7. desember

Då eg var lita feira vi jul hos mormor og morfar utan for Oslo anna kvart år. Der hadde dei mange tv-kanalar allereie på åttitalet, og eg hugsar at denne songen traff meg midt i magen på lisje julafta i 1985. Eg og pappa sat i sofaen og såg denne musikkvideoen medan det vart pynta rundt oss. Så mykje meir kan eg eigentleg ikkje hugse frå den jula.

Eg var ni år og etter det har Last Christmas med Wham gitt meg flashback og den ultimate julestemninga. Enjoy!

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar