Geek pullover #1

Snurregenseren er i produksjon. Fronten vert laga ved at du fyrst lagar eit kvadrat sett saman av åtte (!) trekantar. Så plukkar du opp masker langs ei side og strikkar ein trekant mens du feller til du har ei maske att. Det samme gjer du langs alle sidene. Då har du eit nytt kvadrat og gjentar runden. Det er ikkje så vanskeleg som det høyrest ut…heldigvis!

Sidan eg ikkje brukar heilt samme garn som i oppskrifta vart den litt mindre, men då var det berre å ta ein ekstra runde. Iver er fornøgd, prøver stadigvekk om den passar på magen og den siste kommentaren var: «Den er så flyktli kjempemjuk!».

Eg håper å få ferdig fronten i løpet av kvelden.

The geek pullover is really fun to knit, and Iver is really looking forward to get his «soft pullover with swirl». I’ll finnish the front this evening.

…to be continued…

1 Kommentar

Skriv ein kommentar