BEOT-syndromet

BerreEinOmgangTil-syndromet er ganske vanleg, og dukkar opp med jamne mellomrom. Denne gongen har eg fått det kraftig, og det må vere Ysolda Teague si skuld. Av og til gjer BEOT- at både søvn (spesielt søvn), ungar, mat, husarbeid og til og med jobb må vike fordi det som skjer på strikkepinnane er så spennande at eg må strikke ein omgang til, og ein til, og ein til… 

Fredag kom mønsteret til sjalklubb-pakke nummer tre og utløyste BEOT-syndromet. Sjalet Crockern Tor er oppkalla etter ein gamal britisk tingplass i Devon, og der ut som ein halvmåne med tilfeldige hol fordelt utover. Garnet kom nokre dagar før. Det var 150 gram varmgrå, tynn ull frå John Arbon Textiles, også frå Devon. Garnet er mjukt med god spenst og bittelitt sauelukt. Spinneriet har spunne dette garnet spesielt for dette mønsteret og blanda inn svarte fiber frå den nederlandske sauerasen Zwartbles for å få den rette gråfargen. Garnet her då 50 prosent merinoull, 40 prosent frå Polwarth og 10 prosent av den svarte Zwartbles-ulla.

Planen var å ta akkurat dette strikketøyet med på ferie, men då mønsteret kom måtte eg nøste opp og strikke dei fyrste omgangane før eg la meg. 

Det er ikkje alle strikketøy som gir meg BEOT-syndromet  Av og til fordi eg ikkje veit korleis det kjem til å sjå ut, eller at det snart er ferdig. Andre gongar forstår eg det ikkje heilt. Med Crockern Tor må det vere kombinasjonen av mønster og garn som får meg til å ville strikke meir og meir. Andre med BEOT-syndrom? Kva er det som gir deg lyst til å strikke ein omgang til før du legg frå deg for å gjere noko anna?

Eg er ikkje ferdig med det forrige sjalet, Caer Idris, heller. Der har eg ei heilt anna kjensle. Det er interessant, det blir fint, fargen er fint og garnet mjukt som fløyel, men det ropar ikkje "strikk meg, strikk meg", på same måte,

Sjølv med BEOT-syndromet kjem det nok til å ta litt tid før dette sjalet er ferdig òg. Omgangane vert lengre og lengre og den siste er 582 masker. Akkurat no er det 150 masker på pinnen, så det er nokre omgangar att.

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar