Ikkje ølhund

…men vinhøne.

Vinhøner finst i mange variantar, så eg kika litt rundt og fann opp min eigen variant. Den ser ganske sprengt ut når den har ein heil treliter i magen, men det problemet løyser seg etter kvart.

Denne høna var ei bursdagsgåve til pappa og har flytta til ein god heim. Nokon har ymta frampå om at vi treng ei høne her i huset òg, så vi får sjå om det dukkar opp fleire.

0
0

Innpakka sjal

Nøstebarnbloggen har «Kva og korleis gjer vi gåver?» som tema i april. Sjølv har eg ofte nokre glidlåspungar liggande i reserve. Dei er enkle og fine gåver både med og utan innhald.

Denne gongen trong eg noko å putte det nye sjalet mamma skulle få i. Sjalet er etter eiga oppskrift og strikka i Kid silk haze. Det skulle eigentleg vere litt større, og eg var sikker på at eg hadde to nøste i den fargen. Der eg trudde det låg fann eg berre eit rosalilla. Det vart ikkje heilt det same å halde fram i den fargen, så det var berre å felle av. (No har eg rydda, og fann sjølvsagt det andre nøstet ein heilt annan stad…)

Det vart likevel eit florlett sjal til mammaen min, og i pungen kan ho ha det lett tilgjengeleg i veska. Knappen på pungen er ein av dei eg vann i Hilde sitt blogglotteri. Hilde er ein av dei bloggarane eg har fulgt lengst, og som stadig gir meg meir inspirasjon. Ta litt tid og sjekk ut kva ho har gjort med eit gamalt dukkehus.

0
0

Eggemagi

Trur det vert ein del egg i påska. Mannen min har planar om å lage ein ny type egg kvar dag heile påska. Godt vi har tilgang på høner.

I går var det gule egg, dagen før var dei posjerte og i dag hjerteforma. Spent å morgondagen :-)


Vi vart inspirert av Briggs lekehus og derifrå fann vi oppskrifta her. Det er enklare enn det ser ut, så det er berre å imponere til påskefrukosten.

Til meir tradisjonelle egg har vi nye ullkyllingar. Ha ein fin måndag!

0
0

Påskeløper på eit blunk

Førre helg kom eg over desse fantastiske kyllingane på ein av dei lokale stoffbutikkane (Lappestua – for dei som lurer). Stoffbiten vart med ut til mamma og pappa, og vips såg mamma at det vart ein flott påskeløpar. Tilfeldigvis hadde ho den nye symaskina ståande på kjøkenet, så då var det fort gjort. Stoffet fekk ei bakside av eit gamalt gardinstoff og vart påskete og fin.

Eg rakk med andre ord ikkje å legge planar for desse kyllingane før dei vart borte, så eg må ned i gata og skaffe meg nokre nye i dag. Kanskje det vert slike posar som Strikkemor(o) har laga?

0
0

Påskefamilie på tur

Emmeline lova tidlegare i år å pynte Førkveld-studioet til påske. Då ho tok innover seg kva ho hadde gjort inviterte ho Bloglandia til å hjelpe seg, og vi ville hjelpe.

Ho har fått tilsendt kassevis med pynt. Noko av det kan du på bloggen hennar her og her. Om du ikkje har gjort heimen påskeklar er det berre å la ser inspirere.

Mitt bidrag var dei tjukke påskekyllingane. Eg har laga dei i både strikka og hekla versjon og sendte av gårde. Dei kom trygt fram både til Emmeline og Førkveld. I tillegg har dei spreidd påskeglede i BT i dag.

Eg har laga nok kyllingar for i år, men i løpet av helga kjem nok tjukkasane frå i fjor fram att.

God påske!

0
0

Utvida maskinpark

Overlock-maskin har stått høgt på ynskjelista i lang tid, og i dag kom den i posten. nytt verktøy er utruleg kjekt, så eg måtte bruke litt tid på å sjå om dette var så kjekt som eg hadde trudd. Ei overlock-maskin syr profesjonelle saunar, skjærer pent og zikkar over kanten i ein slen. Det er mellom anna mykje lettare å sy i stoff med litt stretch. Sånn som fløyel, fleece og t-skjortestoff.

Også går det MYKJE fortare.

Fyrste prosjekt var fleecegenser til Iver, og no fekk eg endeleg brukt pingvinstoffet eg har hatt liggande sidan mars 2006. Fleece er lett å sy i, det vert stort sett bra resultat. Iver var storfornøgd med genseren. Eg fekk testa dei enklaste funksjonane på maskia, og rakk å slite tråden nokre gonger.

Ingebjørg fekk seg ein kjole i løpet av kvelden. Her lagde eg mønsteret sjølv, så det er mogeleg at den må justerast litt etter kvart. No er det berre ein bitte liten pingvinstoffbit att. Eg får sove på det, så kanskje nye maskina får køyrt seg litt i morgon òg. Då skal eg dessutan trekke bokutloddninga mi.

God helg!

0
0

Praktiske greier

Glidlåspungar får eg aldri nok av, og dei kan lagast i både enkle og litt meir avanserte utgåver. Denne gongen trong eg noko til å passe på leidninga og musa til datamaskina.

Elles har eg eit lite vårtips. Jodie frå Ric-Rac har delt oppskrift på utruleg søte fuglar. Det er berre å ta fram symaskina og sy litt vår sidan den har gøymt seg så grundig under all snøen.

0
0

Heilt hekla

Heilt sånn i smug har eg omsett ei heklebok til norsk. Og i dag kom ein kjempebunke bøker frå Samlaget. Dei er nok på full fart ut i butikkane òg, eller kan du få tak i den her. Det er den svenske designaren Erica Laurell som har skrive den og det kjem nok meir frå den kanten. Fargerikt og enkelt i forma. Litt retro og litt leikent. Les meir på bloggen hennar.

Det er litt rart å sjå Heilt hekla når eg har lese den svenske teksten i Väldig virkat så mnge gongar. Mi omsetting har jo berre vore ei fil på datamaskina, og no er den ei fiks ferdig bok. Uvant med norsk tekst, men eg kan venne meg til det.

Boka inneheld like mykje inspirasjon som oppskrifter. Du finn både interiøridear, kle, leikar og smykke, og dei du ikkje har lyst å hekle sjølv gir deg kanskje inspirasjon til noko heilt anna. Bakerst i boka er det hekletips, og eg har i alle fall plukka opp minst eitt.

Sidan eg ikkje treng alle desse bøkene sjølv loddar eg ut tre av dei mellom alle mine faste lesarar og dei som legg att kommentarar. Kommenter på dette innlegget innan søndag 3. april, så er du med i trekkinga. Bloggfølgjarane får eit ekstra lodd.

0
0

Nye favorittkne

– Kan du lage ein brun firkanta lapp og ein rund lapp, mamma?
– Du vil ikkje heller ha eit grønt monster?

Favorittbuksa hadde altfor store hol på knea, så i dag måtte symaskina fram. Dvs eg trudde eg kunne bruke symaskina, men på sånne smale gutedongribein kjem eg ikkje til med maskina. Det vart handsydde nye vener på knea. Får sjå om vi finn noko anna å bruke symaskina til.

0
0