Miniswap sniktitt/ Miniswap sneak peak



Molly
arrangerer miniswap i år også, og vi har fått vere med. Vi skal sende pakke til Elliot og Courtney i Michigan. Elliot er akkurat like gammel som Iver, så det passa ganske bra. Iver har vore med å bestemme kva vi skal lage og sende, og i dag lagde vi memory spel. Resten av pakken har Ingebjørg hjelpt til med, men det får vere hemmeleg til den kjem fram til Elliot.

Då eg var omtrent like stor som Iver er no lagde mamma eit slikt spel til meg. Det er eit av dei viktige barndomsminna, og bileta frå det spelet hugsar eg veldig godt.

Eg kunne difor ikkje tru mine eigne auge då eg var i ein bokhandel på jakt etter glans til memory spel tidlegare i veka. Der var akkurat dei samme blida. Heilt like, med like mykje glitter og identiske fargar. Det er vel ikkje nødvendig å fortelle at eg kjøpte litt ekstra…

We are participating in this years miniswap, and got Elliot and Courtney as partners. Elliot and Iver are the same age, and Iver has helped finding out what to send. Today he even made a game – with a little help…

The rest will be a secret until the package arrives in Michigan.

When I was about three years my mum made me a memory game. I’ve always loved the pictures on those cards, and I didn’t belive it when I found exactly the same pictures in a bookstore earlier this week. I bought a few extra…

1 Kommentar
  • […] der ein bytta garn m.m. Mellom anna fekk ungane sende pakkar til ungar i andre land – veldig kjekt og spennande. Etter at vi flytta, ungane vart større og livet litt anleis har vi ikkje prioritert det. Kanskje […]

Skriv ein kommentar