BEOT-syndromet

BerreEinOmgangTil-syndromet er ganske vanleg, og dukkar opp med jamne mellomrom. Denne gongen har eg fått det kraftig, og det må vere Ysolda Teague si skuld. Av og til gjer BEOT- at både søvn (spesielt søvn), ungar, mat, husarbeid og til og med jobb må vike fordi det som skjer på strikkepinnane er så spennande at eg må strikke ein omgang til, og ein til, og ein til… 

Fredag kom mønsteret til sjalklubb-pakke nummer tre og utløyste BEOT-syndromet. Sjalet Crockern Tor er oppkalla etter ein gamal britisk tingplass i Devon, og der ut som ein halvmåne med tilfeldige hol fordelt utover. Garnet kom nokre dagar før. Det var 150 gram varmgrå, tynn ull frå John Arbon Textiles, også frå Devon. Garnet er mjukt med god spenst og bittelitt sauelukt. Spinneriet har spunne dette garnet spesielt for dette mønsteret og blanda inn svarte fiber frå den nederlandske sauerasen Zwartbles for å få den rette gråfargen. Garnet her då 50 prosent merinoull, 40 prosent frå Polwarth og 10 prosent av den svarte Zwartbles-ulla.

Planen var å ta akkurat dette strikketøyet med på ferie, men då mønsteret kom måtte eg nøste opp og strikke dei fyrste omgangane før eg la meg. 

Det er ikkje alle strikketøy som gir meg BEOT-syndromet  Av og til fordi eg ikkje veit korleis det kjem til å sjå ut, eller at det snart er ferdig. Andre gongar forstår eg det ikkje heilt. Med Crockern Tor må det vere kombinasjonen av mønster og garn som får meg til å ville strikke meir og meir. Andre med BEOT-syndrom? Kva er det som gir deg lyst til å strikke ein omgang til før du legg frå deg for å gjere noko anna?

Eg er ikkje ferdig med det forrige sjalet, Caer Idris, heller. Der har eg ei heilt anna kjensle. Det er interessant, det blir fint, fargen er fint og garnet mjukt som fløyel, men det ropar ikkje "strikk meg, strikk meg", på same måte,

Sjølv med BEOT-syndromet kjem det nok til å ta litt tid før dette sjalet er ferdig òg. Omgangane vert lengre og lengre og den siste er 582 masker. Akkurat no er det 150 masker på pinnen, så det er nokre omgangar att.

0
1

Bøvertun-konfirmant

Ei av dei finaste konfirmasjonsgåvene Ingebjørg fekk var ei Bøvertun-jakke med rundfelling frå Kofteboken.

Jakka er strikka i Tynn Alpakka frå Du store alpakka og i ein av favorittfargane til Ingebjørg. Tenk å ha ei tante med lyst og tid til å strikke eit slikt praktplagg. Jakka finnst også ein versjon med ruter, men tanta og mammaen var heilt enige om at den var finast utan.

Det har gått ei stund sidan konfirmasjonen, og denne jakka er mykje brukt både på skulen og heime, men kvaliteten på garnet gjer at den held seg fint. Reknar med at den vert ein kjær ven i mange år. 

Og med årets sommarveir er det godt å ha minst eitt lag ull på kroppen. I går då vi skulle ut på ein liten kvelstur for å teste Ingebjørg sitt nye kamera måtte vi ha på hue alle mann. No treng eg snart varme og ikkje kroppen skal stivne fullstendig.

 

0
0

Vi ventar på sommaren

Mai har vore innhaldsrik. Vi starta med å konfirmere Ingebjørg, og så har vi stort sett gått frå kakebord til kakebord. Innimellom har vi fått planta litt, ruga kyllingar og sett sola innimellom. Ein skikkeleg vårmånad, men no vil vi ha sommar. 

Vi bur langs Eidselva, og har mange idylliske uteplassar rundt om. Nokre nært huset, og endå fleire ein liten spasertur unna. Bestemor og Bestefar i nabohuset har bestilt utemøblar på eit av utkikspunkta der vi ser godt både oppover og nedover dalen. 

Eg bygde slike i fjor sommar etter oppskrift i Bonytt (nr 9/2014). Impregnerte terassebord, 2"x4" og ein haug med skruar, og vips så hadde vi fine utemøblar. Dei har stått ute i heile vinter, og vert mykje brukt. Denne gongen vart det ein litt kortare variant, men like fine og stabile.   

På strikkefronten er det sjal nummer to i sjalklubben. Denne gongen kom det eit fantastisk garn. Merino og silke frå Triskelion Yarn and Fibre. Fargen er det blåaste eg har sett, og garnet i merinoull og silke omtrent som å strikke med fløyel, Dette vert mjukt å ha i halsen. 

Mønsteret Caer Idris er spennande, Ikkje så vanskeleg, men ein må følgje mønsteret. Resutatet vert eit langt sjal som liknar like mykje på eit skjerf.

Og snart er det ny pakke på veg i posten igjen. Eg er spent på kva Ysolda har funne på denne gongen. Sjalklubben er ei av dei kjekkaste julegåvene eg nokon gong har fått. Ny pakke i posten annakvar månad, og kjekt strikktøy i mellomtida. 

0
0

Bæ-bæ-hue

Eg fall pladask då eg såg bilete av Baa ble-hua til Donna Smiths tidlegare i år. Mønsteret er laga til Shetland Wool Week 2015 og sjølvsagt inspirert av både shetlandsk ull, veir og sauer. Og som vestlending er det lett å forstå at graset framleis kan vere grønt sjølv om det snør. Denne fyrste hua måtte eg legge opp så snart mønsteret var publisert (gratis her). Det einaste garnet eg fann i farten som passa var Dale Falk. Eg er ikkje så veldig glad i superwash-garn, men Iver vart så fornøgd at han gløymte at det var ull og at det er mai. Dusken bytta eg ut med ein i alpakkapels, for det er så fint.

 

Sjølv fekk eg bestilt ekte shetlandsgarn direkte frå Jamieson's. Eg har ikkje strikka av garn frå denne sauerasen før, så det vert spennande. Mjukt og med god spenst, men det er vnskeleg å vurdere det skikkeleg før plaget er vaska og brukt. Heather-garnet var ganske tjukt og passa fint  til pinne 4,5. 

Garnet var goedt å strikke med, og fargane passa til og med til bunaden. Mønsteret er utruleg kjekt å strikke sidan det ikkje er meir enn to fargar på ein gong. Spørsp, eg må finnepå fleire ting med sauer på.  Eg endra litt på mønsteret til mi hue, sånn at Iver og eg ikkje får lik. Denne vart stripete og utan snø. No er det store spørsmålet. Skal eg ha hue med dusk, eller ikkje?

 

 

 

1
1

Svart, svart og svart (og litt rosa til pynt)

Det har vore litt stille her. Ikkje fordi det ikkje har skjedd noko, men nettopp derfor, Konfirmasjonar, speling, skriving, jobbing. Og heldigvis VÅR! I går vart det 6 liter rabarbrasaft i staden for ei einaste maske. Rabarbrasaft er ein stor favoritt i heimen, og no har vi nok til denne sommaren. Sjå den fargen. Det er nesten magisk at rabarbrasafta vert så rosa når syltetøyet berre vert grønt.

På pinnane har eg Gamaldags av Helene Magnusson, men det er ikkje så spennande å vise fram svarte ermer. Snart ferdig med erm nummer to, men då vert det endå kjedelegare med svart bol… 

 

0
0

Finvask av pelsull

– Der ser ut som en blondeduk, var det ei som sa då ho såg det siste sjalet mitt, Men når du kjem nærmare viser den gode ulla frå norsk pelssau at denne duken passar best rundt halsen.

Det er Hifa som produserer dette garnet, og dei skriv at sauen er ei blanding av norsk spelsau og svensk gotlandsfår. Den har mjuk og glansfull mohairliknande ull med både dekkull og underull. Det er meir glans i enn vanleg ull, men underulla gjer at det likevel vert mjukt. Godt å strikke med, og med ein fargepalett etter min smak. Hifa har laga  eit tjukkare garn av pelssauen òg. Eg må finne meg eit godt prosjekt for Sorte Får.

Eg har sikla på dei garnhespene ei stund,så då Ysolda Teague lanserte sjalstrikkemysteriet Follow your arrow 2 i februar fann eg eit godt høve til å prøve.  Follow yor arrow 2 er eit mønster der du får to ulike alternative mønster ein gong i veka i fem veker. Det er samme kva alternativ du velger, så det er 32 ulike mogelege variantar. Berre sjekk ut dei (førebels) 1661 ulike sjala som er lagt ut på Ravelry. Eg strikka det fyrste sjalmysteriet i fjor, og det sjalet har eg brukt mykje. Denne gongen vart det sjal til mamma. Fargen var plukka ut for å passe ho, så no ligg det ferdige sjalet her og er spent på om mønsteret passar óg. Det er utruleg korleis eit slik "strikkaduk"-sjal endrar karakter når du spenner det ut og tørkar det.

Det ser ut for at 2015 vert det store sjalåret. Eg er allereie i gong med dette…

0
1

Snart ferdig og heilt ferdig

Det vart litt tid til strikking i påska, men ikkje heilt nok, for eg har framleis nokre omgangar att på Follow your arrow 2-sjalet mitt. Det er berre nokre få omgangar att, men det er veldig lange omgangar heilt ytst på sjalet. Målet er å ha ferdig sjal før helga…håpar eg.
 

Det som vart ferdig i påska var justering av arvebunaden til Ingebjørg. Ho er så heldig at ho får overta Bestemor sin nordfjordbunad, men den måtte ordnast litt på slik at den passa. Audmjukt spretta eg stakken frå livet og flytta den opp nokre cm. Det er fantastisk flott å sjå på detaljane  i bunaden, saumane, broderia og banda. Ingebjørg er strålande nøgd med å få overta praktplagget frå 50-talet og søljer frå både oldemor og tippoldemor. 

Også har vi påskekylllingar. Iver har laga den i nålefilta ull og hønene dei to andre (ved litt hjelp av rugemaskina.

 

0
0

For små til eggeglass

Den garden vi bur på har ikkje mange dyr, men bestefar har 40 høner og sel litt egg. Det siste året har vi prøvd oss på litt hønsehald sjølv. Iver har fått sin eigen vesle hønsefjøs  og har seks høner som held oss med egg. Etter jul kom det 13 vaklar i vaktelburet, og dei legg dei søtaste egga. Kjempegode og veldig fine å sjå på. Sidan vi ikkje har eggeglass til vaktlar måtte eg finne på noko lurt. Det vart ein ring luftmasker med fastmasker rundt, og vips – eggeglass!

I år har vi fått tak i ei fin lita rugemaskin som ruger eit par egg i slengen. Det er akkurat passe for oss, som berre skal lage høner til eige bruk. I forrige veke kom dei to påskekyllingane Ova og Gallina. Den gule kyllingen har Iver laga med nålefilting. Veldig søte, alle tre!

0
0

God påske

Eg ønskjer god påske med ein favoritt frå arkivet. Dette er ei populær gåve når ein vert invitert på påskebesøk. Inni kylllingen finn du ei vinflaske, men kyllingen står fint utan innhald òg.

Det er ikkje laga noko oppskrift på denne endå, men det er ikkje så vanskeleg. Finn noko tjukt gult garn og ein stor heklenål, ca nr 8-9 (Dale Hubro og Drops Polaris har rett tjukkleik, men ikkje rett farge). Det går også an å bruke dobbelt garn. Lag ein ring av luftmasker som når rundt flaska, Hekl Fastmasker i ringen og vindare oppover. Mål på flaska og hopp over nokre masker for å felle der det passar. Hekl kam, og nebb i raudt, kvite sirklar til auge og broder pupillen med svart. Det går fint an å hekle desse i allemogelege fargar og storleikar (passar fint på små vinflasker òg). 

Ha fine dagar med litt strikketid. Mitt påskestrikk er veldig lite påskete. Eit grønt sjal. 2015 er det store sjalåret.

0
0

MagFly på Facebook

Det er på tide at Strikke-Magni får ei eiga Facebook-side. Det er ikkje alt eg får til å bruke bloggen til, så følg meg gjerne her òg:

https://www.facebook.com/magflystrikkar 

I tillegg til nye blogginnlegg vil eg prøve å dele strikkenytt, blogginnlegg og anna som eg synest er morsomt og spennande.  

0
0