Ullungen …og han andre

Eg har ein ullunge…og ein til.

Ullungen Ingebjørg får omtrent aldri nok ull. Som toåring var den gjevaste julegåva sitt eige ullteppe, og det er framleis noko av det kjæraste ho har. 

I dag har ullungen vore så heldig å utvide garderoben med to plagg. Bestemor har strikka haustvottar i alpakka og mamma har kjøpt (!) ny Kari Traa-genser. Kari Traa-ulla er litt dyrare enn anna, men dersom ein skal rekne på brukstid veit vi at denne kjem til å bli brukt. Den ho fekk til jul har også holdt seg veldig godt. Så no kan hausten berre kome.

 

Også har vi han andre. Han som ikkje kan sjå ein ullstilongs utan å få frysningar. 

Heldigvis er det nokre få ting som går an å strikke til han òg. Luer i mjuk alpakka vert godkjent, og denne vart ein suksess. Det er ikkje så lett å vite på førehand. Lua er strikka i patentstrikk i Hexa frå Du store alpakka. Dusken er også alpakka, og så mjuke ting vert godkjente av Iver.

…men vottar frå Bestemor har han takka høfleg nei til.  

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar