Kan vi starte no…?

Så fort vi bikkar 1. november startar det å krible bakerst i haudet. Det ringe bjøller og min indre julzilla  startar å lage lister. Julegåvelister, julekaoslister, kakelister…og ikkje minst lagelister. Kva får eg laga i år? Til kven. Det er så mykje eg har lyst til, vottar, gensrar, vinflaskenissar, bokhyllenissar, tøfler og julekuler. 

I år har eg lagt alt for mange strikkeplanar og har eit rom med islandsk ull. Tenk om alt kunne blitt julegåver. Det er sjølvsagt plan A, men så dukkar det opp andre planar og andre garnlyster. Og skulle ikkje eg gje den boka? Kvar er plan B? Det brukar å ende opp med ein eller to strikka julegåver, men kanskje er det i år eg får strikka litt meir? 

Og innerst inne veit eg at når eg skal bake meir enn 20 peppekakehus siste veka i november vert det vel ikkje ti vottepar i år heller. Heldigvis kjem det jul kvart år, så trua på det eg får tid til neste år lever godt. Det er å tenke, planlegge og kjenne på førjulstida er det kjekkaste. No har skumnissane dukka opp, så då er det lov til å glede seg. Også skal eg lage noko med bjøller i år…eller neste år. 

 

I tillegg held eg på med noko hemmeleg strikk som ikkje kan avslørast heilt endå. Strikka i det gamle favorittgarnet mitt, Rauma 3-trådsgarn. Eg hadde heilt gløymtat det er så godt. Godt å strikke med, fine fargar og plagg som held seg godt. 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar