Draumen om å strikke på maskin

Farmor hadde strikkemaskin. Ho strikka strømpebukser til alle naboungane fekk eg høyre. Trur desse må ha klødd litt, for eg har høyrt mykje om dei. Strikkemaskinkarrieren var over då ho lærte meg å strikke, men oppskriftene frå 60-talet var der. Fine damer i skigensrar og menn i røykejakke – og instruksar om korleis dette skulle gjerast på Knittax-maskin med garn frå Sandnes. I ein perm hadde Farmor nyheitsbrev om Knittax-maskina og nye oppskrifter. Permen har eg ikkje sett på ei stund, men draumen om å lære seg å strikke på maskin den har eg hatt lenge. Kva kan ein eigentleg gjere og kor fort går det?

Så då husflidslaget skulle arrangere strikkemaskinkurs måtte eg snu meg rundt å få lånt ei maskin. Å kjøpe sjølv før ein veit om dette er noko kjekt var ikkje aktuelt, men med litt hjelp fekk eg spora opp ein KNITMASTER.

Maskina hadde nok ikkje vore i bruk på ei stund, og kor gamal den er og kor mange eigarar den har hatt veit eg ikkje. Ikkje var det bruksanvisning, og eg trur det manglar nokre delar. Men på nett finn ein det meste og strikkemaskin-teknologien er ganske lik, så det var berre å prøve seg litt fram.

Fyrste rundane vart berre krøll og floke. Dette gjekk ikkje, så då var det berre å tråle nettet på jakt etter mogelege feilkjelder. Eg kom ganske raskt til at noko som heitte "spongebar" måtte sjekkast. Denne svampen er ei list som held maskeholdarane på plass passar på at maskene ikkje hoppar av (lurt). Svampen i maskina var heilt flat… Ny svamp vart bestilt, skfifta og vips vart ting mykje lettare. Maskene holdt seg i alle fall på plass.

Det er framleis mange knappar eg ikkje heilt veit kva er, og mykje som ikkje heilt går etter planen, men no greier eg å legge opp, strikke ein prøvelapp som ser ok ut og å lage striper.  Heldigvis skal eg på kurs i dag., så då blir eg sikkert litt klokare.

Eg har også strikka ein buff i ein rest alpakka, men den forsvann Ingebjørg med før eg fekk sett skikkeleg på den etter tørking. Bilete kjem når eg finn ho og buffen att.

 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar