Den gule genseren #1

– Går det an at du kan strikke ein gul genser til meg, Tante Magni?

Spørsmålet kjem frå niese #1 på nesten 5 år, og tantehjertet smeltar. Sjølvsagt kan eg det. Etter mange spørsmål, teikning og kiking på bilete er kravspesifikasjonane framleis eintydige: den må vere gul. 

Heime i garnarkivet veit eg at det ligg ein del gule Daletta-nøster. og om nokre få veker har niese #1 5 bursdag.

Vel heime dukkar eg inn i garnarkivet og finn mjuke, fine, haustgule nøster som ropar at dei vil bli gul genser. Dei er kjøpt på eit opphøyrssal ein gong, og har venta på ein god ide (eller påske), Kanskje litt mykje oransj i den, men eg trur det blir godkjent.

Neste steg er mønsteret. Lage sjølv etter mål, monstergenser, islandskinspirert, fletter? Alternativa er mange, og er strikkar ein prøvelapp med litt ulike variantar. Kan tigergenser vere noko?

Til slutt måtte eg inn på Ravelry for å finne inspirasjon, og der dukka det sjølvsagte valet opp. Owlets av Kate Davies har vore langt oppe i strikkekøen heilt sidan det kom, kjøpt det og har lese gjennom oppskrifta mange gongar, så det må bli den. Prøvelapp nr to viste att tredobbelt Daletta vart heilt perfekt, så då er eg i gong. Det blir ugleungar!

 

 

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar