Mosevottar frå Island

 

Det har vore mykje islandsk strikk i det siste, men for det meste med garn frå Istex. Då eg oppdaga at den islandske designaren Helene Magnusson har lansert eige garn med tilhøyrande vottekolleksjon måtte eg bestille ein liten garnpakke for å prøve anna garn. Gryla er et tynt 2-trådsgarn av islandsk ull, men spunne i italia. Magnusson har laga mønster basert på gamle islanske møntster, men dette er heilt klart moderne modellar. Eg har også lese boka ho har skrive Icelandic Handknits: 25 Heirloom Techniques and Projects. For dei som er interessert i islandske strikketradisjonar er den ei god innføring, der designaren har laga moderne prosjekt.

Frå Gryla-kolleksjonen valgte eg Mosi, mest på grunn av fargane. Vi hadde ein lite hyttetur i helga (sjå kor godt strikket står til bordet), og då fekk eg starta den fyrste votten. For meg er dette eit av dei mest spennande strikketøya eg har strikka på ei stund. Må berre strikke ein omgang til…og ein til…og ein til. Berre for å sjå korleis det blir.  

Så no må eg berre strikke litt til.

 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar