Ut av dvalen

Blogginga fekk seg ein knekk i alt julekaoset, men no er det på tide å plukke opp att maskene. Veit ikkje heilt kva som skjedde, men kjenner meg ikkje heilt heime i det nye bloggverktøyet til Woolspire, men det kjem seg sikkert.

det betyr jo ikkje at eg ikkje har strikka. Noko av det som vart strikka kunne eg jo ikkje vise fram sidan det skulle pakkast inn. Det eg rakk å ta bilete av dukkar kanskje opp her etter kvart, Fyrst ut er den gule genseren, betre kjent som Owlets av Kate Davies. Dessverre vart den for liten til ho som hadde bestilt den, men det gjer ingenting når den passar perfekt til veslesystra. Ho som ikkje fekk har ønskt seg ein annan, så det blir nok bra. Ugle-genseren er strikka i trippelt Daletta frå garnlageret.

Av anna strikkenytt har det dukka opp ei strikkemaskin i huset. Eg har lånt ein Knitmaster 210 fordi eg skal på kurs, og alltid har hatt lyst til å lære å strkke med strikkemaskin. Eg har høyrt mykje om den maskina farmor hadde, og har bunkevis med mønster, så det her skal bli spennande å prøve.

Førebels har det berre vore vase, men etter nokre timar med maskina, bruksanvisning frå internett og You tube fann eg ut kva som (truleg ) er problemet. Svampstaven som held nålene på plass er morkna etter mange år i ein kjellar. Ein ny er på veg i posten, så nården kjem satsar eg på at det fungerer betre. …også skal eg jo på kurs. 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar