For jenter med fart og sjølvtillit


I haust kom ei ny jente inn i liva våre. Rykta hadde gått om ei forrykande jente som heitte Tonje, og at Maria Parr hadde skrive ei fin forteljing frå ein stad som heiter Glimmerdalen. Ingebjørg vart blodfan frå fyrste bokside, så at mamma skulle strikke Tonje-lue var sjølvsagt. Det var ikkje så vanskeleg. De finn mønsteret nedanfor.

Maria Parr er med god grunn nominert til både Brage-prisen og Bokhandlarprisen for Tonje Glimmerdal. Vi kryssar fingrane for den komande veka.

Tonje Glimmerdal-lue
For jenter med fart og sjølvtillit.

Lua er inspirert av Åshild Irgens sine illustrasjonar til boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Boka kan du mellom anna kjøpe her.

Garn: Lilla garn med strikkefastheit ca 17 m per 10 cm på pinne nr 4,5-5. Her er det brukt Free Style frå Dalegarn.
Pinnar: Rundpinne nr 4,5 og nr 5.
Storleik: Tonje (Tante Eir)

Legg opp 80 (90) m på pinne nr 4,5. Strikk brot med ei rett og ei vrang maske i 15 (17) omg eller 6 (7) cm. Strikk glattstrikk i 19 (21) cm.

Vreng lua, del maskene på to ulike pinnar og mask sammen slik du ville gjort på skuldra av ein genser. T.d. sy sammen, strikk saman ei maske frå frå kva pinne medan du feller eller fell fyrst og sy saman etterpå. Det siste ligg det ein instruksjonsvideo til her.

No skal lua sjå firkanta ut.

Sy ein frynsedusk i kvart luehjørne. Sy gjennom hjørnet med dobbelt tråd ca 6-7 gongar og knyt godt rundt. Det er viktig at dusken ikkje vert for tung. Då står ikkje frynsene oppover.

Og så er det berre å sleppe jentene ut.

1 Kommentar

Skriv ein kommentar