Julehjerter av snorer

No i desember snik juestemninga seg gradvis innover oss, og eg likar at det kjem fram litt og litt meir pynt før den store pyntinga lisjejulafta. I år har eg tatt inn eit lite furutre og hengt opp eit enkelt julehjerte. 

Dette er rett og slett ei strikka snor, eller hestetaumar som nokon kallar det. Andre kjenner det best som i-cord. Du kan lett lage slike snorer med ei strikkelise eller strikke dei på to pinnar. Drops har ein god forklaringsvideo her

Strikk 25 cm snor og kutt av trådenden. La den vere litt lang, for denne skal du sy saman med. Stikk blomstertråd/streng inn i snora sli at du kan forme det til eit hjerte. Eg brukar å bøye til ei lita løkke i kvar ende av strengen. Då stikke den seg ikkje så lett ut att, og du kan feste litt i den.

Når du har foma hjertet festar du trådane og syr saman i spissen. Heng opp! Det er fint å variere hjerta i storleik, garntype og farge. Også kan du sjølvsagt lage andre former en hjerter. 

Sjølv har eg juksa litt og kjøpt meg maskin. Den vert mellom anna kalla strikkemølle, og lar deg sveive fram snorer. Det vart litt rot i starten, men med grundig lesing av bruksanvisning fekk vi det til. Det er viktig å følgje med og sveive jamt slik at den ikkje hoppar over masker. Med eit slikt verktøy opnar det seg mykje nye mogelegheiter og kanskje litt for mange nye planar..

Dette innlegget er ein del av Woolspire sin julekalenderbloggstafett der du kan få juleinspirasjon kvar dag i heile desember. Sjekk ut luka til Sine i går. Ho har lagt ut mønster til kjekke luer. Fine dersom du treng nokre raske gåver. Kvilekaos i går med oppskrift på ein hekla stjerneklut.  I morgon kan du besøke Woolspire for litt meir inspirajon og luke sju. Det går dessutan rykter om ein konkurranse.

God helg!

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar