Tonje Glimmerdal-lua – Jubileumsklipp #4

Tonje Glimmerdal-lue

 

Det blogginnlegget som har hatt størst trafikk er utan tvil det med oppskrift til Tonje Glimmerdal-lua.

I august 2009 fann vi Tonje Glimmerdal-boka i bokhandelen.Ingebjørg hadde ikkje lese så mange «tjukke bøker» sjølv, men med Tonje Glimmerdal skjedde det noko. Eg las annakvart kapittel høgt for ho og ein kveld måtte eg lese fleire. Etter 3-4 kapittel sa eg at no var det natt og nok høgtlesing, og då kom det kjapt: Då les eg sjølv!

 

9788252183429.ashxTonje er og ein strålande rollemodell for ni år gamle jenter, så eg var lett å be då Ingebjørg ønskte seg Tonje Glimmerdal-lue – akkurat som den Tonje har på framsida av boka. Ikkje noko hokus pokus, eller vanskeleg mønster, men mønsteret har levd sitt eige liv vidare. Samlaget fekk laga lua til forfattaren Maria Parr og brukte den på bokmerkekort. Og andre har strikka den, berre sjå her.

I år er Maria Parr festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu, så då har falturiltukomiteen strikka seg luer og delt mønsteret.

12112213_1048111621877767_9219384298655519907_n

 

Etter kvart som Tonje også flytta inn på teaterscena (Det norske teateret har ho på plakaten att i haust), fekk ho nye kle og ny lue. Den oppskrifta finn du i programmet..

 

 

PS Minner om at alle dei som kommenterer på jubileumsinnlegga er med i trekning av premiar. Ikkje så mange kommentarar endå, så det er stor vinnarsjanse.

2
0

Snurregenseren – jubileumsklipp 3#

Snurregenseren

Eit av dei prosjekta eg hugsar best frå 2007 var snurregenseren til Iver – Geek spiral pullover av Tuva Durham. Spennande konstruksjon for nokon som er glad i matte, men her måtte det mykje triksing til for å kome i mål. Strikkefastheita på det fløyelsgarnet som var i orginalen og mitt ullgarn var håplaust å få til, så eg måtte tilpasse det etter kvart som eg strikka.

Genseren vart fin, og mykje brukt. Du finn blogginnlegga om den her, her, her og her.

geek spiral pullover

Dei fyrste åra var blogginga på både engelsk og norsk. Det var ganske mange internasjonale bloggarar somlas bloggen den gongen. Eg deltok mellom anna fleire gongar på swapar (bytter) der ein bytta garn m.m. Mellom anna fekk ungane sende pakkar til ungar i andre land – veldig kjekt og spennande. Etter at vi flytta, ungane vart større og livet litt anleis har vi ikkje prioritert det. Kanskje på tide att?

Også eit bonusinnlegg om då vi fekk levert Bjørlo-egg til Oslo – innimellom alle skia.

2
0

Meir enn strikking – Jubileumsklipp #2

HøneStarcatcher

Bloggen inneheld meir enn garn og strikk, så frå 2006 hentar eg fram noko av det som har blitt brukt aller mest. Karnevalskostymer sydd på bestilling til dei som då var to og fem år. Ei høne og ein My little pony, som heiter Starcatcher.

Begge er sydd i fleece med dein hettegenser som mal og etter «vegen blir til mens ein går»-metoden. Les heile blogginnlegget her.

0
0

Ti år med strikkeblogg

92142929_28e40f1b0f_o

I dag er dagen. Det er ti år sidan eg på impuls kl 22.12 starta opp ein strikkeblogg (med ein hekla frosk). Det tok tre minutt, og var eit innfall for å teste ut eit nytt medium. Det alle fyrste innlegget ligg framleis her.

Skjermbilde 2015-10-01 kl. 22.20.54Internettet var annleis då. Det var før blogg.no, det var før Facebook, det var før Ravelry og Instagram. Mobilen min var ein fancy smarttelefon (Nokia 6630) på superraskt 3G-nett, og eg hadde akkurat oppdaga ei ny verd. Ei verd full av strikke- og handarbeidsbloggar. Inspirasjon, oppskrifter, nytt garn og kjekke alongar og swapar. Spennande for nokon som stortsett hadde lese garnprodusentane sine katalogar og farmor sine vekeblad.

Mykje har skjedd i medieverda desse ti åra, men bloggen min har fått vere med. Livet har også endra seg. Frå å ha ein femåring og ein på nesten to har eg no to store ungar. Vi har flytta frå Oslo-sentrum til eit gardsbruk i Nordfjord. Blogginga har vore litt av og på, og bloggen mange gongar nesten nedlagt, men den skal få bli med vidare. Den dokumenterer strikkelivet mitt, og når eg ser bakover er det utruleg kjekt å ha alle desse innlegga.

Skjermbilde 2015-10-01 kl. 22.23.53

Bursdagsgåva til bloggen er eige domene og eige design. Med god hjelp frå Hjartesmil-Mariell der nesten alt det gamle innhaldet flytta over på www.magfly.no. Tusen takk, Mariell, det var godt å kome i eige hus.

Bursdagsgåva til lesarane er ti innlegg med klipp frå arkivet og anna moro. Kva har eg laga? Korleis har strikkeverda utvikla seg? Nye og gamle favorittbloggar. Favorittoppskrifter og andre ting.

Også vert det i god, gamal blogglandtradisjon gåver. Eg gir bort nokre strikkebokpremiar eg har fått frå Samlaget, litt garn og noko eg har laga heil sjølv. Premiane vert trekt mellom dei som har kommentert på bloggen fram til siste blogginnlegg 15. oktober. Det er kjekt om de blir med på denne reisa.

58156794_dcf68af75a Fyrste klipp er frå oktober 2005 (trykk på lenka for å lese innlegget). Løven er veslebroren til Ingebjørg sin løve, og kom til ein god heim hos Håvard i Bergen. Den er laga av garnrestar og etter eige mønster.

4
1

Draumen om Shetland Wool Week

Etter at eg oppdaga fair isle-strikking, Shetland og og tekstilhistoria derifrå på nytt har draumen om Shetland Wool Week vokst og vokst. Arrangementet har funne stad i seks år, programmet inneheld mykje spennande føredrag, kurs, utstillingar og strikketreff. Dette må eg få med meg ein gong.

Kvart år har Shetland Wool Week ein utvald designar og denne designar eit luemønster slik at alle kan førebu seg til ein hausttur til Shetland. Eg har allereie strikka årets lue to gongar. Bla-blee-lua av Donna Smith er utruleg søt for oss ullglade. Donna Smith er årets «patron» (kva er eigentleg det gode norske ordet her?). Følg bloggen hennar så får du etter kvart lese meir om ullveka.

I år startar Shetland Wool Week i tillegg å gje ut ein årleg katalog med litt mønster og nokre artiklar. Spennande lesing og flotte mønster av designarar eg likar veldig godt. Denne har eg sjølvsgat bestilt, og skal kose meg skikkeleg med i helga. Flotte bilete og mykje å lese. I KnitBritish-podcasten kan du høyre litt meir om katalogen.

Strikk og drikkDet vert ikkje tur til Shetland i år, men eg markerer Shetland Wool Week med å strikke eitt av mønstera frå katalogen. Valet fall på halvvottane Scallafield Handwarmers av Hazel Tindal (). Tindal er kåra til den raskaste strikkaren i verda). Det er litt restar etter Shetlandsjakka att, så garn har eg…om nokon skulle vere i tvil….

0
3