3. desember

Ein av dei tinga eg ønskjer meg til jul er tid til å sitte heilt i ro og strikke. Sdjølv om eg greier å smette inn nokre masker her og der, og passar på og alltid ha noko med meg vert det ikkje nok i kvardagen.

Difor er det heller ikkje haugevis med heimestrikka julegåver frå mi hand. Dersom eg skal strikke noko til nokon må det vere klart lenge før 1. desember, og så langt i planlegginga kjem eg sjeldan. Ikkje får eg så mange heimestrikka gåver heller. Folk reknar med at eg strikkar sjølv. Det dei ikkje tenkjer på er at akkurat fordi eg strikkar sjølv set er ekstra stor pris på at nokon andre strikkar til meg. Eg tek heller ullsokkane frå farmor, og bursdagssjalet frå mormor enn dei eg har laga sjølv.

Eg vert difor kjempeimponert over dei som planlegg heimestrikk til jul. Spesielt er Yarn Harlot i ei klasse for seg sjølv. Eg kan ikkje sjå at ho har starta årets innspurt, men kik i desember arkiv frå dei siste åra, så ser de ein imponerande strikkekustus.

Ha ein farmleis strålande desember. I morgon skal eg oppsummere nokre av dei andre som driv med julekalenderblogging. Det er ein mangslungen gjeng. Start med Bård Vegar Solhjell sin adventsserie om David Bowie.

Eg minner om at dei som kommenterer tre gongar eller meir før julafta er med i nyttårsgåve-trekking.

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar