Karnevalsutfordringa er løyst

Her er ungane mine klare for karneval i barnehagen. Ingebjørg ville vere ein «My little ponny» som ho trur heiter Starcatcher, og Iver fekk litt hjelp med å velge høne. Valet var nok rett, for han har hoppa rundt og sagt «klukk-klukk» i snart eit døgn.

Eg har brukt fleece som utgangspunkt for begge kostyma fordi det ikkje trengs så mykje sikk-sakk. I tillegg er det ganske tøyeleg, og med mine symaskinkunnskapar passar det ganske bra.

Til høna tok eg utgangspunkt i ein hettegenser eg fann blant Iver sine kle og la den oppå stoffet mens eg klipte. Fyrst klipte eg ut hettedelane og dobbel hønekam. Kammen var sydd, vrengt og lagt inn mellom saumen på toppen av hetta. Foran på hetta bretta eg inn og sydde fin kant.

Hetta er det viktigaste, så då tok eg eit stort stykke fleece og sikta til eit hol som passa midt på. Når hetta var sydd i kunne eg prøve på Iver og sette merker til sidesaumane. Tilslutt klipte eg til rett fasong og hakkete venger. Den vesle høna raste avgårde og sa fornøgd: «Mamma stlikka hønedenser».

Hesten er laga etter samme hettegenser-mal. Her måtte eg lage manen fyrst. Nesten alt garnet vart surra rundt ei passande bok før eg klipte på eine sida. Garnet vart sydd fast til ei smal stripe stoff før eg la det mellom hettedelane. Då er det ikkje så lett å dra ut håret etterpå.

Ingebjørg fekk prøve hesten mens eg fann ut kvar alle detaljane skulle festast. Øyrer og venger er klipt ut på frihand, lagt dobbelt, sydd, vrengt og festa på rett plass. Også måtte vi klippe luggen litt :-). Treng eg fortelle at denne hesten har vore mykje ute og galoppert i dag?

1 Kommentar

Skriv ein kommentar