Meir sjal-garn

IMG_4536

Sjalklubb-abonnement er framleis ei fantastisk julegåve. Sjølv om eg berre er ferdig med eitt av sjala hittil…

I dag kom garnpakke nummer fire og på fredag kjem mønsteret. Eg er spent. Dette vert eit skikkeleg haustsjal, ser det ut for. Denne veka er eg i full gang etter ferien og det kjennest bra ut. Hausten kan berre kome med lange klare kveldar, bær og sopp i skogen og fine fargar. Eg gler meg og håper dette kan bli varmt og godt i haust – om eg rekk å strikke det.

Garnet er Titus – ei blanding av 30 % britisk alpakka, 20 % bluefaced leicester og 50 % wensleydale longwool. Garnet vert produsert i Yorkshire av baa ram ewe. Eg har ikkje prøvd garn herifrå eller frå dei til langhåra rasene før, så det vert spennande.

Fargane er sjølvsagt også spesielle. Ein tredel av det gule garnet vart levert til farging hos Eden cottage yarns, som farga oransj over det gule. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men du ser det gule gjennom. No gler eg meg til å sjå korleis Ysolda har blanda desse to fargane i mønsteret.

…må berre strikke ferdig den der jakka fyrst…

1 Kommentar
  • MagFly | Haustsøndag

    27. september 2015 at 23:10 Svar

    […] er nummer fire frå sjalklubben. Det går sakte men sikkert framover. Patentstrikk med to fargar, felling og […]

Skriv ein kommentar