#strikkforhavet

IMG_7542

Ingen kan gjere alt, man alle kan gjere litt. Korleis kan du endre dine vanar slik at du brukar mindre plast?

Ein diskusjon over bordet under Strikk og drikk ein søndag i mai førte til at vi fekk laga mønster på strikka fruktnett.

Eingongsembalasje for frukt og grønt kan skiftast ut med fleirgongsposar, og desse er lette å lage sjølv. Det finnest mange gode hekleoppskrifter på slike posar, men her i gruppa finn du ei oppskrift for dei som helst vil strikke.

Eg trur ikkje vi kan redde havet ved å få folk til å strikke fruktposar, men ønskjer at vi skal bli meir bevisst plastforbruket vårt.

Last ned oppskrifta her.

Om garnval:
Noko lett og sterkt som kan vaskast. Bomull eller lin er gode alternativ. Oppskrifta er skrive slik at det ikkje er så farleg kva garn du brukar. Sjå kva du har i garnlageret og prøv deg litt fram.
Her er det brukt middels tjukt bomullsgarn (stikkefastheit ca 20 m per 10 cm) og pinne nr 8.

Pinnar:
For å få eit godt nett må du bruke tjukkare pinnar enn det som står på banderolen. Bruk ca det dobbelte.

Legg opp 48 m på liten rundpinne nr 8. Bruk ein oppleggsmetode som ikkje strammar for mykje. (Denne fungerer godt: https://vimeo.com/6707144) Strikk 1 omg r. Strikk vidare rundt.

Nettmønster:
*dobbelkast, str 2r smn*. Repeter * til * ut omg. På neste omg strikkar du alle m rett. Strikk berre ei m i det doble kastet. Gjenta dei to omg i nettmønsteret tilsaman ti gongar.

Felling:
1. omg: *str 2r smn, (dobbelkast, str 2r smn) gjenta parentesen 3 gongar*. Repeter * til * ut omg.
2. omg: Alle m rett. Strikk berre ei m i dei doble kasta (= 42 m).
3. omg: *1r, dobbelkast, str 2r smn, str 2r smn, dobbelkast, str 2r smn*. Repeter * til * ut omg.
4. omg: Alle m rett. Strikk berre ei m i dei doble kasta (= 36 m).
5. omg: *1r, str 2r smn, 1r, dobbelkast, str 2r smn*. Repeter * til * ut omg.
6. omg: Alle m rett. Strikk berre ei m i dei doble kasta (= 30 m).
7. omg: *3r, str 2r smn*. Repeter * til * ut omg.
8. omg: Alle m rett. Strikk berre ei m i dei doble kasta (= 24 m).
9. omg: Str 2r smn ut omg (= 12 m).
10. omg: Str 2r smn ut omg (= 6 m).

Kutt garnet og dra tråden gjennom resten av maskene. Fest trådane godt og tvinn to snorer. Tre desse snorene gjennom den øvste holrada og knyt dei saman kvar for seg. Dra kvar snor kvar sin veg for å lukke posen.

Har du strikka fruktnett?
Del bilete og merk med #strikkforhavet og #strikkfruktnett.

32116889_1716238971791858_8840827357158703104_n

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar