Nettsveip #1

Det er mykje inspirasjon på nettet, og ynskje om å dele litt av denne inspirsjonen er ein av dei viktigaste grunnane for meg til å blogge. Eg har difor laga meg ein eigen «spalte». I Nettsveip vil eg peike på nokre av dei kjekkaste sidene å sveipe innom innimellom. God tur!

Jess Hutch Craft er ein sjølvsagt stad for meg sidan eg er spesielt glad i å strikke små vesen. Jess lagar også strikka «dyr» i alle variantar, og har ei gratis kaninoppskrift på sida si. I siste nummer av Knitty er Kate Jess Hutch sitt design.

Camilla Engmann er også ein av mine favorittar. I butikken hennar kan du sjå mange hekla figurar som verkeleg ser ut til å ha sjel. Desse er ikkje klassiske amigurumiar, men vel så sjarmerande etter min smak.

Til slutt Fiona Dalton. Enjoy!

PS Eg vi gjerne ha tips om kvar eg kan sveipe vidare. Legg gjerne att ein kommentar.

Ingen kommentarar

Skriv ein kommentar