Bæ-bæ-hue

Eg fall pladask då eg såg bilete av Baa ble-hua til Donna Smiths tidlegare i år. Mønsteret er laga til Shetland Wool Week 2015 og sjølvsagt inspirert av både shetlandsk ull, veir og sauer. Og som vestlending er det lett å forstå at graset framleis kan vere grønt sjølv om det snør. Denne fyrste hua måtte eg legge opp så snart mønsteret var publisert (gratis her). Det einaste garnet eg fann i farten som passa var Dale Falk. Eg er ikkje så veldig glad i superwash-garn, men Iver vart så fornøgd at han gløymte at det var ull og at det er mai. Dusken bytta eg ut med ein i alpakkapels, for det er så fint.

 

Sjølv fekk eg bestilt ekte shetlandsgarn direkte frå Jamieson's. Eg har ikkje strikka av garn frå denne sauerasen før, så det vert spennande. Mjukt og med god spenst, men det er vnskeleg å vurdere det skikkeleg før plaget er vaska og brukt. Heather-garnet var ganske tjukt og passa fint  til pinne 4,5. 

Garnet var goedt å strikke med, og fargane passa til og med til bunaden. Mønsteret er utruleg kjekt å strikke sidan det ikkje er meir enn to fargar på ein gong. Spørsp, eg må finnepå fleire ting med sauer på.  Eg endra litt på mønsteret til mi hue, sånn at Iver og eg ikkje får lik. Denne vart stripete og utan snø. No er det store spørsmålet. Skal eg ha hue med dusk, eller ikkje?

 

 

 

1 Kommentar
  • MagFly | Draumen om Shetland Wool Week

    25. september 2015 at 17:18 Svar

    […] slik at alle kan førebu seg til ein hausttur til Shetland. Eg har allereie strikka årets lue to gongar. Bla-blee-lua av Donna Smith er utruleg søt for oss ullglade. Donna Smith er årets […]

Skriv ein kommentar