Nytt og gamalt i finull

Det er mykje på pinnane og mykje i hovudet for tida, men ikkje så mykje ferdig å vise fram.

Eg har sortert garnet mitt etter garntjukkelse, og der har det bygd seg opp mykje restar gjennom dei siste 20 åra. Det er så lenge sidan eg flytta heimanfrå og det kan nok reknast som starten på garnlageret. Alle desse restane står på ein måte og stenger litt for nye idear, så i år skal det ryddast (i alle fall litt). Det blå er ei halv blånissehue som aldri vart ferdig og som eg ikkje fann att før etter jul i år. No er nok den tida forbi her i huset, så då rekker eg den opp. 

I ei eiga kasse ligg det mykje restar i finull, og med strikkemaskin i hus fekk eg ein ide. Iver har lyst å lage restegarnsteppe, og eg vil får strikkemaskinteknikken inn i fingrane. Så no har vi nøsta opp masse restar. Etter fire remser ser vi at det blir som vi har tenkte. Planen er som følgjer: 10 remser som er 20 x 140 cm + kant. Remsene er 60 m breie og har striper på 20 omg. Iver bestemmer kva farge som er den neste. Han har blitt ganske flink til å strikke på maskin han òg. Det blir spennande kor mykje garn som går med. Førebels har vi berre tatt dei nøstene som er starta på. Trur det held til 70 prosent av teppet i alle fall.

Dei ferdige remsene vert hekla og sydd saman, stygge kantar skjult og hol fiksa. Det er mykje nybyrjarfeil som skal gjerast på strikkemaskina, men det går betre og betre. I går strikka eg nesten ei remse (620 omg) utan at det skjedde noko gale. Hurra!

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar