Misjonsoppdrag i Aasen-tunet

Av og til kjenner eg meg som ein strikkemisjonær. Å få lov til å snakke om strikking, garn, oppskrifter, teknikkar og historie er uruleg kjekt. Vanlegvis er det mine vener som vert utsett for misjoneringa, men av og til får eg verkeleg snakke for menigheita. Onsdag var der strikkeføredrag om Islandsk strikk-bokaIvar Aasen-tunet, med veldig mykje kjekt publikum. Dei strikka, og det var opp til fleire islandske strikkeplagg. Kjekt å sjå dokke!

Det vart tomt for bøker, så no gler eg meg til å sjå kva som vert strikka. Ingrid frå Volda Mode hadde med seg garn og tok opp bestillingane heile kvelden. Sjølv brukar eg emneknaggen #islandskstrikk på Instagram, og der dukkar det opp spennande modellar heile tida. Kjekt å sjå på variasjon og framdrift.

 

 

 

 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar