Garnsouvenirar frå 2011 vart sjal

Ullungen min la sin elsk på det nye Ysolda-sjalet mitt, så då måtte eg finne på noko. Det sjalet vil eg nemleg ha sjølv.
 
Då gjekk vi til garnskattane mine for å finne noko som passa. Eg har kjøpt nokre souvernirnøster her og der på ferie, og dei ligg for seg sjølv og lengtar etter oppdrag. Desse er nøste utan ein plan, men ofte spesielt garn som eg ikkje får tak i – og ekstra fint. Eg kan ikkje bruke dei sånn heilt utan vidare, men Ingebjørg elskar ull og kjem til å bruke dette sjalet.
 
 
Denne hespa er kjøpt på Lystbækgaard. Ein gard vi kom forbi og køyrte innom på danmarksferien i 2011. Der var det masse ull og ei dame som sat og spann. Det viste seg at det var eit besøkssenter for ull med mykje aktivitet og spennande varer i gardsbutikken. Det er er aldri lett å stå i ein slik godtebutikk og velje garn, men denne hespa vart med heim.  116 gram ganske tjukt spelsau-garn. Både grovt og mjukt på ein gong og godkjent av Ullungen.  
 
 
Garnet passa ikkje Stac Shoaigh-mønsteret, men vart inspirasjon for fantasien i lag med mage andre sjal frå Shetland. 
 
Det var ikkje nok til noko stort sjal, men frå same tur har eg nokre hesper garn frå mohairgeit. Mellom anna ein brunfarge Ingebjørg likte. Det bassa fint som kontrast dersom eg la det dobbelt.  
 
Sjalet vart godkjent og Ullungen nøgd, så no skal eg skrive ned mønsteret. Litt meir prøvelappar og test av garnvalg, og så treng eg nokre testarar. Ser for meg eit godt og varnt garn i litt grov struktur.
 
SKal sjekke garnskattane om der er noko meir garn som passar. Er det andre som kjøper garn når de er på ferie? Kva gjer de med desse nøstene?
 
 
0
0

Ferdig! …om sjal, sauer og Shetland

 
Dette er ei av dei kjekkaste julegåvene eg har fått. Tenk å få ein hemmeleg pakke med spesiallaga garn og mønster annakvar månad? Kjekt å vente, kjekt å få, kjekt å strikke og kjekt å få ferdig, sånna at det kan brukast. Eg var så heldig å få medlemskap i Ysolda sin sjakklubb til jul, og dette er februarsjalet. Alt for lenge til april eigentleg.
 
 
Garnet er spesiallaga til klubben og mønsteret, Denne gongen var det Soay Bronze spunne for Ysolda av Blacker Yarns. Ein tredel alpakka, ein tredel shetlandsull og ein tredel frå den vesle sauerasen på kortet Soay. Rasen er ein liten rase som stammar frå øya Soay i St. Kilda skjergarden vest fro Scotland. Ein liten, standhafting øysau som feller pelsen slik at den kan plukkast av. Som  biolog var det ekstra kjekt å finne så mykje spennande forsking på akkurat denne sauen.
 
 
Sjalmønsteret Stac Shoaigh er ganske enkelt, med akkurat så mykje detaljar at det vert spannande. Her ser du det ferdige sjalet før eg blokka det (har vi eit godt norsk ord for blokking, forresten?) EIn mjuk, brun ullklump. Og sånn er det ofte med sjal. Du må fukte dei og spenne dei opp til tørk før mønsteret kjem godt fram. 

Sidan ein tredel av garnet er frå Shetland er sjalet mellom anna inspirert av shetlandske Hap-sjal. Orden hap tyder noko slikt som "til å holde varm" og vart brukt som både tepper og ytterplagg. Eg trur eg må skrive meir om desse sjala seinare. Orginalen har rillestrikk-kvadrat i midten og ulike variantar av blondestrikk rundt. Her har Ysolda lagt til ein bladbord og variant av havskum-mønster. Det var både kjekt og strikke og ikkje så komplisert. Passa fint til tvstrikk.

 
Shetland er omtrent i nabolaget for oss som vaks opp i ein fiskarlandsby på Vestlandet. Eg har ete Shetlandsgodt (Quality street) så lenge eg kan hugse, badedrakten min hadde farfar ein gong kjøpt på Shetland, dei finaste julelysa kom frå Shetland. Med andre ord ei fantasiverd.
 
Som student var eg så heldig at vi reiste på tur med forskingsfarty til Shetland. Forblåste øyar ut i havet, men likevel kjent. Det var ikkje mange timane vi var i land, men eg såg sauene. Fine sauer!
 
Så medan eg har strikka mitt Stac Shoaig-sjal har eg tenkt på Shetland. På ull og mønster og strikketradisjonar. Også på Shetland strikka damene for å tene pengar medan mennene var ute og fiska. Så no drøymer eg om å reise på Shetland Wool Week.
 
Inntil vidare får eg kose meg med det fantastisk flotte vårsjalet mitt…eller vent litt. Nokon har lånt det :-). 
 
0
0

Sauen Shaun på Filmfest (oppdatert med Ravlry-lenke)

Søndag vart mønsteret til Sauen Shaun lansert under strikkekafe under Nordfjord Filmfest. Eg tok på meg oppdraget over ein kaffikopp, og var litt usikker på om eg greidde å skrive mønsteret enkelt nok. Å strikke ein figur går ganske greit på frihand, men det er ikkje alltid like lett å forklare kva eg har gjort. Denne gongen er det teststrikka, så eg trur det går an å forstå. Takk til flinke strikkarar som har kome med gode tilbakemeldingar!

Her finn du Sauen Shaun på Ravelry.

Her er mønsteret til alle dei som ikkje var på Eid kino i går. Du finn tips og triks nedst. 

Sjå, Sauen Shaun!  

Strikk din eigen Sauen Shaun. Det passar fint å strikke ein sau mens du ser den nye Sauen Shaun-filmen, eller t.d. Wallace & Gromit-filmen "Wallace forelsker seg". Det er i den filmen Sauen Shaun dukkar opp for fyrste gong som lam i 1995. No er han vaksen og har fått sin eigen film.

Materiale
Sauen Shaun bør sjølvsagt strikkast av saueull, men alt går an å bruke. Det passar fint å bruke restegarn. Mønsteret er skrive slik at tjukkelsen på garnet bestemmer kor stor sauen blir. Bruk ein rest kvitt og svart garn, men pass på å bruke omtrent same garnkvalitet på alle delane. Til sauen på biletet er det brukt Alafosslopi, men t.d. Rauma vamsegarn, Dale Freestyle, Dale Hegre, Sandnes Fritidsgarn eller noko heilt anna kan passe. 

Fyll sauen med fyllvatt eller karda ull (ullflor).

Her er det laga auge av filt og limt på. Du kan brodere på auge eller kjøpe ferdige bamseauge. Hugs at knappar og bamseauge som ikkje er festa med tryggleiksskive ikkje bør brukast til små barn.

Pinnar
Sauen Shaun er strikka rundt på 5 strømpepinnar. Det er viktig at arbeidet vert strikka litt fast, så ikkje fyllet viser gjennom. Bruk den minste pinnestorleiken som passar til garnet du har valt, eller eit halvt nummer mindre om du strikkar laust.

Strikkefastheit betyr ikkje noko for dette mønsteret så lenge du brukar pinnar som passar til garnet.

Kroppen
Legg opp 8 m på fire p med kvitt garn. Strikk rundt. (Tal masker etter omg står i parantes.)
1. omg: Alle m r (8)
2. omg: Auk 1 m i kvar m (16)
3. omg: Alle m r (16)

4. omg: Auk 1 m i kvar m (32)
5. omg: Alle m r (32)
6.- 25. omg: Dobbel perlestrikk (sjå i tips). (32)
26. omg: Felleomgang: Hald fram med dobbel perlestrikk, og fell slik *str 5 m, løft 1 m av, str 2 m smn, løft den første m over, løft 1 m av, str 2 m smn, løft den første m over, str 5 m*. Repeter mellom **.(24)
27.- 31. omg: Dobbel perlestrikk. (24)

No må du feste trådane og fylle med vatt etter kvart som du feller og lukkar kroppen. Det er ikkje mogeleg å fylle i meir etterpå.

32. omg: *str 2 r smn, str 2 vr smn*, rep mellom ** ut omg (12)
33. omg: Alle m r (12)
34. omg: *str 2 r smn*, rep mellom ** ut omg (6)

Hovud
Legg opp 8 m på fire p med svart garn. Strikk rundt. (Tal masker etter omg står i parantes.)
1. omg: Alle m r (8)

2. omg: Auk 1 m i kvar m (16)
3. omg: Alle m r (16)
4. omg: Auk 1 m i annakvar m (24)
5-9. omg: Alle m r (24)
10. omg: *2 r, 2 r smn, 2r*, rep mellom ** ut omg (20)
11-12. omg: Alle m r (20)
13. omg: *1 r, str 2 r smn, 4 r, str 2 r smn, 1r*, rep mellom ** (16)
14-15. omg: Alle m r (16)
Skift til kvitt garn
16. omg: Alle m r (16)
17.- 22. omg: Dobbel perlestrikk (sjå i tips). (16)

No må du feste trådane og fylle med vatt etter kvart som du feller og lukkar hovudet. Det er ikkje mogeleg å fylle i meir etterpå.

23. omg: Alle m r (16)
24. omg: *1 r, str 2 r smn, 1 r*, rep mellom ** ut omg (12)
25. omg: *str 2 r smn*, rep mellom ** ut omg (6)

Sjekk at du har fyllt og forma hovudet godt. Klipp av garnet, tre gjennom resten av maskene og fest godt.

Armar (strikk 2):
Legg opp 8 m på fire p med svart garn. Strikk rundt. (Tal masker etter omg står i parantes.)

1.-16. omg: Alle m r (8)
17. omg: Auk 1 m i annakvar m (12)
18.-20. omg: Alle m r (12)
21. omg: *str 2 r smn*, rep mellom ** ut omg (6)

Klipp av garnet, tre gjennom resten av maskene og fest godt. Fyll med vatt før du festar dei på kroppen.

Bein (strikk 2):
Legg opp 8 m på fire p med svart garn. Strikk rundt. (Tal masker etter omg står i parantes.)

1.-18. omg: Alle m r (8)
19. omg: Auk 1 m i annakvar m (12)
20.-22. omg: Alle m r (12)
23. omg: *str 2 r smn*, rep mellom ** ut omg (6)

Klipp av garnet, tre gjennom resten av maskene og fest godt. Fyll med vatt før du festar dei på kroppen.

Øyre (strikk 2)
Legg opp 8 m og strikk rillestrikk fram og tilbake.
1. omg: Alle m r
2. omg: Strikk 5 m r, snu og strikk tilbake
3. omg: Alle m r
4. omg: Alle m r
Fell av alle m.

Hale
Legg opp 8 m med kvit og strikk dobbel perlestrikk (sjå tips) fram og tilbake.
1.-9. omg: Strikk dobbel perlestrikk
10. om 2 r snm, 2 vr smn, 2 r smn, 2 vr smn

Fell av alle m. Legg dobbelt og sy saman. Fest trådane, men la det stå att ein ende for å sy halen fast til kroppen.

Montering
Det er lurt å feste delane på kroppen med knappenåler før du syr fast. Då ser du betre kvar dei bør sitte. Bruk store knappenåler med glashovud el.l.

Start med å feste auge og øyre på hovudet. Øyrene skal ha den smale enden innerst. Her er augene laga av to sirklar filt, ein kvit og ein svart, som vert limt saman og limt eller sydd på sauen.

Festar du hovudet til kroppen med madrassting. Etterpå festar du armar og bein, før du syr halen på til slutt.

 

Forkortingar og  lure tips
m                    maske/ masker
p                     pinne/ pinnar
omg               omgang
r                     rett
vr                   vrang
rep                 repeter
str 2 r smn             strikk 2 rette saman, dette feller 1 m
Når du skal auke i ei maske kan du strikke opp frå maska under 
Madrassting 

Dobbel perlestrikk:
1.-2. omg: Strikk *2 r, 2 vr* og repeter mellom ** ut omg.
3.-4. omg: Strikk *2 vr, 2 r* og repeter mellom ** ut omg.
Repeter desse fire omg.

Om å fylle med vatt eller ullflor
Det er stor skilnad i kvalitet på vatt, og kor mykje spenst det er i den har mykje å seie for kor mykje du kan fylle. Sauen på biletet er fyllt med ull.

Dersom du strikkar sauen i tjukt garn vil delane vere litt stive i seg sjølv, og treng ikkje like mykje stapping. Prøv deg fram, klem litt på kroppen for å forme den, og la den kvile nokre sekund slik at du ser om det er nok. 

0
1

Nytt og gamalt i finull

Det er mykje på pinnane og mykje i hovudet for tida, men ikkje så mykje ferdig å vise fram.

Eg har sortert garnet mitt etter garntjukkelse, og der har det bygd seg opp mykje restar gjennom dei siste 20 åra. Det er så lenge sidan eg flytta heimanfrå og det kan nok reknast som starten på garnlageret. Alle desse restane står på ein måte og stenger litt for nye idear, så i år skal det ryddast (i alle fall litt). Det blå er ei halv blånissehue som aldri vart ferdig og som eg ikkje fann att før etter jul i år. No er nok den tida forbi her i huset, så då rekker eg den opp. 

I ei eiga kasse ligg det mykje restar i finull, og med strikkemaskin i hus fekk eg ein ide. Iver har lyst å lage restegarnsteppe, og eg vil får strikkemaskinteknikken inn i fingrane. Så no har vi nøsta opp masse restar. Etter fire remser ser vi at det blir som vi har tenkte. Planen er som følgjer: 10 remser som er 20 x 140 cm + kant. Remsene er 60 m breie og har striper på 20 omg. Iver bestemmer kva farge som er den neste. Han har blitt ganske flink til å strikke på maskin han òg. Det blir spennande kor mykje garn som går med. Førebels har vi berre tatt dei nøstene som er starta på. Trur det held til 70 prosent av teppet i alle fall.

Dei ferdige remsene vert hekla og sydd saman, stygge kantar skjult og hol fiksa. Det er mykje nybyrjarfeil som skal gjerast på strikkemaskina, men det går betre og betre. I går strikka eg nesten ei remse (620 omg) utan at det skjedde noko gale. Hurra!

0
0

Nyttig med strikkemaskinkurs

9 timar strikkemaskinkurs var nyttig. Heldigvis hadde eg slitt meg gjennom ein del prøving og feiling på førehand, og visste at maskina virka – og korleis eg tredde garnet i maskina. Då var det lettare å få med seg alle grunnteknikkane. 

Fyrst lagde vi ein prøvelapp med ulike teknikkar, opplegg, bise, felling, auking, holmønster m.m. Så var det berre å tenke ut eit prosjekt. Eg gjorde det litt ambisiøst og har lagt opp til å lage ei heil jakke. Det som tek tid i maskinstrikk er ikkje sjølve strikkinga, men planlegging, utrekning og montering. Så den jakka er som ein litt stor prøvelapp…her får eg prøve mange teknikkar som ein må ha kontroll på for å lage eit plagg. Eg trur utrekninga er rett, så det er berre å holde tunga beint i munnen, så går det bra. Hittil har eg laga to like erme og rygg. Nokre timar til i ro og fred, så kanskje eg får ei ny jakke. 

 

Elles har det vore ei rikholdig helg med kurs, besøk, konsert, snø og ikkje minst Ungdommens kulturmønstring. Iver var med for fyrste gong med dukkeshow. Dukka måtte lagast raskt (av ein gamal genser) ein ettermiddag, men vart raskt scenevant og sjarmerte små og store publikummarar. Hels på LURVEFAKSEN.

0
0

Draumen om å strikke på maskin

Farmor hadde strikkemaskin. Ho strikka strømpebukser til alle naboungane fekk eg høyre. Trur desse må ha klødd litt, for eg har høyrt mykje om dei. Strikkemaskinkarrieren var over då ho lærte meg å strikke, men oppskriftene frå 60-talet var der. Fine damer i skigensrar og menn i røykejakke – og instruksar om korleis dette skulle gjerast på Knittax-maskin med garn frå Sandnes. I ein perm hadde Farmor nyheitsbrev om Knittax-maskina og nye oppskrifter. Permen har eg ikkje sett på ei stund, men draumen om å lære seg å strikke på maskin den har eg hatt lenge. Kva kan ein eigentleg gjere og kor fort går det?

Så då husflidslaget skulle arrangere strikkemaskinkurs måtte eg snu meg rundt å få lånt ei maskin. Å kjøpe sjølv før ein veit om dette er noko kjekt var ikkje aktuelt, men med litt hjelp fekk eg spora opp ein KNITMASTER.

Maskina hadde nok ikkje vore i bruk på ei stund, og kor gamal den er og kor mange eigarar den har hatt veit eg ikkje. Ikkje var det bruksanvisning, og eg trur det manglar nokre delar. Men på nett finn ein det meste og strikkemaskin-teknologien er ganske lik, så det var berre å prøve seg litt fram.

Fyrste rundane vart berre krøll og floke. Dette gjekk ikkje, så då var det berre å tråle nettet på jakt etter mogelege feilkjelder. Eg kom ganske raskt til at noko som heitte "spongebar" måtte sjekkast. Denne svampen er ei list som held maskeholdarane på plass passar på at maskene ikkje hoppar av (lurt). Svampen i maskina var heilt flat… Ny svamp vart bestilt, skfifta og vips vart ting mykje lettare. Maskene holdt seg i alle fall på plass.

Det er framleis mange knappar eg ikkje heilt veit kva er, og mykje som ikkje heilt går etter planen, men no greier eg å legge opp, strikke ein prøvelapp som ser ok ut og å lage striper.  Heldigvis skal eg på kurs i dag., så då blir eg sikkert litt klokare.

Eg har også strikka ein buff i ein rest alpakka, men den forsvann Ingebjørg med før eg fekk sett skikkeleg på den etter tørking. Bilete kjem når eg finn ho og buffen att.

 

0
0

Dette er MIN ladar

Ei av dei store kvardagsutfordingane (i alle fall i min heim) er at nokon et ladarar fortare enn eg får snudd meg rundt. Det hjelper ikkje med klistrelappar og anna merking, men denne løysinga har eg tru på. 

Tidlegare har eg strikka rundt kabelen på øyretelefonane mine sånn at dei ikkje skal snurre seg fast i kvarandre. Det har fungert godt. Grunnen til at eg berre har gjort det ein gong er at sjølve strikkinga tok uendeleg med tid, og garnet snurra seg inn i ledningane heile tida, så det såg eg litt mørkt på.

Heldigvis hadde eg eit lyst augeblikk og kom på at det går an å hekle. Her har eg hekla kring ladeledninga, men det går sikkert like fint på øyreproppene.

Vil du prøve sjølv? Eg tok ein rest sokkegarn (Madeleintosh, trur eg) og heklekrok nr 2,5. Hekla fastmasker og henta tråd rundt ledningen. Det såg litt rart ut i starten, men det stramme eg fint opp då eg festa tråden til slutt. EG har også laga ein med Finull. Det vart like bra.

0
0

Ønskegenseren

Niese #1 ønskte seg ein gul genser i haust, men den vart for liten, og passa perfekt til Niese #2. Så då fekk Niese #1 kome med eit nytt ønske, og denne gongen teikna ho for å vere sikker på at Tante Magni fekk det rett. Også gjorde ho tydeleg merksam på at ho ikkje er like tynn som på teikninga. Eg tok imot utfordringa og teikninga og gjekk til Alafosslopi-restane mine for å sjå om eg kunne finne noko som passa. I tillegg til teikninga fekk eig lov til å lage ein overraskelse. 

Overraskelsen vart kvite stjerner over brystet. Eg hadde ikkje noko mønster, men målte på sjølve jenta og brukte Elisabeth Zimmermann sitt prosentsystem, Eg måtte gjere nokre tilpassingar. Den er litt lang for å få plass til alle fargane, men den går godt nedoverrumpa og vil vere fin utegenser til våren (og sikkert til hausten òg). 

Tanta sendte ønskegenseren med kurer til hovudstaden og venta spent på om oppdragsgjevaren vart nøgd. 

Det vart ho. Supernøgd og klar for hyttetur med DNT-nøkkel!

0
0

Eit ullete oppdrag

 

Sauen Shaun er ein av det mest kjende sauene i verda, og eg håper denne versjonen er til å kjenne att.

Under Nordfjord Filmfest vert det Barnefilm-dag med strikkekafe, så då har eg laga mønster til Sauen Shaun. Mønsteret vert testa ut i desse dagar, og sjølvsagt lansert til filmfesten 15. februar. Då vert det også tilgjengeleg her på bloggen.

Strikking av kosedyr er noko av det kjekkaste eg gjer, og det har blitt mange oppgjennom åra.  Dei fleste er strikka på frihand etter kvart, og då vert det litt vanskeleg å skrive ned mønster, men målet er å få nokon ut i mønster i løpet av året.  

0
0

Skikkeleg nerdejulegåve

Eg er så heldig å vere gift med ein mann som forstår at noko kan vere kjekt for meg sjølv om han ikkje forstår heilt kva det er og kvifor eg ønskjer meg det – i alle fall når det er strikking involvert.

Til jul fekk eg altså medlemskap i Ysolda sin sjalklubb. Det er ei julegåve som kjem til å vare minst eit år. Annakvar månad kjem det eksklusivt sjalmønster og tilhøyrande garn. No er det berre eit par veker til fyrste mønster og garnpakke kjem. Eg veit det er strikkenerdete, men dette gler eg meg villt til. 

Ysolda har plukka garn frå sine favorittprodusentar og designa sjal (og sjalliknande saker) ekslusivt for medlemmane. Eg har alltid lært mykje når eg har strikka mønster frå Ysolda, of har 3-4 av sjala blant favorittane, Det er når eg tenkjer meg om stortsett Ysolda-sjal eg har strikka når eg ikkje strikkar rillesjal. Satsar på at 2015 vert eit sjal år. Reknar ikje med at eg får strikka alle like fort som dei kjem, men skal gjere mitt beste.

I ventetida boltrar eg meg med ein annan nerdeting frå Ysolda. "Follow your Arrow 2"-mysteriesjalstrikk i 5 delar. Det kjem to alternativ kvar veke, og kan ende opp med 32 ulike variantar. Sjekk ut på Ravery. I spoiler-tråden finn du mange fine sjal…og nokon som ikkje er like fine… Eg var med på "Follow your arrow" i fjor òg, og det tjukke, oransje sjalet har vore mykje brukt. I år vert det grønt sjal på meg, og det er kjekt å følgje med på alle dei andre sjala som vert strikka over heile verda

 

0
0