Draumen om Shetland Wool Week

Etter at eg oppdaga fair isle-strikking, Shetland og og tekstilhistoria derifrå på nytt har draumen om Shetland Wool Week vokst og vokst. Arrangementet har funne stad i seks år, programmet inneheld mykje spennande føredrag, kurs, utstillingar og strikketreff. Dette må eg få med meg ein gong.

Kvart år har Shetland Wool Week ein utvald designar og denne designar eit luemønster slik at alle kan førebu seg til ein hausttur til Shetland. Eg har allereie strikka årets lue to gongar. Bla-blee-lua av Donna Smith er utruleg søt for oss ullglade. Donna Smith er årets «patron» (kva er eigentleg det gode norske ordet her?). Følg bloggen hennar så får du etter kvart lese meir om ullveka.

I år startar Shetland Wool Week i tillegg å gje ut ein årleg katalog med litt mønster og nokre artiklar. Spennande lesing og flotte mønster av designarar eg likar veldig godt. Denne har eg sjølvsgat bestilt, og skal kose meg skikkeleg med i helga. Flotte bilete og mykje å lese. I KnitBritish-podcasten kan du høyre litt meir om katalogen.

Strikk og drikkDet vert ikkje tur til Shetland i år, men eg markerer Shetland Wool Week med å strikke eitt av mønstera frå katalogen. Valet fall på halvvottane Scallafield Handwarmers av Hazel Tindal (). Tindal er kåra til den raskaste strikkaren i verda). Det er litt restar etter Shetlandsjakka att, så garn har eg…om nokon skulle vere i tvil….

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar