Då Arne & Carlos kom til Stårheim

Laurdag starta Arne & Carlos norgesturneen sin hos Eid Husflidslag og Stårheimbygdekvinnelag. Vi tok turen ut heile familien, og var med på strikkekafe i lag med meir enn 130 andre. Arne & Carlos har gitt ut seks strikkebøker på førebels 15 språk og blitt internasjonale strikkekjendisar med sine idear og sitt design. Og det er lett å forstå. Designduoen tek strikkehandtverk vidare, blir inspirert av gamle tradisjonar (og Miley Cyrus) og deler sine idear med resten nav verda. På Stårheim heldt dei ein times føredrag, solgte bøker og prata med folk. Veldig kjekt. Iver hadde med seg Iver-dukka (som manglar kle) slik at han fekk helse på Arne & Carlos.

Arrangementet var ein strikkekafe med klassiske ingrediensar som kaffi, kaker og åresal. Husfildlaget har arbeidd lenge for å få Arne & Carlos til Eid og hadde laga store utstillingar med julekuler, egg, dukker, høner og anna kjekt frå bøkene.  Det skulle eg sjølvsagt ha tatt bilete av, men eg var alt for opptatt av å sjå på det som var laga. Skal hugse det til neste gong…

Ein slik kveld fyller ein med inspirasjon og strikkelyst (om det skulle mangel på det), og eg hugsar alt eg hadde tenkt å strikke frå Arne og Carlos-bøkene. For eg har alle. Bøker fulle av inspirasjon og glimt inn i ei magisk Arne & Carlos-verd fyllt med handstrikk og andre spennande. Det er ikkje det at eg vil strikke alle mønstra som gjer at eg kjøper desse bøkene så raskt dei kjem ut, men dei viser mogelegheiter og inspirere. Også er bileta veldig fine.

No har eg kika gjennom bøkene att, og lyst å legge opp til masse på ein gong. Eg har strikka nokre julekuler før og har nokre idear til korleis eg kan gjere min eigen vri. Det er minst ei mus som ropar på å bli strikka…og høner…og tepper. Men fyrst må eg gjere ferdig Iver-dukka. Den treng berre genser og bukse, ser eg, og det må vi ordne før det vert vinter. 

 

Og, jada, eg fekk det obligatoriske «Då eg møtte Arne & Carlos»-biletet. Veldig hyggeleg!

 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar