Endeleg ein mjuk nok genser

Midt i julegåvestrikkinga oppdaga Iver at det nøstet ag hadde var mjukt nok. Ei lue i Puno-garn kunne ligge på magen utan å klø, og då var ikkje spørsmålet langt unna:

Kan du strikke ein grønnissegenser til meg før nissefesten? 

Han vil jo aldri ha noko heimestrikka, så her var det om å gjere å snu seg rundt litt. Vi gjekk i garnbutikken og fann rette fargen – skikkeleg skoggrøn. Mamma fann fram tjukke pinnar og la alt anna til side. Og etter ei veke var genseren klar. Det er ei veke til nissefest i lada, så vi gjekk til Bestemor sitt nissehjørne for å ta biletei rett miljø.

Det er ikkje brukt mønster, men strikka etter nissekroppen. Det vart raglanfelling med ein vri på skuldrane, og litt høg hals med opning framme. Armane kunne ha vore litt vidare, men passar kjempefint med tynn genser eller t-skjorte under. Garnet er ein tråd Puno Melange og ein tråd Puno Petit, strikka på pinne 10. Godt garn, for det fyller ut maskene og blir veldig fint. Det gjekk ikkje med så mykje garn heller. 3 nøster Puno og  1,5 Puno Petit. 

Grønnissar, spør du kanskje? Det får vere til eit anna innlegg, men dei finst. Eg lovar.

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar