Julesmykker

Både Ingebjørg og eg har ordna oss julesmykker i år.

Ingebjørg fann to små julekuler frå IKEA og gjekk til favorittgullsmeden for å få øyrekrokar på. Det vart ganske stilig spør du meg.

Sjølv har eg strikka ein ny gnom og festa på anheng og kjede. Passar heilt fint til den juleraude gensaren og favorittsjalet.

– blogga frå mobil.

0
0

Nisseri-nissera

Nokre gongar gir ting seg heilt sjølv, og denne nissedusken ropte etter lue då eg fekk den i haust. Pelsdusken er i mjukt kaninskinn og assosiasjonane gjekk rett til nisselue av den amerikanske typen. Eg måtte berre finne rett garn.

Før helga kom eg over nokre nøster Faerytale som passa perfekt. Det kvite har til og med ørlite glitter i, så då vart det skikkeleg julete. I tillegg kom julesnøen i dag. Vi får sjå om den overlever dei neste dagane.

Her kjem ei enkel oppskrift dersom du vil lage di eiga julelue:

Garn: Faerytale, 1 nøste kvitt med glitter og 1 nøste raud.
Pinnar: Liten rundpinne nr 8, strømpepinnar nr 8.

Eg har brukt pelsdusk, men det går fint an å lage ein dusk av garn.

Legg opp 60 m på rundpinnen med dobbelt, kvitt garn.

Strikk 15 omg 2m r og 2m vr. Skift til raudt.
Strikk 15 omg glattstrikk.
*fell 5 m jamt fordelt på neste omg, strikk 4 omg*
Gjenta mellom stjernene til du har 5 m att på pinnane.

Trekk tråden gjennom, fest garnendane og sy på dusken.

 Ha fine førjulsdagar!

0
0

Resirkulert julestemning


Dagens juletips er å plukke fram nokre gamle juleblad for å få fart på førjulsstemninga.

To år gamalt, men har både juletre, snø og pepperkaker.

– blogga frå mobil.

0
0

Eida-hue

Kulturnatt Nordfjord på Eid vart starta med refleksarrangement i Malakoff i kveld. Musikk, akrobatikk, refleksløype, kakao og kakemanna. Kreative Kvinner har sett saman eit utruleg flott opplegg og med mørket og tåka vart det heilt magisk for dei som hadde møtt opp. Dei som ikkje rakk kan prøve ein annan kveld. Sjølve refleksløypa kjem til å henge ei stund. Ta med deg lommelykt og gå på refleksjakt i mørket!

Det var eit godt høve til å teste ut ein ide eg har hatt lenge. Eg <3 Eid-logoen har vore i bruk ei stund og eg har tenkt at den passar fint på t.d. ei lue. No har eg laga den med refleksgarn i logoen slik at den også gjer oss litt sikrare i trafikken. Her er mønster for dei som vil lage si eiga Eida-hue.
Eg <3 Eid-lue

Garn: 1-2 nøster svart garn med strikkefastheit ca 16 m per 10 cm på pinne nr 4,5-5. Ein rest kvittgarn til broderi. Her er det brukt Dale Hegre.
Pinnar: Rundpinne nr 4,5 og nr 5.
Storleik: Barn (Voksen)

Dersom du vil ha reflekslue må du ha refleksgarn frå Seeme.

Legg opp 80 (92) m på pinne nr 4,5. Strikk brot med 2 rette og 2 vrange masker i 10 (12) omg eller ca 5 cm. Strikk glattstrikk til lua måler i 21 (24) cm. 

Vreng lua, del maskene på to ulike pinnar og mask sammen slik du ville gjort på skuldra av ein genser. T.d. sy sammen, strikk saman ei maske frå frå kva pinne medan du feller eller fell fyrst og sy saman etterpå. Det siste ligg det ein instruksjonsvideo til her.

No skal lua sjå firkanta ut. 

Broder «Eg <3 Eid" på lua etter diagrammet under. Dersom du vil ha reflekseffekt på skrifta må du fyrst brodere i kvitt også brodere med dobbelt refleksgarn over maskene etterpå.

Du kan syy ein frynsedusk i kvart luehjørne. Sy gjennom hjørnet med dobbelt tråd ca 6-7 gongar og knyt godt rundt. Det er viktig at dusken ikkje vert for tung. Då står ikkje frynsene oppover. Om du vil kan du blande reflesgarn i dusken òg.

Broderiet kan sikkert brukast til andre ting og i andre fargar òg. Bruk fantasien!

Dette biletet viser reflekseffekten. Det var ikkje så lett å ta skikkelege bilete av ei svart lue med refleks i kveld, men vi får sjå om vi får tatt nokre betre bilete i morgon.
0
0

Strikkedebutant

Iver har knekt strikkekoden, så denne sløyfa har vi samarbeidd om. Han har strikka nesten annakvar pinne sjølv, og på ei lita strikkestund vart det sløyfe. Vi har litt arbeid med å feste trådar og nål på, men den blir omtrent sånn.

– blogga på farten.

0
0

Gratulerer med dagen, Olivia!

 Små nieser er ei god unskuldning til å strikke noko morosamt. Iver og eg fann denne jakka og garnet i sommar, og var heilt sikker på at den skulle Olivia få. I dag vart Olivia 2 år, så då passa det godt å få pakke i posten. Vi lagde ein liten hund som også fekk vere med å gjere den mjuke pakken litt artigare. Det har vore diskutert i familien kva denne typen hund eigentleg heiter: pølsehund, kommodehund, ovnsrør…og andre kreative framlegg. Eg kunne ikkje hugse at det eigentleg er ein dachs før etter ganske lang tid. No har dei i alle fall kome fram til Oslo og får heilt sikkert eit triveleg liv der.

Ravelry-prosjekt og oppskrift.

0
0

Ha ein skummelt fin dag

Litt halloween-moro må vi ha her på bloggen. Desse glasa ser veldig magiske ut og passar andre dagar enn 31. oktober òg. Trikset er å klippe over ein glødepinne (av den typen du knekk, også lyser den av seg sjølv ei stund) og riste innhaldet over i eit glas. Det sprutar litt, så vær ute eller pass på. I går regna det, så vi fann ut at effekten vert dårlegare dersom glødeveska blandar seg med vatn.

Eg fann bruksanvisninga her.

I går hadde vi skummelfest på Holmen. Det hadde regna mykje på førehand, men det gav seg heldigvis i akkurat tide. Som vanleg mykje folk, skummel mat, bål og spøkelser. Dette har blitt ein fin tradisjon, som ungane gler seg til gjennom heile året. Glimt frå tidlegare år her og her.

Mannen med ljåen var også med, men tok heldigvis ikkje nokon med seg. Dei fleste hadde kledd seg ur, så holmen var full av hekser, spøkelser, vampyrar og andre skumle skapningar. Ikkje så mange riddarar og StarWars-menn i år.

Tilslutt viser eg bilete av denne vesle heksa frå 2004. Ho brukte same kostyme i år, og har meldt frå til mammaen om at no er det for lite. Eg trur eg skal ta hintet. Heldigvis 1 år til neste gong…eller tenkte ho på nyttårsafta?

0
0

«Mamma, du må lage ei bursdagsgåve…»

Av og til angrar eg litt på at ungane mine trur at eg kan trylle fram kva som helst på null tid, men det er jo kjekt at dei aller helst vil gje bort heimelaga gåver til venene sine. Denne gongen vart det eitt pennal og ein sminkepung. Modellen  fekk dei ikkje velge, men dekor og fargar skal nok passe til mottakarane.

Og for ordens skuld. Dette tek litt meir enn null tid…

Og mamma innrømmer glatt at det er kjekt å få sy litt, og no når maskina likevel er framme får eg kanskje testa nokre fleire idear?

0
0

Si hei, ver en ven!

Det er BlimE-veke hos NRK Super denn veka, og Iver har laga sitt heilt eige BlimE-band. Han har det fordi han vil vere ein god ven. Han meiner at når ein skal vere ein god ven må ein vere ærleg, snill og ikkje snakke stygt, og det er mamma heilt einig i.

Dersom du vil lage ditt eige BlimE-band og sende inn bilete til NRK Super. Iver sitt er fletta av tre ulike garntypar. Han har fletta inn eit hjerte fordi det viser at du er ein ven.

Dene veka passar det dessutan godt å sjå den heilt ferske tvserien Vaffelhjerte. Du finn episodane i nettv og litt av den fine musikken til Odd Nordstoga finn du her.

Ha ein fin dag og Si hei, vær ein ven!

0
0

Valkyss

I morgon er valdagen her, og i år er det litt spesielt her i heimen. Alfred står på valg, og må nok rekne med å kome inn i kommunestyret. Eg kunne ha sagt mykje om at alle bør stemme på han og slikt, men det greier han heilt fint sjølv.

Mitt valkampbidrag har vore å lære ordførarkandidaten å bake marengs. Ser veldig imponerande ut, men det einaste du treng er eggekvite, sukker og tolmod. Oppskrifta ligg her.

 Uansett kor mykje marengs, muffins, roser og valflesk politikarane sleng kring seg før valdagen er det ikkje det som tel. Det som tel er det engasjementet alle desse politikarane legg ned fordi dei bryr seg om det samfunnet vi lever i. Det er ingen av dei som ventar å få betalt i kroner og ører for alle dei timane dei legg ned, men dei har alle eit brennande ønskje om å gjere ein skilnad og gjere ting betre for oss andre.

Politikk handlar ikkje berre om å krangle, kutte, kreve eller klage. I alle kommunar og alle lokalsamfunn handlar politikk om å bli einige om dei beste løysingane. Og ofte handlar det om prioritering, og dei prioriteringane kan vere svært vanskelege når ressursane ikkje er like store som ønskjelista. Politikarane arbeider med sakene i fleire ledd, diskuterer og tenkjer før demokratiet let fleirtalet bestemme. Eit kommunestyre har mange medlemar, skal spegle kommunen dei bur i, og er like viktige alle saman. Sjølv om nokre tilhøyrer store og andre små parti, er dei ein del av den politiske prosessen.

Eg er imponert og takksam over dei som gjer denne jobben for oss andre i årevis. Iver Nordseth på Smøla har t.d. vore ordførar i 20 år før han gir seg i morgon, det står det respekt av. Og i heimkommunen min Vågsøy trur eg dei kjem til å sakne Geir Oldeide på kommunestyremøte, trass alt!

Landet er fullt av flinke folk på val i morgon, men det er ikkje plass til alle. I kveld skal eg ta meg tid til å kike på alle listene i kommunen. Alle dei som står der skal ha honnør for å ønskjer å vere med å gjere ein skilnad. Kommunen er ikkje større enn at eg vil vite kven dei er. Eg veit også at eit par namn frå andre lister vert med over på mi liste i morgon. Det er folk eg har tru på og tillit til, og gjerne vil skal få vere med å styre kommunen vår.

God val (og heia Alfred)!

0
0