Vi ventar på sommaren

Mai har vore innhaldsrik. Vi starta med å konfirmere Ingebjørg, og så har vi stort sett gått frå kakebord til kakebord. Innimellom har vi fått planta litt, ruga kyllingar og sett sola innimellom. Ein skikkeleg vårmånad, men no vil vi ha sommar. 

Vi bur langs Eidselva, og har mange idylliske uteplassar rundt om. Nokre nært huset, og endå fleire ein liten spasertur unna. Bestemor og Bestefar i nabohuset har bestilt utemøblar på eit av utkikspunkta der vi ser godt både oppover og nedover dalen. 

Eg bygde slike i fjor sommar etter oppskrift i Bonytt (nr 9/2014). Impregnerte terassebord, 2"x4" og ein haug med skruar, og vips så hadde vi fine utemøblar. Dei har stått ute i heile vinter, og vert mykje brukt. Denne gongen vart det ein litt kortare variant, men like fine og stabile.   

På strikkefronten er det sjal nummer to i sjalklubben. Denne gongen kom det eit fantastisk garn. Merino og silke frå Triskelion Yarn and Fibre. Fargen er det blåaste eg har sett, og garnet i merinoull og silke omtrent som å strikke med fløyel, Dette vert mjukt å ha i halsen. 

Mønsteret Caer Idris er spennande, Ikkje så vanskeleg, men ein må følgje mønsteret. Resutatet vert eit langt sjal som liknar like mykje på eit skjerf.

Og snart er det ny pakke på veg i posten igjen. Eg er spent på kva Ysolda har funne på denne gongen. Sjalklubben er ei av dei kjekkaste julegåvene eg nokon gong har fått. Ny pakke i posten annakvar månad, og kjekt strikktøy i mellomtida. 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar