Fleire kosedyr

Eg driv å testar den nye symaskina mi. Det er så mykje lettare å ta fram ei maskin som ikkje fuskar, som ikkje er så tung, som taklar «mjuke» stoff… Super bursdagspresang! Resten av familien skulle nok ynskje at eg hadde eit eige symaskinrom, for eg tek opp heile kjøkenet med symaskin, stoff, tråd, strykejern m.m.

Når eg fyrst skal sy kan det like gjerne vere kosedyr. Eg driv å prøver meg fram for å finne ut kva «mjukisar» som er mine. Kva er mogeleg å få til av alle dei ideane eg har i hovudet?

Denne kaninen er heilt sikkert inspirert av noko eg har sett ein plass, men den er litt min likevel. Skikkeleg mjuk og god og babytilpassa. …og eg hadde aldri greidd det på den gamle symaskina!

Sjekk ut merkelappen min:

Ingebjørg har også fått designe sin eigen figur. Ho har teikna og klipt, men mamma har sydd det meste. Auge og munn har ho brodert på sjølv. Eg er imponert over kva ho får til.

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar