Findus-vottar?

Desse vottane har eg hatt på pinnane sidan i sommar. Strikka av tynt handspunne villsaugarn, som eg har kjøpt i Kalvåg og kanta med den fine grønfargen i lammeull.

– Er du ikkje snart ferdig med Findus-vottane?, spurde Iver for ikkje så lenge sidan. Findus-vottar? eg forsto ingenting, men han har hailt klar på at det der måtte vere Findus-vottar sidan det var dei same fargane. Like etter sa mannen min det same, så då måtte eg ned og finne fram Findus.

Dei har heilt rett. Det er Findus-vottar.

Og då vart spørsmålet om dekor litt verre. Eg hadde tenkt å brodere ei lita selburose på kvar, men det går nok ikkje på Findus-vottar. Mamma må i tenkeboksen.

Findus har forresten vore med oss lenge. Han var den fyrste bamsen Iver fekk. Høgtidleg innkjøpt av Ingebjørg før han vart fødd. Etter kvart vart han litt utkonkurrert som favoritt av ein hund, men har alltid vore med og var lett å finne i dag.

0
0

Ikkje heilt vellukka

Eg har sett for meg ein diger hals, sånn som alle modellane har tredd rundt halsen for tida. Flickr-inspirasjon finn du her.

Fyrst strikka eg ei flette passe langt rundt skuldrane, og ein hals vidare opp frå den. Det vart ikkje heilt som eg hadde sett for meg. God og varm, men ikkje så kul som eg har lyst på.

Så no har eg rekt opp det som er over fletta og ser om eg kan forlenge fletta og snurre den eit par gonger til rundt halsen. Vent å sjå. Det kan vere at det òg vert misslukka, men då får eg heller finne meg eit mønster.

0
0

Pakkar ned nissen

Eg rakk å fullføre denne nissen før jul, men den kom seg ikkje innom bloggen. I dag pakka vi rett og slatt ned jula, så då passa eg på å ta bilete.

EG har laga fleire slike nissar, men dei er gitt vekk alle saman. Denne skulle vi ha sjølv, men den vart liggande utan skjegg i årevis. Berre sjå her.

Godt år, Nissefar! Vi sjåast i desember.

0
0

Sånne plagsomme bloggetanter utan blits

Bloggetanter lagar fine luer, men når dei krever at tantebarnet stiller som modell vert det litt meir travelt. Denne tanta hadde ikkje tenkt å bruke blits heller.

«Det skjer jo noko spennande bak meg, så då kan eg ikkje så på den tullete tanta i meir enn nokre sekund.»

«…og det som heng på juletreet er mykje meir interessant enn å sjå rett fram.»

«Men der lurte ho meg og sa: Perfekt! Kva vart det som skjedde?»

Masetanta skrudde opp isoen, så då gjekk det fint.

Hua er frå tanta sine eigne mønster og har vore ei god barnehagehue for mange. Når superniesea skal byrje i barnehage må ho sjølvsagt ha utstyret i orden. Denne er strikka i den minste storleiken, og garnet er som vanleg Hubro.

Det gamle året vart avslutta på vanleg vis med feiring av Iver sin bursdag. Steikt is med fyrverkeri er tradisjon og her kan du sjå bursdagsbarnet frå 2009 og 2008 og 2007.

Iver vart sju år i går, og har endeleg fått seg kjæledyr. Pinnedyra Elle og Fant vart ein del av familien. Det vert spennande å bli kjent med dei. I natt åt dei mykje eføy. Eg tippar det kjem oppdatering på småkrypbloggen snart.

0
0

Berre 15 hus i år

Eller eigentleg 17, men noko skjedde i monteringa.

Som vanleg gjennomførte vi ein ualminneleg hyggeleg førjulstradisjon. Det låg an til avlysing av pepperkakehuskaoset i år, men det vart ikkje akseptert. Så då vart det pepparkakehuspynting ei veke for seint i staden.

Ungane har vokst med åra, og i år var Frida den yngste (og kanskje mest konsentrerte) pyntaren.

Eg anar ikkje kor mange posar pynt som kjekk med, men det var ein del. Vi gler oss allereie til neste år. Takk for besøket alle sammen!

0
0

Det finaste hjertet

Her i familien deler vi på julekalenderen, og alle må ordne med gåver til alle. I dag var det min tur å pakke opp gåve frå Iver. Han var omtrent sprekkeferdig av spenning. Det hadde han god grunn til, for han hadde laga det finaste hjertet til meg.

For nokre veker sidan vart Iver og pappa veldig nøgd med at mamma skulle vere borte ei stund. Iver trong nemlig hjelp til eit prosjekt. Dei starta i Lappestua sånn at Iver fekk plukka ut det stoffet han hadde sett for seg, også fann dei nål og tråd på eiga hand. Iver tekna mønster, klipte ut, sydde og fyllte vatt. Det greidde han stortsett utan så mykje hjelp, så pappa fekk tid til å ta bilete. Her kan du sjå kor fint han arbeider.

0
0

Kalendertid og oppladning i Berlin


Adventskalenderen er på plass i år òg. Alle har hengt på pakkar, så no er vi klar for desember og alt det den månaden inneheld. I tillegg til jul, pepperkakehuspynting, nissefest, julebord, julespeling, julekortskriving har vi ikkje mindre enn to bursdagar i familien.

Dei eldste av oss lada opp med ein liten førjulstur til Berlin. I tillegg til restar av muren såg vi…

…gamle hus…

…nye hus…

…og julekuler.

Åt godt.

Drakk godt.

Tyskarane kan der her med jul. Dei rusla rundt på alle mogelege julemarknadar, drakk glüwein og åt smultbakst, rare pøler og kål i alle variantar. Elles slappa vi godt av og kjøpte eit par vesker.

0
0

Desemberklar

Nisseproduksjon må gjerast i november elles vert det ikkje tid. Denne gongen har eg juksa litt og funne fram ein halvferdig feilproduksjon frå 2008.

Det er vel ingen som ser at denne genseren er større foran enn bak… Blåver-nissen er i alle fall fornøgd og legg nok ikkje frå seg desse kleda før ut i januar.

0
0

Pingvinveir

Intensjonen om å strikke varme vottar i høge bunkar til heile familien før snøen kom holdt ikkje i år heller. Eg strikka ein heil vott i juli, men det vart med den eine.

Heldigvis har den fine mannen min handla nye vottar til meg i Tallin. Doble ullvottar med to fine pingvinar på.

0
0