.

Here are some weird things about me:

I like to lye on my back and look at the sky.
My best Christmas present ever was a Kenwood kitchen machine.
I’ve knitted a mosquito.
I love math.
My husband reads to me every night. At the moment this book.
I know a bit about fish.

Consider yourself tagged, and have fun thinking about weird you.

0
0

God jul

Eg har rett og slett ikkje vore heime i godt nok lys til å fotografere dei siste vekene, så desse snømennene fanga med mobilkameraet tidleg i desember får ynskje dykk god jul.

Desse snømennene laga eg i lag med ei veninne for nokre år sidan. Dei er frå ei oppskrift i KK si juleutgåve og vi hadde skikkeleg samlebandsproduksjon. Ho fekk 24 til julekalender, og eg fekk resten…

Den ferskaste produksjonen av saker og ting er pakka inn og klar til å ligge under diverse juletrær. Eg vart ferdig med det eg hadde tenkt, men no skal det bli godt å ta ferie.

God jul til alle lesarar, og velkomen tilbake til neste år. Det vert nok litt å vise fram i 2007 òg.

These snowmen has been a part of our Advent house for some years. This year they will wish you all a merry, merry christmas.

Most of the gifts are wraped up and ready to go, and I really look forward to some vacation. I hope to hear from you all next year too. I guess 2007 will be another crafty year!

0
0

Tre vekar att/ Three weeks left

Adventstida er kort i år, men vi skal få tid til å kose oss litt desse tre vekene. Laurdag hadde vi det årlege pepperkakehus-pynte-kaoset. Det vart mange hus, mange ungar, mykje pynt og ein vellukka ettermiddag. På det meste var det 11 ungar her i alderen ein månad til sju år, men det gjekk utruleg bra og eg trur alle kosa seg.

Det er sjølvsagt galskap å gjere dette år etter år, men nokon tradisjonar gir seg litt sjølv. Vi har etter kvart fått erfaring, og ungane vert større for kvart år (…og fleire…) det var mykje verre det året alle var tre år!

Litt strikking vart det tid til òg. Iver skal ha julemesse i barnehagen på torsdag, og får med seg to nye vinterluer. Sjølv er han godt nøgd med den grøne lua si og brukar ho i barnehagen kvar dag.

Advent is just three weeks this year, but we will try to do some nice activities these weeks. Saturday we had 11 kids over to decorate their own Gingerbread house. Chaotic but everybody had fun, and this is a tradition. It was a much worse mess the year almost everybody was three years.

I also managed to squeeze in some knitting. These two winter hats are going with Iver to kindergarten to morrow. They will have a fair later this week.

My blog looks a bit neglected these days, but I have various projects not ready to post until 25th of December. Stay tuned!

0
0

Ventetid

Med julafta på ein søndag vert advent ganske kort i år. Vi er jo allereie godt inne i kalenderen utan å ha tent eit einast lys.

Julekalenderen er som vanleg fyllt opp av heile familien til heile familien. Det var fyrste gongen Iver verkeleg forsto opplegget i år, og han kom fleire gongar heim med små posar med hemmelege gåver i.

Nedanfor kalenderen sit nissefamilien og passar på. Den har vore i produksjon ganske lenge, men no rekna eg den som ferdig. Nærare prestentasjon kjem etter fotografering i betre lys.

Det er ikkje handarbeidstørke her sjølv om bloggen ser litt slik ut, men det ville vere dumt å vise bilete av alle julegåvene. Dokke får heller kike litt på amaryllisen vår. Løkane er kjøpt inn i Amsterdam i slutten av november og skal blomstre til jul. Framdrifta vert dokumentert etter kvart.

0
0