Om ei strikkefarmor – jubileumsklipp #5

I 2010 vart eg farmorlaus. Ho var ei skikkeleg strikkefarmor, den som lærte meg å strikke og lot meg leike med garn og pinnar. Då ho døydde i 2010 skreiv eg om strikkefarmora mi. Godt å skrive då og godt å lese no.

Eg skreiv mellom anna om syskuffa til farmor. No står den syskuffa her hos meg. Den kom hit med alt innhald og alle uferdige prosjekt. Når eg opnar den ser eg at mi handarbeidsinteresse og glede over syskuffa var viktig for Farmor òg. Det var i syskuffa farmor hadde lagt russekortet mitt, og der fann eg den noka eg teikna til ho då eg var fire år.

Eg har ikkje fått meg til å rydde ut farmor sine saker. Syskuffa er som eit lite museum, men eg kikar oppi der av og til, og brukar litt av det som er der. Mellom anna fann eg oppskrifta på farmorhjertene. Ho hadde dei i stoveglasa til jul og hekla mange og gav vekk. I syskuffa låg oppskrifta frå Hjemmet med gulltråd og heklekrok og alt – så no har eg sjølvproduserte farmorhjerter i julepynten.

.

0
4

Tonje Glimmerdal-lua – Jubileumsklipp #4

Tonje Glimmerdal-lue

 

Det blogginnlegget som har hatt størst trafikk er utan tvil det med oppskrift til Tonje Glimmerdal-lua.

I august 2009 fann vi Tonje Glimmerdal-boka i bokhandelen.Ingebjørg hadde ikkje lese så mange «tjukke bøker» sjølv, men med Tonje Glimmerdal skjedde det noko. Eg las annakvart kapittel høgt for ho og ein kveld måtte eg lese fleire. Etter 3-4 kapittel sa eg at no var det natt og nok høgtlesing, og då kom det kjapt: Då les eg sjølv!

 

9788252183429.ashxTonje er og ein strålande rollemodell for ni år gamle jenter, så eg var lett å be då Ingebjørg ønskte seg Tonje Glimmerdal-lue – akkurat som den Tonje har på framsida av boka. Ikkje noko hokus pokus, eller vanskeleg mønster, men mønsteret har levd sitt eige liv vidare. Samlaget fekk laga lua til forfattaren Maria Parr og brukte den på bokmerkekort. Og andre har strikka den, berre sjå her.

I år er Maria Parr festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu, så då har falturiltukomiteen strikka seg luer og delt mønsteret.

12112213_1048111621877767_9219384298655519907_n

 

Etter kvart som Tonje også flytta inn på teaterscena (Det norske teateret har ho på plakaten att i haust), fekk ho nye kle og ny lue. Den oppskrifta finn du i programmet..

 

 

PS Minner om at alle dei som kommenterer på jubileumsinnlegga er med i trekning av premiar. Ikkje så mange kommentarar endå, så det er stor vinnarsjanse.

2
0