Hybridstrikking

IMG_4495

Ny strikkemaskintest – denne gongen med skikkeleg garn frå Shetland.

På Shetland har det vore strikka lassevis med strikkajakker der bol og ermer vart strikka einsfarga på maskin og berestykket med mønster. Kate Davies har laga eit mønster som er strikka slik i Yokes-boka, så no har eg samla mot til å prøve denne forlokkande måten å lage seg ei ny jakke.

Kan de gå raskare? Eg må innrømme at einsfarga glattstrikk er noko av det kjedelegaste eg veit å strikke. Dersom dette går bra kan eg sjå for meg mange spennande prosjekt.

Eg strikkar Cockatoo Brae. Har laga alle maskindelane og samla dei på felles rundpinne. Allereie no ser eg at det vert litt meir montering enn vanleg, men det skal gå bra. Sjølve maskinstrikkinga gjekk veldig fint. Eg var svært spent på kor godt overgangen mellom maksinstrikk og handstrikk ville vise, men det ser førebels veldig bra ut. Neste spenningspunkt er om strikkefastheita stemmer eller om jakka vert alt for stor eller lita.

Følg med…

3 Kommentarar
  • Wool Rocks

    12. august 2015 at 4:54 Svar

    Spennende med strikkemaskin – hadde selv lyst til å strikke dem men gidder ikke all glattstrikken.

    Har hvilke farger komme du til å bruke i bærestykke?

  • MagFly

    12. august 2015 at 13:13 Svar

    Det har eg ikkje bestemt heilt endå. Lys frå i botn og fem sterke fargar, men eg har ti å velgje mellom… i alle fall grønt.

  • MagFly | Mi eiga Shetlands-jakke

    23. september 2015 at 19:20 Svar

    […] når ein strikkar bol og ermer på strikkemaskin er det mykje arbeid på ei tynn jakke i Shetlandsull, men denne jakka var verdt å vente på. […]

Skriv ein kommentar