Om ei strikkefarmor – jubileumsklipp #5

I 2010 vart eg farmorlaus. Ho var ei skikkeleg strikkefarmor, den som lærte meg å strikke og lot meg leike med garn og pinnar. Då ho døydde i 2010 skreiv eg om strikkefarmora mi. Godt å skrive då og godt å lese no.

Eg skreiv mellom anna om syskuffa til farmor. No står den syskuffa her hos meg. Den kom hit med alt innhald og alle uferdige prosjekt. Når eg opnar den ser eg at mi handarbeidsinteresse og glede over syskuffa var viktig for Farmor òg. Det var i syskuffa farmor hadde lagt russekortet mitt, og der fann eg den noka eg teikna til ho då eg var fire år.

Eg har ikkje fått meg til å rydde ut farmor sine saker. Syskuffa er som eit lite museum, men eg kikar oppi der av og til, og brukar litt av det som er der. Mellom anna fann eg oppskrifta på farmorhjertene. Ho hadde dei i stoveglasa til jul og hekla mange og gav vekk. I syskuffa låg oppskrifta frå Hjemmet med gulltråd og heklekrok og alt – så no har eg sjølvproduserte farmorhjerter i julepynten.

.

Tags:
Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar