Versjon 2

Eg har strikka sidan eg var fem og blogga om det sidan 2005. Bloggen vart til som inspirasjon og dokumentasjon. Gjennom ti år har bloggfrekvensen og tema variert, men strikking har alltid vore med. Her er mest strikketing, men også litt kvardag, Vestland og høner.

Strikkarar, bloggarar og andre er mine viktigaste inspirasjonskjelder, og det er kjekt å kunne dele noko av dette på bloggen. Legg gjerne att ein kommentar eller innspel, det set eg veldig stor pris på.